tirsdag 5. april 2011

lavgirstysdag


Både Ella og Max tok livet heilt med ro då eg sto opp i dag. Ingen av dei såg ut til å ville vedkjenne seg mordet på gårsdagens avis som låg spreidd utover stovegolvet, så det vart eg som måtte rydde opp (som vanleg). 

Eg var svolten på avocado og ingenting anna. Sidan ingen av dei sju vi har liggjande på kjøkenbenken er i nærleiken av modne tok eg heller ein spasertur i regnet. Planen var å kjøpe avocado, men i staden traff eg Thomas, og vips, så var frukosten gløymd på vegen heimover. 

Som ein kompromiss laga eg difor ein enkel tunfisksalat for å fylle magen medan Ella gjekk laus på mamma sin saueskinnsfell. 

Kvar sine lyster, seier eg berre.

mandag 4. april 2011

skokjærleik

Skoa som eg kjøpte i Oslo fortener ein nærare presentasjon. Eg blir berre meir og meir glad i dei di meir eg ser på dei og har dei på føtene. Eg elskar fargen, fasongen og høgda, og det faktum at dei er så godt som ubrukte er heller ikkje feil.

Eg har alltid problem med å finne selskapssko som passar, for i mange tilfelle er 35 for stort til meg. Dette er første gong eg har funne så elegante og nydelege sko i 34.

Og dei kosta berre 95 kroner og er i ekte skinn! <3

For den observante lesar er det ikkje vanskeleg å sjå at dette faktisk er endå ein smakebit frå det nye soverommet, denne gongen med teppet på plass. Lovely!

ein liten smakebit

No er det ikkje lenge att! Golvet skal sjølvsagt ikkje vere svart, men meir får de ikkje vite før eg kan vise ferdig-bilete. Gler meg!

søndag 3. april 2011

paris - dag tre

Då eg pakka kofferten min om morgonen var den plutseleg ikkje så full likevel, så eg sjekka ut av hotellet med eit smil om munnen og håp om å finne noko kjekt å bruke opp euroane mine på. Med kofferten på slep tok eg metro til ein stopp i nærleiken av Jardin Luxembourg og gjekk ein lang tur i den nydelege parken.
Eg handla bittelitt fine saker og ei øskje med makronar på eit koseleg konditori. 
Eg skreiv postkort medan eg sat med vind i håret og åt min aller første makron nokon gong, midt i Paris.
Og eg var sliten og glad for at eg turde å reise åleine til Paris, og heldigvis visste eg ikkje kor forferdeleg turen heim skulle bli. Hadde eg visst det, så hadde eg nok berre blitt verande i den vakraste byen. 


paris - dag to

Dagen starta med avocado og eit smørbrød som ikkje var godt (så då åt eg heller mørk appelsinsjokolade for det var mykje betre). Eg tok på marineblå strømpebukse og stripete kjole og brune sko og følte meg fin. Så gjekk eg ut og til Sacre Cœur ein gong til. Eg gjekk ein annan veg enn sist, og fann endå meir fint, slik som vaktfuglar ved porten til ein hage på omlag to kvadratmeter.
Då eg kom opp på høgda ein gong til vart eg møtt av tiggarjenter som lét som dei var døve og ville ha pengar til ein "organisasjon", og som tok tak i armen min då eg prøvde å gå vidare. Då var det like før eg kjefta skikkeleg, og eg vart gretten heilt til eg plutseleg var på stoffmarknad (Saint-Pierre).
Der var tyll og alle slags stoff i alle slags fargar, og eg ønskte meg masse pengar og bagasjeplass. Fine butikkar med alt ein kan tenkje seg til handarbeid. Eg kjøpte to fargerike stoffstykke med blomar på
og ei bok med steg for steg og masse tips på fransk
Ein butikk hadde dukker i halv storleik med alle slags kle på, frå brudekjolar 
og ballkjolar
til kvardagsantrekk.
Og alle slags stoff kunne ein finne der til ein rimeleg penge. Eg helsa litt på duene før eg gjekk vidare for å treffe Sonja og Henrik.
Dei budde langt nord i byen, og det tok meg nesten ein time å spasere dit, pluss at eg snudde kartet feil ei stund så eg plutseleg var ved Sacre Cœur endå ein gong. Då sukka eg tungt før eg gjekk ned att dei trehundre trappetrinna. Heldigvis hadde eg god tid, og eg sette meg i ein park og såg på menneska medan eg åt godteri.
Då Sonja og Henrik kom gjekk vi på brasserie og åt trerettars med salat, kylling og crème brûlée før vi tok metro til toget deira og dei forlet Frankrike. Eg gjekk opp på overflata og snubla inn på ein butikk med alt mogleg i. Sjølv om kofferten min var full kjøpte eg både ei uglesmekke
gåveposar i friske fargar
og nokre fine trefigurar.
Medan eg rota rundt for å finne vegen til ein metro som gjekk tilbake til hotellet mitt byrja det å regne. Eg var utan paraply men det var greit i byrjinga. Så blei det skikkeleg regn, og då eg omsider var framme ved Concorde såg eg slik ut
og verda var slik
Då var det fint å kome tilbake og ete kvelds på senga i berre trusa.

