onsdag 16. mars 2011

mary and max

Mary er 8 år og bur i Australia. Ho har ein hane, ein far, og ei mor som kjem med eigenkomponerte forklaringar på dei store spørsmåla i livet. Dei einaste venane hennar har ho laga sjølv, og ho ser på verda med undring. 



Ein dag finn ho ein telefonkatalog frå USA, og ho lurer på om verda der er den same som ho lever i. Ho vel ut eit tilfeldig namn, og sender brev til Max. 



Max er 44 år, men verda fortonar seg om lag like underleg og vanskeleg for han, som den gjer for vesle Mary. Brevet hennar får uante konsekvensar for dei begge, men for første gong opplever dei venskap - på godt og vondt.


Mary and Max er morosam på dei rette stadene og uendeleg trist. Det er som om Mary og Max kjem og dreg fram all einsemda og angsten som eg har gøymt inni meg så eg må snufse og gøyme meg litt bak teppet fordi det kjennest så sant. 

ting eg skal gjere før Paris

  • Farge håret (raudt igjen, sjølvsagt)
  • Lage ei lita liste over stader å besøke/ting å sjå
  • Reparere reiseveska
  • Tapetsere og måle soverommet
  • Kose litt med han eg likar best
  • Besøke Mattias i Oslo
  • Treffe Sigrid i Oslo
  • Konsentrere meg om å ha det bra
Eg skal til Paris snart. Det har eg allereie nevnt  eit par gonger, men eit par gonger er ingenting i forhold til kor mykje eg tenkjer på det. I dag kjennest det ubehageleg og eg gler meg ikkje eigentleg. Eg er redd for sakn og einsemd og kanskje å berre ikkje få til noko. Men det vekslar heile tida, og inst inne veit eg nok at det kjem til å bli bra berre eg vågar. 

Viss nokon har tips til punkt 2 på lista er det berre å komme med det! Eg har heller ikkje bestemt meg for hotell, så eg blir takknemleg for alle innspel når det gjeld soveplass. 

tirsdag 15. mars 2011

kvifor eg likar meg

Ei lita ego-liste må til på ein dag der verken kropp eller sinn vil samarbeide. Og det er jo bra å tenkje over kva ein har å setje pris på ein gong iblant. Det vil eg oppfordre alle til å gjere! I dag startar ei veke som eg er førebudd på å kjempe meg gjennom. Eg skal møte den med oppbretta ermar og knytte nevar. Viss angsten skal ta meg, så skal han få jobbe hardt for det. 

Eg skal snart reise til Paris heilt åleine, på eige initiativ, og utan å eigentleg vite kva eg skal der. Eg skal improvisere, og det er tøft.

Eg er flink til å vere impulsiv.

Eg har raudt hår for tida. Raudt hår gjer meg glad, og eg skal nok ha det slik ei stund til. 

Eg er ofte livande redd før eg skal gjere noko viktig, men trass i angstanfall og kvalme gjer eg alltid mitt beste. Og når eg gjer mitt beste pleier det å gå skikkeleg kjempebra (slik som på munnleg kjemieksamen i tredje klasse), eller det kunne i alle fall alltid gått hundre gongar verre viss eg ikkje hadde prøvd. 

Eg har ein kropp som fungerer heilt supert (med berre nokre få små unntak), og som ser innmari bra ut og er god å ta på. 

Eg behandlar pengane mine fornuftig, og blir ikkje opphengt i materielle ting på ein "må ha"-måte.

Eg er kreativ, sjølv om alt ikkje alltid går etter planen.

Eg er ikkje kresen på mat.

Eg er glad i å lære nye ting, nesten uansett kva det handlar om.

Eg stiller opp for dei eg er glad i, så godt som eg berre kan.

No skal eg setje meg mål for dei næraste dagane, og kanskje ventar ein klem på meg seinare i kveld. Det er jo lov å håpe.





mandag 14. mars 2011

postkassesnacks

Uendeleg trøytt morgon etter ei kosete natt. Sjølv om eg har blitt flinkare til å liggje tett enn eg var før, så merkast det at eg ikkje søv like tungt. Med Radioresepsjonen på øyret kom eg meg på jobb, der dagens oppgåve var stryking/damping av dressjakker. 

Eg kunne aldri forestilt meg at det skulle vere så tungt. Damene som jobbar der fast gjer det med lett hand, og ser ikkje ut til å anstrenge seg det minste. Men eg, eg var gåen i armen etter berre eit par jakker. Dampjarnet er ganske tungt, og skal bevegast i store og små rørsler, og for venstrehendte meg hjelper det heller ikkje at alt utstyret er berekna for at ein skal bruke høgrehanda. Jaja, eg finn vel ein teknikk på det. 

