onsdag 7. desember 2011

femte og sjette desember

Før ein veit ordet av det kan kvelden stupe kråke og skalle hovudet i bordkanten, og så snurrar verda baklengs ei stund. Det skjedde på søndag. Natta tok meg tilbake til det helvetet eg opplevde i sommar, då eg kasta opp mange gonger kvar einaste dag i tre veker. Denne gongen fekk kroppen nok for alvor. 
Heile måndag og tysdag gjekk med til å liggje på observasjonsposten med saltvatn og syrenøytraliserande rett i handa. Etter kvart som eg følte meg litt betre vart det sjølvsagt grueleg keisamt å liggje der åleine, men både Sigrid og Mattias fekk allernådigst lov til å besøke meg litt:
Til slutt fekk eg reise heimatt. Pappa kjøpte ein bil i Oslo og kom like gjerne ned for å hente oss begge to (meg og bilen, altså). Så no er eg heime på Eid. Fem kilo lettare enn eg var for ein månad sidan. Kanskje er det like greitt at jula er på veg?

Femte Desember
Sjette Desember

søndag 4. desember 2011

fjerde desember

"La de gode tingene få en sjanse til å skje."
- Karsten Isachsen

tova barnevottar

Eg har aldri strikka noko til toving før, og sidan eg ikkje fann ei passande oppskrift, vart det til at eg prøvde meg fram litt på eiga hand. Med brettekant er det enkelt å få vottane til å sitje godt (Elias greier i alle fall ikkje å dra dei av seg), og tovinga gjer at dei er gode og tette. Perfekt når ein skal sitje i vogna og vinke til bilane, og varmt og godt til leik i sandkassa.

Vottane er strikka i Fritidsgarn frå Sandnes, og om lag storleik eitt år.

Trur nok det blir fleire slike etterkvart, for Sigrid er i alle fall svært nøgd med dei!

lørdag 3. desember 2011

tredje desember

"Courage is not the absence of fear, but rather the judgement that something else is more important than fear."
- Ambrose Redmoon
Trommande regn akkompagnerte humøret mitt då søvnen drog sin veg i dag tidleg. Flaks at Sigrid er ein reddande engel som byr på taco og laurdagsgodt og ein smilande Elias. 

OG ELIAS GJEKK!

For aller fyrste gong! Flinke, flinke Elias! <3

fredag 2. desember 2011

andre desember

"Klag ikke under stjernene over mangel på lyspunkter i ditt liv."
- Henrik Wergeland
Mellom pensumlesing og den tomme kjensla i brystet tok eg sesongens første minusgradersjoggetur i strålande solskin. 

torsdag 1. desember 2011

første desember

"Delt glede er dobbel glede, delt sorg er halv sorg."
- Christoph August Tiedge
Årets julekalender skal vere fine tankar og ord til han eg er glad i. Budsjettet mitt for dagane fram til heimreisa er i utgangspunktet begrensa til 17 kr per dag, så det seier sjølv at mat må prioriterast framfor andre ting. Likevel vart eg med Eirik og Marius til julebodene på Karl Johan. Vi spleisa på spanske vafler, og det er sikkert det mest usunne eg har ete det siste året, men fy søren så nydeleg godt. Då kom julestemninga sigande trass i at vêret trur det er september. 

Vel heime vart dagens niste (som eg ikkje rakk å ete på skulen) fortært med ein kopp peparmyntete attåt. Pensum ventar, og det same gjer julegåvene. 

Thomas, eg saknar deg <3

onsdag 30. november 2011

før det blir jul

Siste Oslo-økt før jul er i full gang. Julegåver tek form på t-banen og forelesning (det praktiske med å strikke!), og Ann Kristin har brukt meg som modell til brudeprosjekt. Spennande!
(ikkje frå shooten med AK, men same kjole)


No gjeld det å fylle dagane. Det skal nok gå.

fredag 25. november 2011

hårfornying

Frå dette:
Via dette:
Til dette:

Okeiokei, ikkje revolusjonerande, men eg føler meg i alle fall meir klar for fotoshoot på måndag!

torsdag 24. november 2011

tankedag

Sjølv om genetikkpensum lokkar med si venaste, vakraste røyst er ikkje Mendels lover i stand til å halde meg engasjert særleg lenge om gongen. Eg lurer på om eg berre skal hoppe litt lenger fram i boka for å finne stoff som er litt meir nytt og utfordrande, men erfaringsmessig veit eg at psyken helst ikkje vil samle seg om slikt no. 

