Viser innlegg med etiketten hus og heim. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hus og heim. Vis alle innlegg

mandag 19. desember 2011

industrilampen



Eg kunne ha betalt 1.400,- norske for ein slik på epla, eller 2.800,- danske her, eller kanskje 2.800,- i svenske kroner. 

Men nei, så mykje pengar klarer eg nok ikkje å bruke på noko eg garantert kjem til å bytte ut  om ikkje så veldig mange år. Trur eg, då. Industrilampa er nok ein trend, og den dukka opp for ganske lenge sidan, så eg blir i alle fall ikkje sjokka om eg skulle finne på å gå lei.

Men om eg no skulle ende opp med å like denne i mange år framover skal eg jo ikkje klage på at den var gratis. Eller vent no litt. Eg klagar jo ikkje uansett!

lørdag 10. desember 2011

førjulskveld

Heimen vår blir stadig meir julepynta. I dag var eg innom mamma og dei for å finne mi fine, lilla julekasse. Full av nissar og englar og raude dukar. Godteskåla er eit resultat av ein kjærast på sjølvstyr. Han plukka sjølvsagt aller mest av det han likar best, men heilt ærleg kjem eg vel ikkje til å svelte, eg heller.


fredag 11. november 2011

å skape ein heim

I det siste har det skjedd mykje på Lid. For det første har Sandra fått sitt eige rom nede i kjellarleilegheita der Thomas og eg held til om nettene, og for det andre har eg flytta skikkeleg inn. Eg har jo stort sett budd der ei lang stund, men no har eg kommodeskuffer til berre mine ting og vi har bestikk som er vårt

Eigentleg skulle eg ned att til Oslo tidleg denne veka, men plutseleg var flyet mitt innstilt, og eg fekk bli med tilbake frå Ørsta med kjøleskåp på tilhengaren og kribling i magen. Tysdag kom sofaen og den nye benkeplata til kjøkenet på plass, og endeleg kjennest leilegheita skikkeleg ut som ein heim der vi bur ilag alle tre. Litt av ungkarspreget er der enno, men det er med på å gje meg ei kjensle av at det er vårt. Ingen har blitt overkøyrde når avgjerdsler har blitt tekne, ingen kjenner seg utafor. 
Og så har vi jo fått ein million sitjeplassar! Dei gamle sofaane tok like stor plass, men hadde berre ein kapasitet på fem personar. 

Vi er ikkje ferdige enno, og eg gler meg som ein unge til å vise fram det endelege resultatet, men uansett synest eg det er viktig at de legg merke til dynamittkassa som vi har pledd i. Den er ein favoritt. 

No eg eg tilbake i Oslosenga mi. Silje og eg åt pasta til kvelds, og eg passa på å ete til eg nesten sprakk, for i morgon skal eg ta mandlane! Det inneber at kveldens nydelege Siljepasta mest truleg blir det siste skikkelege måltidet eg får ete på lenge. 

Eg gler meg, men ønsk meg gjerne lukke til (eller kirurgen, kanskje) likevel. Blir godt å få det unnagjort, men nokon dans på roser forventar eg ikkje

fredag 21. oktober 2011

dudliatten tei for sola og deg og meg

Det går betre no. Natt til i går fekk eg overnatte hjå Sigrid, som alltid er fantastisk. Og det å vakne til eit smilande Elias-fjes er heller ikkje ein dum ting! 

Sjølv om første forelesning vart ein kamp om å halde auga opne, klarte eg å vere kjempeeffektiv utover dagen. Dermed kunne eg i dag stå opp til synet av ferdigsorterte strikkepinnar i vindaugskarmen.
Som du kanskje kan sjå skin sola her. Det betyr at eg skal vandre til skulen med solbriller og mormorskjørt på.
Der skal nokon teste om eg har lært det eg skal dei siste vekene før eg dreg vidare på besøk til Ann-Kristin som skal sminke meg ein gong til.

Men aller først skal eg drikke ein kopp te og ringe kjærasten. <3

tirsdag 18. oktober 2011

don't let the bed bugs bite

Gårsdagens innsats i Thomas si leilegheit gjorde det klart for første overnatting på nytt soverom. Vi har verken måla der eller rydda skikkeleg, men éin ting er sånn nokonlunde på stell. Nemleg den nye senga. Den latterleg høge senga. 
Eg må rett og slett klatre for å kome meg opp, men komforten er heilt upåklageleg. No er det om å gjere å rydde alle kleda våre fint ned i skuffene og få orden på resten.

Eg vil ikkje tilbake til Oslo.


søndag 14. august 2011

sol i oslo

Fem bilete, eit par mailar og ei hyggjeleg telefonsamtale var alt eg hadde fått då eg takka ja til å flytte inn hjå Silje. Trass i alle åtvaringar fekk den kjekke stemma frå Sykkylven meg til å ta sjansen på ei usett leilegheit. Og det er eg glad for!