Det var i alle fall fint å kome heim til ei postkasse fylt av dette:

Tre bøker av Erlend Loe som eg gler meg til å lese. Kjøpt brukt via finn.no, og heilt fine. 

Men no, før noko som helst anna, er det på tide å gå tilbake på jobb for å pådra meg senebetennelse eller noko anna vondt. Neida. Joda.

Have you ever been in love? Horrible, isn't it? It makes you so vulnerable. It opens your chest and it 
opens up your heart and it means that someone can get inside you and mess you up.
- Neil Gaiman


søndag 13. mars 2011

selskap

Familieselskap hjå onkel og tante er
hjartebrownies på fat og turkise veggar,
heimelaga bursdagsvimplar og blomsterduk,
italiensk gryte og luftig focaccia,
bilete av oldemor og oldefar på veggen i trappa,
eit svært nøgd fadderbarn på mammafang,

ein onkel som alltid går i shorts og høyrer på radio, stolar med fine setetrekk, blåbærkake med marengs, ungar som har putekrig, vakre lysbilete og ei tante som er så kreativ at eg blir heilt åååh.




sundagsbursdag

I dag går turen til Hornindal og fadderbarnbursdag i mormora si skjørtedrakt.

Ha ein fin dag, alle saman!

lørdag 12. mars 2011

jobbelaurdag

I dag var det berre ikkje nok med morgonkos. Ikkje eingong det å slumre alarmen fire gonger var nok til å gje meg laurdagsmotivasjon. Trøytt, svimmel og småkvalm klarte eg å kome meg heim, for deretter å vente i tre timar på å få gå på jobb. Det er keisamt å måtte vente for å gå på jobb når ein eigentleg berre har lyst til å kome i gang og bli ferdig med heile greia. 

Då containeren med dressar endeleg var komen heilt hit frå Kina, viste det seg at dressar, det var der. Mange dressar. Altfor mange dressar. Ikkje berre altfor mange på ein "eg vil ikkje vere på jobb heile laurdagen"-måte, men altfor mange på ein slik måte at alt saman må pressast på nytt før det kan sendast ut til kundane. Ekstraarbeid, med andre ord. Sukk.

Heldigvis er eg mindre svimmel og kvalm no. Sikkert fordi eg åt babymat i sta. 
bilete henta frå www.hverdagsmat.net

Kjempegodt! 

Resten av dagen skal det lakkast negler, etast mat, takast ansiktsmaske, lagast fadderbarnbursdagspresang og planleggast Paristur (meir om den seinare!).

Håpar alle saman har ei fin helg.

fredag 11. mars 2011

alt ein kan lære


Å dekkje bordet til kvardagsmiddag
Å ete spaghetti, som er ein "ny populær hverdagsrett i Norge"
Korleis ein skal setje seg pent (med grundige illustrasjonar også av korleis ein ikkje skal setje seg)
Kva for fargar ein kan velje på tilbehøyret ut frå hovudfargen i antrekket
Korleis dyr ikkje ser ut
Korleis ein ikkje skal sitje på toget
At ein ikkje må gå rundt utan klede på seg (og å halde seg for munnen når ein hostar)
Korleis ein skal te seg med alkohol innabords (og det er heilt greit å røykje i maten, må du vite)
Generelle køyrereglar for kor ein skal gå i forhold til kvarandre
Og så kan ein sjå korleis ein ferierar eller er på dansefest i fine kjolar


Alle bilete er henta frå "SKIKK OG BRUK" av Waldemar Brøgger, 1960


kiss-kiss



Supersøt karamellboks med pusekattar på. Passar perfekt til å ha teposar i, eller søte konfektbitar eller kanskje til og med ekte, heimelaga fløytekaramellar?

torsdag 10. mars 2011

utfordringar

Klede
Eg skal, så langt det er mogleg, unngå å kjøpe nye klede i 2011. Secondhand er lov, men i all hovudsak skal eg fokusere på å bruke det eg allereie har, redesigne det som ikkje passar, reparere det som er øydelagt og sy eller strikke sjølv. Strømpebukser, sokkar/strømper, undertøy og badekle er friteke frå regelen, men noko fråtsing blir det likevel ikkje på dette området heller. 

Mat 
Kvar veke er det lov med maks eitt måltid som blir "laga" ved å tøme varmt vatn på. Rett i Koppen, nudlar og denslags altså. Minst ein smoothie i veka skal også ned i magen. 

Meg
Eg skal gjere ting eg likar og ting eg er flink til, og dessutan øve meg på ting eg ikkje er så flink til men som likevel gjer meg glad.