tirsdag 19. april 2011

morgon

Tysdag feriemorgon, og eg er vaken før åtte. I går vart måling og soling på terrassen i fantastisk temperatur. Geir kom på besøk og var humørspreiar, før vi drog og grilla litt med gode og gamle og nye vener. Eg drakk ikkje, men på slutten hadde eg faktisk så lyst på vin at vi nesten starta på ei flaske då klokka var nærare tolv. Då hadde Geir allereie vore øsen og tullete i minst tre timar, og mor hans hadde lagt seg. 

I staden drog eg av garde og fekk dusje og kose til eg sovna som ein stein. Så reiste eg heim att, og no skal eg gjere ting før hyttetur seinare i dag. 

Herr Kommode skal bli grøn. 

Og systrene Stol skal få seg ein grundig vask og etter litt reparasjon mest truleg bli grøne, dei òg. 

Denne veka er for meg mykje koseleg arbeid, og det er kjekt å vere litt kreativ (eg har endå eit prosjekt på gong, nemleg). DIY-bloggar og andre spennande nettsider blir hyppig besøkt. Så viss du har tips til slikt, eller berre lyst til å vise meg noko kjekt, må du sende meg ein mail eller leggje att ein kommentar! ;)

søndag 17. april 2011

på ein dag som i dag

står ein opp og ønskjer seg store, vakre dådyrauge, perfekt hud og vakkert hår med mjuke krøllar. 
Ein vil helst sløve i sola og vere slank og perfekt med ei bok i handa og ein drink i glaset. 
I staden berre finn ein seg i at ein er som ein er.
Og ein er fornøgde med det.
Og sidan sola ikkje skin eingong, så går ein heller ut i garasjen og målar verda grøn der.
Korleis føler de dykk i dag?

lørdag 16. april 2011

gnagsår bak øyrene

Eg starta påska med å hente brillene mine.
Verda er med eitt ein god del skarpare, og plutseleg kan hovudet mitt slappe av litt meir. Bortsett frå at resten av dagen har gått med til å sjå på ting med og utan brillene og samanlikne. Gnagsår får ein òg (nesten).

Med det nye klåre synet mitt fekk eg helse på ei fantastisk lita jente på sjukehuset. Det er lenge sidan eg har hatt noko så vakkert og skjørt i armane mine, og hadde det ikkje vore for at den vesle frøkna har vore særs heldig på foreldrefronten, så hadde eg sikkert gøymt ho inni jakka mi og stukke av. Nei, eg får nok heller nøye meg med å vere leiketante.

No er det på tide at finevêret slår til for alvor! Seinare i veka skal Ida har brudeshoot med meg og Ingeborg. Dei bileta er noko å gle seg til, eg lovar!

fredag 15. april 2011

påskefri

Aller først vil eg gratulere Stian og Toril med den nydelege vesle frøkna som kom til verda i går kveld!
Så var ein heime att. Bergen var film, kos, regn, latter, vin og nye menneske.

Her i huset har resten av familien rydda, noko som tydelegvis er synonymt med gøymt vekk alle tinga til Sol. Alt er bortevekk, og sidan ingen av gøymeplassane er logiske eller fornuftige, så går eg berre og surrar.

I natt reiser heile familien til Stockholm for å besøke bror, som går på sirkusskule der. Det betyr at eg får familiefri i heile fire dagar. Himmelsk! Så kan eg heller reise til Sverige på eiga hand når eg føler for det. Og ikkje minst: påska mi kan disponerast akkurat som eg sjølv vil:

dykke
surfe
babykose
måle
brettspeling på hytte
skikkeleg kosing
samver med fine folk

onsdag 13. april 2011

spontantur

Eg forlet mamma sine påskeblomstrande tulipanar for eit par dagar i vakre Bergen.

tirsdag 12. april 2011

våren i raudt

I dag var det endeleg tid for raud trench med rosebelte.