For det første er Silje her. Ho er snill og fornuftig og praten flyt lett over vafler og kaffi og smoothie, vegetarlasagne og raudvin, lapskaus og bykart. Vi har allereie rukke å treffe vener over ein halvliter og eg fekk pakke vekk Thomas-sakn for ei stund. Kan nesten ikkje forstå at eg har vore så heldig.

Dessutan er leilegheita nesten meir enn eg kunne drømt om, og i alle fall meir enn eg hadde våga å håpe på. Silje har innreia med diverse loppisfunn og arvegods og litt nytt, til ein miks som eg allereie er blitt glad i. Rommet mitt har ein fin skatt av eit nattbord ved sidan av syskrinet og no er skrapekartet på veggen. I stålampa heng tante-pippipar og kikar på postkort frå London og Paris. Det einaste som manglar er igrunn den godaste eg veit, men han er langt, langt vekke...



torsdag 28. april 2011

röda clara, röda skor

I går kveld knytte eg på meg dei fine lilla joggeskoa mine (for første gong i år, trur eg faktisk) og jogga meg nokre km (om lag åtte) av garde langs fjorden. Lyset var fantastisk,sjølukta var forfriskande, og mine oklar, kne og leggar verkte som eit helvete. Då eg endeleg var framme fekk eg dusje og leggje meg og gle meg til den uunngåelege gongsperra som berre venta på å slå seg saman med betennelsessmertene.
Akkurat som eg tenkte har eg dermed brukt litt ekstra energi på å gå normalt i dag, og noko seier meg at eg bør prøve å unngå asfaltjogging for resten av livet. Vi får no sjå på det, ja...

Saman med Thomas og søte Sandra tok eg ein snartur til Ørsta i dag. Der var eg innom bruktbutikken (driven av Misjonssentralen) og fann meg ein Röda Clara boksopnar til nokre småslantar.
Det passa fint med mine raude nesten-converse som tilfeldigvis dukka opp om morgonen før vi drog.
Raudt er fint!

tirsdag 19. april 2011

morgon

Tysdag feriemorgon, og eg er vaken før åtte. I går vart måling og soling på terrassen i fantastisk temperatur. Geir kom på besøk og var humørspreiar, før vi drog og grilla litt med gode og gamle og nye vener. Eg drakk ikkje, men på slutten hadde eg faktisk så lyst på vin at vi nesten starta på ei flaske då klokka var nærare tolv. Då hadde Geir allereie vore øsen og tullete i minst tre timar, og mor hans hadde lagt seg. 

I staden drog eg av garde og fekk dusje og kose til eg sovna som ein stein. Så reiste eg heim att, og no skal eg gjere ting før hyttetur seinare i dag. 

Herr Kommode skal bli grøn. 

Og systrene Stol skal få seg ein grundig vask og etter litt reparasjon mest truleg bli grøne, dei òg. 

Denne veka er for meg mykje koseleg arbeid, og det er kjekt å vere litt kreativ (eg har endå eit prosjekt på gong, nemleg). DIY-bloggar og andre spennande nettsider blir hyppig besøkt. Så viss du har tips til slikt, eller berre lyst til å vise meg noko kjekt, må du sende meg ein mail eller leggje att ein kommentar! ;)

tirsdag 12. april 2011

rullegardin på sol-vis

På rommet mitt var det tidlegare ei svart rullegardin som dekka for det vesle takvindauget mitt. Det var litt for dystert for meg, og sidan rullegardinopplegget i seg sjølv er ganske greit, så berre nytta eg det eg hadde. 

Utgangspunktet er ei heilt vanleg rullegardin frå IKEA, av den manuelle typen (med snor, altså). Eg starta med å måle opp stoff utifrå høgda på vindauget og rullegardinbreidda (det er greitt å ha litt å gå på i breidda, i alle fall ein cm på kvar side). 

Så sydde eg fast den nedre kanten av gardinstoffet rundt den som allereie var på rullegardina (det treng ein ikkje, men eg ville gjerne ha den ekstra stabiliteten der), og klistra blomestoffet fast utanpå det svarte med dobbeltsidig tape, for å få det jamt og beint.
Deretter sydde øvre kant av blomestoffet fast på det svarte. Opprinneleg hadde eg tenkt å late det vere dobbelt, sidan det svarte stoffet er lystett, men etter eit par prøverullingar vart det heilt tydeleg at det ikkje gjekk. 

Dermed klipte eg av det svarte stoffet bak blomane.

Og etter det gjekk rullinga som ein leik!

