Leikande kvalpebrør som er lukkelege over å sjå kvarandre att leika i regnvått gras og massevis av gjørme.
Begge var meir brune enn kvite då vi tok dei inn og gav dei eit bad, men for nokre herlige lukketroll.
Saman med Sigvar tok eg ei runde og samla markjordbærplantar til eit lite eksperiment som eg ikkje har peiling på om vil fungere i det heile, men det vil no vise seg.
Etterpå avslutta eg dagen på ein heilt latterleg dårleg måte og no er eg eigentleg berre glad for å ha ein som kan gje meg ein klem og vere god. Ha ei fin natt!
tirsdag 7. juni 2011
søndag 5. juni 2011
helg
Denne helga er det ved som gjeld. Palle på palle med varme til vinteren. Og eg merkar kor godt eg likar fysisk aktivitet som er nyttig i same slengen. Må prøvast!

Og kva er vel dagen uten eit oppned-bilete som ikkje vil snu seg?
fredag 3. juni 2011
glimt frå barndomen - 2
Eg har nok alltid vore både sta og sjølvstendig. På heimefilmar frå barneselskap snakkar eg alltid høgt og tydeleg og er oppteken av å få merksemd. Eg fortel om at eg kom først inn i bilen, at eg vil ha kake først, at eg kan blåse ut lysa og så vidare.
Men sjølv om ein er flink til å fokusere på alt ein er flink til, så har eg absolutt fått erfare at det kan lønne seg å ta imot hjelp av og til òg. Eitt resultat har vi her:
Men sjølv om ein er flink til å fokusere på alt ein er flink til, så har eg absolutt fått erfare at det kan lønne seg å ta imot hjelp av og til òg. Eitt resultat har vi her:
Flinke-Sol på snart fem år hadde lært seg å bære sekken på berre den eine skuldera. Då eg kom i barnehagen var eg sjølvsagt snar med å vise fram nye kunstar, og då barnehagetantene spurde om dei ikkje skulle hjelpe meg med sekken opp trappa, svara eg kjekt og freidig at "neida, det går heilt fint, det!".
Eg hugsar det godt enno, for eg var ikkje komen lenger enn tre trinn opp før eg trakka på ei reim frå sekken. Før eg fekk strekt ut hendene framfor meg hadde ansiktet kræsja med neste trappetrinn og det var blod over alt.
Etter det hugsar eg ikkje meir før eg sat på legevakta med lovnader om tyggis viss eg greidde å ikkje grine medan legen stakk bedøvelsessprøyta. Eg beit tennene saman, og kunne seinare returnere til barnehagen med ein heilt eigen tyggispakke og tøff lapp over auget. Det var litt kjekt at alle dei andre var så spente på korleis det hadde gått, men fullt så artig var det ikkje at femårsdagen måtte feirast med stort plaster i andletet.
Krølla hår og gullkrune gjorde likevel susen.
Både før og etter den episoden har eg opplevd å gå skikkeleg på trynet, på fleire måtar.
Eg kryssar fingrane for at eg har lært eitkvart kvar gong.
onsdag 1. juni 2011
juni
Den fyrste sommardagen starta med lovande solstrålar som varma eit trøytt morgonfjes. Diverre slapp vi heller ikkje i dag unna dei tunge regndropane.
Men, i dag er det juni. Juni er heilt klart favorittmånaden min. Månaden for feriestart, sommarvêr (håpar eg), sankthans og blomar i fleng. Og ikkje minst: bursdagen min!
Om ganske nøyaktig to veker fyller eg 21 år. Storfeiring blir det ikkje, men eg er nøgd om eg får tilbringe dagen med eit par gode vener, god mat og gjerne ein dose solskin. Og så vil eg heller ikkje bli sint om eg får noko av dette:
Ei saumbyste. Fargen er eg likegyldig til, men det vil jo vere ein fordel om ho kan stillast ned til min storleik. Dei fleste skjønar at det ikkje er spesielt optimalt å skulle prøve og justere syprosjekt på seg sjølv, og eg innbiller meg at ei slik byste vil gje meg eit spark bak når det gjeld ein del av prosjekta mine.
Ei vaskeekte femtitalsbadedrakt. Eg har sagt det før, og eg seier det igjen. Berre sånn at ingen gløymer det. Bildet talar for seg sjølv. Eg bryr meg ikkje eit sekund om at dei ikkje er spesielt eigna til bading. Kan eg sjå sånn ut, er eg fornøgd heilt av meg sjølv.
Trådlaus fjernkontroll til kameraet mitt. Hadde gjort det mykje enklare å lage fleire teite einmanns-fotoshoots.
Ein perfekt underbar sommarkjole. Noko i same gate som desse, som eg fann på The Sew Weekly. Ah.
Ein gammal finlampe som liknar på blomar. Slik som Hallonsemla sin, omtrent.