Men eg prøver jo. Les side opp og side ned og granskar arv og overkryssing til auga går i kryss. Og når eg oppdagar at den førre sida gjekk bort til fordel for tankevandring og lengsle etter å bli glad att og føle seg nyttig, då legg eg boka til side ei lita stund. Trass i at eg frys fingrane av meg kryp eg fram frå pleddet og går, godt innpakka i Thomas si strikkajakke, ned til geita med brødskalkar og salat. Ho blir i alle fall glad for å sjå meg, og stavrar seg opp på leddgiktbeina sine. Eg klør henne mellom horna og passar på at ho ikkje gomlar i seg plastposen. Ho ensar nok ikkje at eg går att, for brødskivene på graset er mykje viktigare. Dessutan trur eg ho ser ganske dårleg. 

Spegelen på badet lyg ikkje om det slitne trynet mitt. Posar under augene, sa du? 
Når hovudet ikkje vil henge med får ein støtte seg på det materielle. Ein kopp peparmynte-te får varmen tilbake i skrotten og eg let att auga for at oppvasken ikkje er teken. Tviheld på avslappinga og les bloggar som får meg til å ønskje at nokon kunne teke fleire bilete av meg når eg er glad. Slik som eg helst vil vere. Eg skulle så gjerne hatt nokon som kunne fanga dei fine stundene og trykt dei i trynet på meg når eg er slik som no, for no har alt det fine gøymt seg så eg ikkje kan finne det oppe i hovudet mitt. Berre eg finn dei rette nervecellene og får dei til å prate med kvarandre, så kjem det fram att. Trur eg. Håpar eg. 

Heldigvis kjem arbeidskaren min inn til lunsj. Han et Weetos med mjølk medan eg maular ein neve og masar om næringsinnhaldet (som er skikkeleg ugunstig, altså). Sidan eg berre seier slikt på tull ser han på meg og smiler medan han puttar t-skjorta godt nedi stillongsen og reiser seg. Lunsjen er over, men eg får ein god klem, og han stryk med fingertuppane oppå høgtalaren på veg ut. Tørkar du ikkje støv, spør han. Eg må ærleg innrømme at det gjer eg faktisk ikkje.

onsdag 23. november 2011

når ting ikkje blir som ein tenkte

I tillegg til pensumlesing hadde eg som mål for restitusjonsperioden min å strikke mitt første par strømper på bestilling. Maria ønskte seg strømper og vottar med ugle på, så eg tok utfordringa. 

Eg har aldri før strikka noko som andre skal betale for, så det var eigentleg litt skummelt i seg sjølv. Dessutan måtte eg prøve meg litt fram med oppskrifta, og enda med å gjere dette heilt på min eigen måte. Første eksemplar vart ferdig den andre dagen eg var heime, og resultatet vart slett ikkje verst. Difor har eg rett og slett berre sett fram til å bli frisk nok til å strikke den andre. Som tenkt, så gjort: i går fullførte eg den òg, og planlegginga av broderi vart igongsett. 

Alt vel så langt, tenkte eg. Sidan mamma kom på besøk ein tur med sine nesten-Maria-like leggar fekk ho prøve dei på. Det var då vi såg det: eg har strikka altfor slakt på nr 2! Eller altfor stramt på den første, det går litt for det same. 

Nybegynnarfeil, eg veit det. 

Uansett skal eg prøve å redde stumpane i kveld. Dampe litt, strekke litt, sjå kva som skjer. Og blir det ikke bra, så maler vi det en gang til. Eller strikkar, blir det jo. Ikkje verd å misse motet for. 

Eg har kanskje kræsja litt dei siste dagane. Nedfor og fæl. Det går over.