mandag 16. mai 2011

ting eg ikkje forstår - 1

Som dei fleste veit er seinvinteren/våren tid for beskjering av både frukttre og andre tre og busker. Dette er jo mellom anna for at vekstane skal sleppe å bruke energi på lite fruktbare og sjuke greiner, og for at dei skal vekse i riktig retning.

For frukttrea er det kanskje ikkje utsjånaden som er det viktigaste, men utanfor huset der eg bur har kommuna planta ein del tre som skal fungere som pynt (eg går i alle fall ut ifrå det sidan dei ikkje er nyttige på andre måtar). 

Dei fleste ser om lag slik ut:
Dei er rette og fine med ei velforma krone, og no som vêret har mildna veks det grøne blad i massevis på dei. Det er liksom slik trea skal sjå ut, tenkjer eg. 

Men berre nokre meter unna, på det same området, står dette:
Og det einaste eg klarer å tenkje er "kva faen?"

søndag 15. mai 2011

hurra for Oda!

I dag har mi vakre, vene veslesyster vore konfirmant. Som alle andre konfirmasjonar (i alle fall dei eg har vore i) var også denne fylt med smil, slekt, mat og kaker. Eg var så heldig å få med meg to omgongar kake sidan fadderbarnet mitt óg vart konfirmert i dag (gratulerer, Selina!). Viktigheita ved å ha litt ekstra plass i beltet har aldri vore tydelegare!

For anledninga har eg vore til Ålesund og plukka opp Stockholmsbuarane Kristian og Maja.
Til og med svenske-Maja fekk på seg Nordfjordbunad og var nøgd med det. 
Litt leik høyrer med mellom middag og kaffi (Steffen-bror og søskenbarn Birk).
Og jammen var eg der óg.
Eg har ei heilt nydeleg syster!

Etter ein del nedetid hjå Blogspot håpar eg no at eg får alt tilbake til normalen. Eg har planlagt og byrja på ein del endringar her på bloggen, og eg trur det vil verte ei forbetring. Stay tuned!

onsdag 11. mai 2011

blomekjærleik og ballerinasko

Så blomete har eg aldri vore før, men eg merkar at eg synest det er ganske fint å vere det.
 Om ein så får litt korte bein så får det berre vere. Komfortabelt og svalt og avslappa herleg er ein uansett.

tirsdag 10. mai 2011

internettbestilling

Førre veke bestilte eg ein bikini og ein bh på brastop.com, og i dag dukka ein liten pakke opp i postkassa mi.
Brastop er gull verd for dei av oss som ikkje passar inn i ein standard H&M-bh, og dette er andre gongen eg bestiller derfrå. Førre gongen bomma eg litt på cup-storleiken, så no gjekk eg eit hakk opp for å vere sikker. Sidan eg synest det er litt fælt å risikere å bruke masse pengar på noko som kanskje ikkje passar, prøvar eg å finne ting på salg der. Då går det litt mindre pengar med til prøving og feiling med storleikar (og det er lettare å halde seg under tollgrensa).

Bikini og bh kom på til saman £36.90, inkludert frakt. Eg trudde eigentleg at eg hadde droppa bh-en, men tydelegvis ikkje. Velvel, det får gå.

Nettsida har ein storleikstabell som ser ut til å stemme ganske greit, men det er litt forskjellar frå merke til merke (det vil det jo alltid vere), så det er lurt å lese kva andre kundar har skrive om produkta.

Bikinien. Overdelen er veldig behageleg på, med fin passform. I forhold til andre bikiniar eg har hatt gir den mykje betre støtte, og ein slepp å ha all vekta rundt nakken. Stroppane er faste, så det er ikkje så stort rom for variasjonar. Vanlegvis kan eg ikkje fordra når spilane går opp mellom puppane, men her var det eigentleg veldig greitt, og det er praktisk med tanke på at ein ikkje får rart skille pga kløft. Det einaste eg har å klage på er at omkretsen er litt stram i forhold til det som står i skjemaet, men eg trur det går seg til. 

Trusa bestilte eg i den minste str som var tilgjengeleg (10), og på lappen står det at det tilsvarer 36/38 i europeiske str. Eg vil meine at den er mykje meir ein 34-str, og den er ganske lav i livet. Heldigvis går det greitt for min del. 

Fargane er nydeleg klare og sterke, så eg håpar dei held godt.