Det å ha ei slik gardin i takvindauge byr på ei lita utfordring, nemleg å finne ein mekanisme som kan halde på den nedre kanten (så gardina ikkje heng rett ut i rommet), men som enkelt kan losnast når ein vil sleppe sollyset inn. Pappa har løyst det med ein slik sak som ein set fast krykker eller kosteskaft i.
Enkelt og veldig praktisk, men ikkje spesielt pent. Eg ser for meg ei ordning med magnetar på baksida. Det burde bli like enkelt og meir usynleg. Inntil vidare ser det slik ut:
Og det går jo greit, synest eg. 

torsdag 7. april 2011

waverly

Eg har delteke  i ein giveaway på sfgirlbybay, der ein kan vere ein av dei ti heldige som får ein bunke vakre, fargesprakande stoff tilsendt. Eg vart freista, i alle fall!
(bilete henta frå sfgirlbybay.com)

mandag 4. april 2011

ein liten smakebit

No er det ikkje lenge att! Golvet skal sjølvsagt ikkje vere svart, men meir får de ikkje vite før eg kan vise ferdig-bilete. Gler meg!

tirsdag 22. mars 2011

sjå kva som skjer

Det skal bli fantastisk deilig å flytte inn på eit soverom, i staden for å bu i ei halvvegs oppussa stove/kjøken/gang der sagflis ligg over alt og straumen er skrudd av. Privatliv, her kjem eg!

Og no har det skjedd ting:
    
Etter fjerning av ei stygg, svart brystningslist og massevis av lyseblå barnetapet med pusekattar på, dukka denne freshe gulfargen opp. Mykje pussing, sparkling og vasking seinare har eg no grunna ferdig alle veggane så dei er kvite (heilt til venstre og heilt til høgre på bileta, og under her).



Både skåpdørene og golvet var svarte, men det blir det slutt på! Lyse veggar og eit herleg tjukt teppe skal ta over. 

Fornying i seg sjølv er jo kjempekjekt, men det er litt ekstra tilfredstillande å kunne tenkje på at eg har gjort alt sjølv (viss vi ser vekk ifrå tapetseringa, som eg ikkje trur eg skal prøve meg på). Trass i at alt kanskje ikkje vert hundre prosent perfekt, så er det i alle fall gjort av meg. 

fredag 18. mars 2011

pakkepakkepakkepakke

Tapeten og gardinstoffet er her!


Eg er kjempefornøgd hittil. Det ser kanskje litt mykje ut når det ligg ilag slik som her, men på rommet skal eg sjølvsagt porsjonere det ut litt så det ikkje blir så voldsomt. De får no sjå det når det er ferdig!

fredag 11. mars 2011

alt ein kan lære


Å dekkje bordet til kvardagsmiddag
Å ete spaghetti, som er ein "ny populær hverdagsrett i Norge"
Korleis ein skal setje seg pent (med grundige illustrasjonar også av korleis ein ikkje skal setje seg)
Kva for fargar ein kan velje på tilbehøyret ut frå hovudfargen i antrekket
Korleis dyr ikkje ser ut
Korleis ein ikkje skal sitje på toget
At ein ikkje må gå rundt utan klede på seg (og å halde seg for munnen når ein hostar)
Korleis ein skal te seg med alkohol innabords (og det er heilt greit å røykje i maten, må du vite)
Generelle køyrereglar for kor ein skal gå i forhold til kvarandre
Og så kan ein sjå korleis ein ferierar eller er på dansefest i fine kjolar


Alle bilete er henta frå "SKIKK OG BRUK" av Waldemar Brøgger, 1960


kiss-kiss



Supersøt karamellboks med pusekattar på. Passar perfekt til å ha teposar i, eller søte konfektbitar eller kanskje til og med ekte, heimelaga fløytekaramellar?

mandag 7. mars 2011

slappemax

Ny dag, ny veke. Max, den Hellige Birmaen til mamma, har kasta opp ein del dei siste dagane, og i dag er han berre slapp og nektar å ete. Og sidan alt han har prøvd å ete dei siste dagane har kome oppatt og ingenting har kome ut i den andre enden, så har eg ordna veterinærtime til han seinare i dag. 


Då får vi sjå om vi kanskje finn noko som sit fast i magen eller halsen hans, og forhåpentleg kan vi få han frisk i ein fei. 

I mellomtida har eg nytta sjansen til å fortsetje tapetskrapinga på det som skal bli soverommet mitt. Det er støvete og travelt, og skrapelyden overdøyvar for det meste radioen, så eg blir raskt lei av å stå der. Jammen bra eg har hundre andre ting å styre med!

Støvet gjer òg at eg den siste veka har vore nøydd til å vaske håret kvar dag. Det er jo ikkje bra, så i dag har eg vore lur og pakka inn hovudet i eit skaut. 



Fy søren kor smart eg kan vere når det trengs.