Viser innlegg med etiketten barndomsglimt. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten barndomsglimt. Vis alle innlegg

fredag 10. juni 2011

glimt frå barndomen - 3

Sommaren 1995 fekk min kjære onkel Thore si Reidunn. Tante Reidunn sto vakker krunebrur og kyrkja var full av bunadkledde gjestar. Kristian-bror og eg, som på den tida var tre og fem år gamle, fekk vere stolt bruresvein og brurepike. 

Eg hugsar utruleg godt korleis det var å få ta på seg den nydelege mormorsydde brurepikekjolen medan mamma forklarte oss at det var viktig at vi sat fint i kyrkjetrappa under vigsla - det betydde nemleg ulukke dersom bruresveinane og -pikene såg på brureparet medan presten prata. Difor måtte vi sitje pent og pynteleg med ryggen mot alteret og ikkje prate eller tulle. 

I byrjinga av seremonien gjekk alt etter planen. Men så, til mi store forskrekking og gru, gadd ikkje Kristian å sitje fint meir. Han byrja først å makke seg nedover trappa medan eg gjorde mitt beste for å oversjå at han var så dårlig til å oppføre seg. Sjølv skulle eg jo klare å vere eit prakteksempel!

Det var jo berre eit spørsmål om tid før Kristian fann ut at han ville sjå kva som eigentleg føregjekk framme ved alteret. Eg prøva forgjeves å hinte til han om at han ikkje måtte snu seg, men ein treåring er ikkje lett å irettesetje utan å skape bråk, så eg måtte berre gje meg. Eg sat med klump i halsen, redd for at onkel Thore og tante Reidunn ikkje skulle få gifte seg likevel. Dumme, dumme bror min!

Heldigvis vart dei jo sjølvsagt godt gifte og festen varte heile natta med markblomar og bål i fjæra. Magisk. 

fredag 3. juni 2011

glimt frå barndomen - 2

Eg har nok alltid vore både sta og sjølvstendig. På heimefilmar frå barneselskap snakkar eg alltid høgt og tydeleg og er oppteken av å få merksemd. Eg fortel om at eg kom først inn i bilen, at eg vil ha kake først, at eg kan blåse ut lysa og så vidare.

Men sjølv om ein er flink til å fokusere på alt ein er flink til, så har eg absolutt fått erfare at det kan lønne seg å ta imot hjelp av og til òg. Eitt resultat har vi her:
Flinke-Sol på snart fem år hadde lært seg å bære sekken på berre den eine skuldera. Då eg kom i barnehagen var eg sjølvsagt snar med å vise fram nye kunstar, og då barnehagetantene spurde om dei ikkje skulle hjelpe meg med sekken opp trappa, svara eg kjekt og freidig at "neida, det går heilt fint, det!". 

Eg hugsar det godt enno, for eg var ikkje komen lenger enn tre trinn opp før eg trakka på ei reim frå sekken. Før eg fekk strekt ut hendene framfor meg hadde ansiktet kræsja med neste trappetrinn og det var blod over alt. 

Etter det hugsar eg ikkje meir før eg sat på legevakta med lovnader om tyggis viss eg greidde å ikkje grine medan legen stakk bedøvelsessprøyta. Eg beit tennene saman, og kunne seinare returnere til barnehagen med ein heilt eigen tyggispakke og tøff lapp over auget. Det var litt kjekt at alle dei andre var så spente på korleis det hadde gått, men fullt så artig var det ikkje at femårsdagen måtte feirast med stort plaster i andletet. 
Krølla hår og gullkrune gjorde likevel susen. 

Både før og etter den episoden har eg opplevd å gå skikkeleg på trynet, på fleire måtar. 
Eg kryssar fingrane for at eg har lært eitkvart kvar gong.

fredag 20. mai 2011

glimt frå barndomen - 1

Då eg var lita reiste vi ofte til Grimstad om sommaren. På campingferie. Vi drog alltid til den same campingplassen der dei hadde to sandstrender og tre leikeplassar og utlånssyklar som ein kunne bruke viss ein hadde vaksne med seg. Dessutan hadde den eit eige rom i garderoben der det sto ein liten do, slik som dei har hjå helsesyster. Den var akkurat passeleg stor til meg, og eg var kry som få over at eg fekk gå på den åleine.
(Steffen, Kristian og meg atmed (oppå) mamma og pappa sine vener)
Vi brukte å reise saman med eit venepar av mamma og pappa, som hadde ungar om lag på vår alder. På den måten hadde vi alltid nokon å leike med dagen lang, men som den eldste av ungane meinte eg at eg måtte få lov til å finne meg andre vener òg.

Ei av campingvenninnene mine heitte Camilla. Ho var eitt år yngre enn meg og var på campingplassen i Grimstad minst like ofte som eg var. I ettertid har eg tenkt på henne fleire gonger, men utan etternamn eller andre opplysningar er ikkje håpet så stort. De kan jo seie ifrå om de kjenner henne att. Eg trur ho kom frå ein stad i nærleiken av Grimstad, og skal altså vere fødd i 1991. Og campingplassen heitte Marivold.
(Camilla i midten, syster hennar til venstre og meg til høgre)

No lengtar eg for alvor etter skikkeleg sommar!