paris - dag ein

Etter ein enkel frukost på hotellet gjekk eg ut og spaserte nedover gata til eg fann ei fin trapp eg kunne gå opp.
Rett oppi svingen var der fine gater med vakre hus og det var vår.
Brått sto eg framfor Sacre Cœur som var kvit og kjempevakker med blå himmel på toppen.
I parken nedanfor hadde ein katt vandra i våt betong.
Og medan eg las i boka mi høyrde eg kattungar som mjaua i buskene rundt meg medan mødrene og fedrene luska rundt og ville ha mat. 
Vidare fann eg den fargerikaste restauranten.
Og nokon hadde laga hage framfor vindauga sine.
Eg fann Moulin Rouge men gjekk ikkje på show, for det var kjærestete sa Thomas.
Etter ei lang stund var eg tilbake på hotellet som hadde målte veggar.

Der åt eg lunsj på rommet medan eg spelte Professor Layton and the Diabolical Box.
Salat på boks er kanskje ikkje sånt som ein skal ete når ein først er i Paris og kan gjere akkurat det ein vil, men eg greidde ikkje å setje meg på ein einaste restaurant eller kafe åleine i løpet av heile turen. 

Etterpå gjekk eg ut att og fann ein park. 
Der tok eg jammen bilete av meg òg. 
Og eg besøkte ein pastellfarga butikk med pastellfarga godteri der eg fekk smaksprøve på ein kjempegod appelsinsak. Men eg kjøpte ingenting, for eg hadde langt å gå.
Så var eg framfor Louvre og såg Eiffeltårnet langt vekke. 
Og eg gjekk vidare over elva og såg på alle bodene som var der medan eg unnskulda at eg ikkje ville kjøpe noko heilt til eg måtte stoppe og ta bilete av meridianplaketten som eg tilfeldigvis såg.
Då visste eg kva retning eg gjekk i utan å sjå på kartet, og eg kom fram til Notre Dame og tenkte på Ringaren.
Og der var tulipanar og andre vakre vekstar.
Medan eg gjekk heimover vart det kveld og regn i lufta, og eg skulle finne godtebutikken igjen men den hadde visst gøymt seg. Då vart det heller avocado på senga og litt kvit sjokolade med kokos. Og det var godt, det òg. 

Den kvelden var eg utruleg glad for at eg hadde reist så langt åleine og at det var så fint, samtidig som eg følte det som eit stort nederlag at eg ikkje åt mat ute, og eg følte meg kjempeeinsam og litt oversett.

Gravplassen i Montmartre er forresten den finaste eg har sett. Der sit gamle folk med beina i kryss på ein benk og pratar om livet og døden og er glade for at dei har kvarandre. Og eg kan stå på ei bru og ta bilete av dei.

(Alle bileta her blir større viss du klikkar på dei. Det må du prøve.)

lørdag 2. april 2011

tilbake

Eg er heime.

Doble posar under augene etter den tyngste natta på lenge. Når ein er sliten og trøytt og ting går gale kan ein ha det vondare enn ein trudde var mogleg. Tårene kan renne konstant sjølv om ein sit på bussen og folk kan sjå ein og ein helst ikkje vil grine i det heile. Ein blir lei seg fordi ting går gale, og enda fleire ting går gale fordi ein er lei seg og stressa og angsten er der. På  bussen kjem tankane om kva ein eigentleg er på veg heim til: stress, mas, rot og mykje einsemd. 

Heldigvis kan ein få kos når det blir morgon, og ein kan sjå framgangen til vakre jordbærspirar i vindaugskarmen. Ein kan jobbe vidare med eit soverom som skal bli så fint, så fint, og ete dei siste Parismakronane medan ein ordnar bileta frå ei fin reise. 




fredag 1. april 2011

unnskuld

Det blei vanskeleg med nettet siste dagane, og no kom eg meg ikkje heim til planlagt tid.
I tillegg har eg gløymt kameraet mitt undervegs, så eg er usikker på om eg klarer å få det med meg når eg reiser frå Oslo seinare i dag. Det er nok heller tvilsamt.

Håpar de held ut ventetida, for eg skal vere tilbake til normalen seinast i morgon. Parisoppsummering kjem også så snart som mogleg (men akkurat det blir jo keisamt uten parisbileta, så det må nesten vente på kameraet).

I mellomtida er det berre å spørje om alt de lurer på, eller fortelje meg noko fint. Eg treng noko fint i dag!