Men viktigast av alt: gje meg ein klem! Bursdagar treng klemmar. I alle fall mine bursdagar, for klemmar er fantastiske faktisk. Og så kake. Og ein ballong eller to. Og blomar. Blomar er bra på ein bursdag.
tirsdag 31. mai 2011
itsy bitsy teenie weenie
Med ein flunkande ny og fin prikkebikini kan ein jo ikkje anna enn å ta ein tur ut på terrassen i eit solglimt.
Knallraud leppestift og opprulla hår gir meg ein slags lett pin up-feeling og eg likar det!
Bikinien er frå Cubus og leppestiften heiter Summer Red frå IsaDora.
No kan sommaren kome! (Sjølv om det å kjøpe seg bikini må vere den beste måten å forsikre seg om at det kjem til å regne i minst ei veke framover. Litt som å planlegge grilling.)
Og jada, eg veit at eg ikkje er perfekt, men eg har det kjekt med slike små "sessions", så du får no berre synast det du vil.
mandag 30. mai 2011
sologregn
Ei einsleg fliseklemme får plass i hår som framleis er fuktig etter morgondusj.
Om fem minutt skal eg vere på jobb og eg håpar eg får vere ute i dei første klåre solstrålane på mange dagar. Hjartestøvlane får uansett bli med til vassing i vått gras, så kan allslags vêr berre kome.
Om fem minutt skal eg vere på jobb og eg håpar eg får vere ute i dei første klåre solstrålane på mange dagar. Hjartestøvlane får uansett bli med til vassing i vått gras, så kan allslags vêr berre kome.
Mitt kjære syskenbarn Iris har forresten skrive eit nydeleg innlegg om bloggen min i dag! Velkomen hit til dei av dykk som kom inn hit derifrå, og ta gjerne ein tur innom hennar blogg dykk som ikkje har sett den før<3
søndag 29. mai 2011
lørdag 28. mai 2011
koselaurdag
Alle kreative laurdagsplanar er sette på vent til fordel for overraskingsmiddag frå Thomas. Eg veit ikkje om eg skal ta det som eit bra eller dårleg teikn at eg ikkje får komme inn på kjøkenet i det heile, men eg er i alle fall ganske sikker på at både kjøtdeig og pizzabotn er blant ingrediensane (då kan det vel ikkje bli så gale, eller?).
Eg tenkte å gjere "barndomsglimt" til ei fast fredagsgreie (hahaha, eg trudde det var fredag i dag), men sidan eg ikkje har vore heimom i dag (og i går var ein annan dag enn fredag i mitt hovud) får de eit ganske nytt bilete denne fredagen. Det er vel frå niande klasse om eg ikkje hugsar feil. Eg var med på ei oppsetjing av musikalen Hair, og når eg no tenkjer tilbake på det angrar eg på at eg ikkje våga å prøve meg som songar. I staden var eg dansar, men det var jo fantastisk kjekt det òg!
No skulle eg sjølvsagt ønske at eg torde meir før. Å synge er noko av det kjekkaste eg veit, men med angst som følgjesven er det ikkje lett å prøve seg framfor eit publikum.
Så det vil eg seie til alle dykk: våg å prøve! Våg å vise deg fram, og gjer det du har lyst til. Om du ikkje når langt så har du i alle fall gjort eit forsøk.
PS: Middagen var pizza med lauk, chilikjøtdeig, skinke, ananas, mais, paprika og *trommevirvel* sursøt saus! Nydeleg godt!
fredag 27. mai 2011
fredagsbestyr
Tusen, tusen takk for dei fine kommentarane i dag og i går! <3
For ein gongs skuld passa eg på å sove ut skikkeleg i dag tidleg. Ikkje før halv elleve drog eg meg ut av senga og køyrde heim. Til vanleg pleier eg å føle at heile dagen forsvinn når eg står opp så seint, men i dag var overskotet på plass og ting gjekk unna i ein fei.
Eg har
- demontert og vaska to eigentleg-kasserte kjøkenstolar
- måla ferdig første strøk på oldefarstolane mine
- spraymåla litt diverse
- pussa fire par sko
- laga salat til minst to personar (kvifor går det ikkje an å lage ein enkel porsjon?)
- sett ein crappy film
Og gått tur med Balder. Finingen.
No skal eg kose meg glugg i hel med lakrisogkanel-te, Game of Thrones og ein herleg ein.
torsdag 26. mai 2011
slike dagar
Der ein tek på seg kjole og marineblå strømpebukse og den finaste jakka, men så er det ingenting som stemmer likevel fordi alt på innsida er snudd heilt oppned og bakfram og utinn.
Når til og med dei beste skoa ser ut som klovnesko er det heilt klart på tide å ta kvelden og håpe at ein vaknar som ein vakrare, snillare, meir sjølvsikker versjon av seg sjølv. I wish.
Abonner på:
Innlegg (Atom)