Bh-en (som eg trudde eg hadde droppa). Storleiken er bra, og fasongen kjempefin. Breide stroppar og bakstykke gir god støtte, men spilane trykkjer ganske hardt mot brystkassa mellom puppane. Svært synd, for elles likar eg denne veldig godt.

Jepp, eg håpar dette kan ha vore til hjelp for nokre av dykk. Det er utruleg viktig å ha skikkeleg undertøy, både for ryggen, skuldrane, nakken og ikkje minst puppane si skuld. Rett storleik er dermed alfa og omega, men ikkje alle kan gå på Cubus og fråtse der. Det er skummelt å handle slikt på nettet, så ikkje ver redde for å spørje, og kik litt på ulike videoar som viser storleikstilpasning, slik at de veit kva de ser/kjenner etter.

Det er sjølvsagt fritt fram å kome med innspel. Berre kjekt det, for eg vil jo ikkje gå rundt og sjå ut som ein idiot heller! 

måndag

Måling av stolar iført bikinitopp og shorts. Godt med sol på kroppen!
Eg følgde mi kjære oldemor til tannlegen og butikken, og ho spaserte faktisk heile vegen heim for første gong på kjempelenge. Det er fint å sjå at til og med dei eldste av oss kviknar til litt ekstra når sommaren kjem på besøk. Dette biletet er tatt i jula, og slasken til høgre er bror min. Men han er snill, då. 
Årets første jordbær (nam) og prøvebaka kanelsjokoladekake. 
Flaskelam.
Hundekvalp. Piraten vår her har eitt øyre som står opp, og eitt som heng ned. Han er kjempetøff og treng ein fin heim. 
Dei vaksne hundane fekk bade. Ronja ville ikkje opp på land før ho skalv av kulde, men i sola vart ho raskt varm att. Og til slutt gjekk vi på fjelltur, Jan Håvar, Sigvar og eg. Ein fin dag, må eg seie. 

mandag 9. mai 2011

ven

Eg skulle jo verkeleg ha teke bilete, men slik vart det berre ikkje. 
Etter at eg hadde brukt heile dagen på å vere slapp og lei meg og giddalaus og teit fekk eg besøk. Først kom Jan Håvar, som blei med på å ete taco med pappa og veslebror og meg og eit lite glas vin eller to eller tre. Så kom Sam André, som var kakemett og hadde med seg både Kristian og Ingvild som overrasking. Etter kvart dukka også Sigvar og Bård opp, og plutseleg hadde eg eit heilt lite selskap heime hos meg sjølv.

Vi tok plass på terrassen og eg pynta litt med markblomsterbukett som Sigvar hadde med og ei fin lykt som lyste opp når det mørkna. Sigvar meinte eg hadde truffe nåla i høystakken med konfirmantpresangen min, og sjølv om eg trur han kanskje sa det litt på tull, så vart eg glad for å høyre det (det var forresten eit album som eg hadde teikna ei søt teikning i og pynta bittelitt, og ein pakke med nydeleg Pukka-te). 

Og vinen gjekk ned på høgkant heilt til vi til og med gjekk ut. Eg pleier ikkje å gå ut særleg ofte, eller eigentleg nesten aldri. Men det vart kjekt og minte meg om sommaren 2009 som var fin. 

Det vart til at både Siggen, Sammen og Jan Håvar vart med heim på nattmat og nattdiskutering av ting som vi alle trudde vi hadde peiling på, og eg hugsar berre sånn passe at eg la meg til å sove. 

Frukosten inntok vi på terrassen og eg har tenkt mykje i dag, på kor glad eg er for at eg har vener som likar meg for den eg er og ikkje tenkjer så mykje på kva eg burde gjere annleis. 

Dagens planlagde fjelltur vart skrinlagd til fordel for sommaridyll på Taklo. Eg fekk vase rundt berrføtt i kjole utan å tenkje på kor skitten eg vart av å leike med små kvalpenøste. Vi mata flaskelam og gjekk på sommarfugljakt med insektbok i handa. Siggen fann ei død mus i oppvaskkummen sin (det har eg faktisk bilete av) så vi bestemte at det er på tide å få på plass ein ny gardskatt.

Resten av dagen blei lakrisis i sola før eg fekk vere litt med ein som kunne kose og vere god sjølv om eg var blitt trøytt og sur. 

Så no er det berre om å gjere å vere aktivisert. To dagar skal eg klare.