Eg fekk med mamma ut for å ta litt bilete, og ho var meir enn villig, sjølv om hennar fotograferingskunnskapar er på dette nivået:

Meg (peikar og viser medan eg pratar): Sjå her, her har du av og på, og no har eg sett det på den grøne firkanten, så då går alt automatisk når du trykkjer på knappen her.

Mamma (veldig usikker): Ja, må det stå på ON, då?

Likevel, det vart nokre bilete etter kvart som eg fekk overbevist henne om at det berre var å knipse i veg, og at minnekortet ikkje kom til å bli fullt.
Og giss kva, no regnar det igjen!
Innafor jakka ser eg slik ut, og tykkjer det er fint.
Skjørt frå seksti- eller syttitalet, og syster sin bluse frå i dag.

rullegardin på sol-vis

På rommet mitt var det tidlegare ei svart rullegardin som dekka for det vesle takvindauget mitt. Det var litt for dystert for meg, og sidan rullegardinopplegget i seg sjølv er ganske greit, så berre nytta eg det eg hadde. 

Utgangspunktet er ei heilt vanleg rullegardin frå IKEA, av den manuelle typen (med snor, altså). Eg starta med å måle opp stoff utifrå høgda på vindauget og rullegardinbreidda (det er greitt å ha litt å gå på i breidda, i alle fall ein cm på kvar side). 

Så sydde eg fast den nedre kanten av gardinstoffet rundt den som allereie var på rullegardina (det treng ein ikkje, men eg ville gjerne ha den ekstra stabiliteten der), og klistra blomestoffet fast utanpå det svarte med dobbeltsidig tape, for å få det jamt og beint.
Deretter sydde øvre kant av blomestoffet fast på det svarte. Opprinneleg hadde eg tenkt å late det vere dobbelt, sidan det svarte stoffet er lystett, men etter eit par prøverullingar vart det heilt tydeleg at det ikkje gjekk. 

Dermed klipte eg av det svarte stoffet bak blomane.

Og etter det gjekk rullinga som ein leik!

Det å ha ei slik gardin i takvindauge byr på ei lita utfordring, nemleg å finne ein mekanisme som kan halde på den nedre kanten (så gardina ikkje heng rett ut i rommet), men som enkelt kan losnast når ein vil sleppe sollyset inn. Pappa har løyst det med ein slik sak som ein set fast krykker eller kosteskaft i.
Enkelt og veldig praktisk, men ikkje spesielt pent. Eg ser for meg ei ordning med magnetar på baksida. Det burde bli like enkelt og meir usynleg. Inntil vidare ser det slik ut:
Og det går jo greit, synest eg. 

mandag 11. april 2011

brokkoli

Ein ny måndag vart starta med nytt soverom, reint sengetøy og vårrullar med brokkoli og paprika til.
Emm ja, eg åt visst nesten opp før eg rakk å ta bilete. Ikkje så delikat at det gjer noko. Men tallerkenen er så fin at han fortener å få vere med uansett:
Sjå så nydeleg! Oldemortallerken som vi berre har ein av, sjølvsagt. 

No er det på tide å fylle resten av dagen med ein fin aktivitet. Ute ser det mest ut som haust, med grå himmel og brun mark, og neste veke er det påske. Fram til det skal eg vere flittig som få. 

søndag 10. april 2011

femnullein

Levi's 501 som låg midt på golvet på min vesle loftstur i dag. Garantert ikkje tilfeldig, sidan dei sit som eit skot i vidda. Litt lange er dei, og knea er for langt nede for meg. Blir nok ein bra shorts, skal du sjå!

Føler meg ein smule ukomfortabel med åttitalsrumpe, men det er utruleg kva ein kan venje seg til, så det går vel. 

lørdag 9. april 2011

i dag

Frivillig morgontvangskos. Listelakkering og skåprydding. Apati. Katteklypp. Einsemd. Sakn. Skåpdørmåling. Nesten oslotur og Kaizers Orchestra. Solarium. Dusj og babyolje. Tårer. Adele. Angst. Lengsel. Krydderkake. Tvangs-TV. Håp.

Vanskeleg.

Published with Blogger-droid v1.6.8