Korleis har dykkar helg vore?

fredag 6. mai 2011

noko av det beste

Ein treåring på sin aller første fisketur i båt. Like begeistra kvar gong sluken kom opp av vatnet.
"Se! Der er'n! Jeg fant'n!"
Så lenge han sjølv fekk bestemme farta var det stor stas å køyre båt. 
Det er heller ikkje kvar dag eg får høyre "Åh, druer!" når nokon fiskar opp ein tangklase. Og kven kan vel ikkje elske den oppriktige tonen i barnestemma som seier "Vet du hva? Det er gøy å være med deg!" medan gutungen held augekontakt med isblått blikk og lyse krøllar. Smelt. 

I kveld har eg pakka pakkar. Tre babypakkar og to konfirmantpakkar. 
Særs fine, om eg får seie det sjølv. På innsida er det kjekke overraskingar som eg håpar skal glede. 

I morgon skal eg endeleg bli ferdig med eitt av prosjekta mine. Gler meg til å vise dykk! 

onsdag 4. mai 2011

i kveld

Filmkveld med gode vener. Latter, litt sladder og tre geispande ansikt. Eg er glad.

Etterpå får eg kome på besøk der det er finast. Restar av påskegodt står framleis på bordet og eg forsyner meg. Etter tre bitar med marsipan seier magen stopp. Eg blir sitjande med kalde hender og vente på at han skal avslutte kvelden og kome inn. Til meg. Tenkjer på å dusje. Varmt vatn kan vere nesten som magi for kalde kroppar. Varmar utanfrå og inn.

Augene er trøytte i tussmørkret. Skulle lagt meg tidlegare i går, eller kanskje blitt lenger i senga i dag. Det får gå, no er kvelden her att så eg kan sove snart. I mellomtida drikk eg te og blir varm frå innsida. Dusje kan vi gjere etterpå. Saman.
Published with Blogger-droid v1.6.8

tirsdag 3. mai 2011

sjå kva eg har fått

Endeleg, i dag låg Hjartemagasinet i postkassa mi. Det er Mariell som har laga det, og ho er superflink. 

No skal eg kjole meg berrføtt i sola på terrassen med magasinet i hendene, og eg kjem til å sluka det på ein-to-tre, og etterpå angre på at eg ikkje sparte det litt lenger. Og så skal eg lese det og sjå på bilda om att og om att. 

mandag 2. mai 2011

jordmor sol

I går kveld fekk eg vere med på lambinga hjå Sigvar og dei. Tidlegare har eg berre fått helse på dei ferdig utkomne lamma, men i går var det fleire undervegs då eg kom på besøk. For det meste greier sauene seg fint på eiga hand, og vi treng berre å sjå til at lamma får puste, og at ikkje nokon sit fast. Eg vart fascinert av denne tøffingen frå i forgårs:
Kvit, med svart andlete, føter, anklar og rumpe. Diverre meinte visst også mora at denne var tøffast, for den heilt vanleg kvite systera (til høgre her) ville ho ikkje ha. Åh, eg skulle gjerne hatt ein hage no så eg sjølv kunne teke til meg eit flaskelam. 

Litt utpå kvelden vart det tydeleg at noko ikkje var heilt som det skulle med den eine søya. Ho hadde hatt rier lenge utan å få ut noko anna enn vatn og blod. Dermed ...
... måtte eg hjelpe til. Stikke handa inn og kjenne etter om alt var som det skulle.
Det var ganske mykje lettare sagt enn gjort, ettersom eg ikkje heilt visste korleis innsida av ein sau skal kjennast ut. Dessutan er det ganske trongt inne i ein kropp som er full av andre kroppar (eh). 

Men så fekk eg tak i eit bakbein. Det er meininga at hovudet til lammet skal kome først, så når lamma ligg feil veg er det ikkje alltid lett for søya å få ut noko som helst. Men alt går betre med litt hjelp.
Eitt bakbein og ein halv kropp er ute, og då går resten som ein leik.
Slim og griseri må fjernast frå ansiktet.
Og med vesle Sol (for det vart namnet!) ute av vegen tok det ikkje lange stunda før ho fekk selskap av ein bror og ei syster. 
Og gjett om eg var nøgd! 

I mine auge er lambinga i seg sjølv ein fantastisk prosess, der det nye livet kjem til om våren, og eg er utruleg glad for at eg fekk hjelpe til på verkeleg nært hald. Det er spesielt!

Kva er di beste våroppleving?