lørdag 11. februar 2012

gevinst

Då eg snubla over ein sokkekonkurranse inne på Trådsnella for eit par veker sidan, la eg like godt inn eit bilete av uglesokkane som eg strikka før jul.
Sidan ambisjonane om å vinne ikkje var spesielt store, har eg ikkje ofra konkurransen ein tanke etter det. 

Heilt til denne dukka opp i postkassa i går:
Pakke? Til meg?
Oi! Garnpakke frå Viking Garn, akkurat nok til eit par tova ulltøfler. Og endå ein gong ser det ut til at det er lettast å vinne når ein ikkje har tenkt så mykje på saken. Fantastisk stas at sokkane fall i smak hjå juryen!

Hurra!

fredag 10. februar 2012

eit liv etter eksamen

Av og til klaffar ting perfekt. Moteuka og eksamen same veka, til dømes. Ikkje det at Moteuka normalt sett har noko som helst å seie for meg, i og med at det er ei bransjegreie, men i år kunne eg altså treffe pappa i byen.

Som ei slags eksamensfeiring traff vi tidlegare og noverande kollegaer, og hadde ein strålande kveld med øl og vin og blåskjelmiddag og litt kaffi og Baileys til slutt. Det var heller ikkje verst å kunne stå opp til ferdigdekka hotellfrukostbuffé før torsdagen starta for alvor. Etter ein tur innom messa (altså Moteuka), der eg fekk sjå mykje av opplegget rundt butikkane sine innkjøp for komande sesongar, drog eg til Operahuset ilag med ein kollega frå fabrikken heime på Eid.

Det var utruleg spennande å få kike på kostymeproduksjonen og gangen frå idé til ferdig produkt. Sidan ulike framsyningar ofte blir sette opp mange gonger og på ulike stader, med nye songarar frå gong til gong, må kostyma kunne tilpassast deretter. I slik kostymeproduksjon er sjølvsagt materialbruken òg heilt annleis enn det eg er van med å sjå.

Og så fekk alle saman lære litt om korleis samarbeid mellom fabrikkane/produksjonane kan gjerast best mogleg. Eg elskar slike uventa små gleder i kvardagen!

onsdag 8. februar 2012

pust ut!

Med supersopp-sokkar og Flode-t-skjorte gjorde eg meg klar for eksamen i dag. Og så vart eg ferdig. Ferdig! Endeleg, endeleg, endeleg kan eg tenke på noko anna enn oksidativ fosforylering og embryoutvikling. I alle fall fram til eg får vite at det vart ein F. Neida, vi kan jo kanskje håpe at eg består, i det minste. 
Bileta vart absolutt ikkje tekne før eg drog heimanfrå, for då såg eg ikkje slik ut. Eg kan kunsten å grue seg. Veldig.

Fram til måndag skal alt vere kos. Sånn her:

- Gå tur med Snoopy (som forresten er blitt kjempeflink!)
- Rydde litt
- Ete restaurantmiddag ilag med verdas beste pappa (stakkaren vart oppringt klokka 4 i natt)
- Rydde litt til
- Reise HEIM
- Kose
- Stå på ski eller snowboard
- Kose
- Barnedåpkaffi (og -kaker)
- Kose


Og så er det på'an igjen. Men denne gongen skal eg ikkje vere sjuk så mykje, og eg skal halde meg à jour.
Det blir stadig lysare ute. Medisin for eit dystert sinn.

lørdag 28. januar 2012

min nye kompis

Hels på Snoopy!
Han er fem år, og skal få vere med meg på tur nokre gonger i veka framover. Knallfyr!

mandag 23. januar 2012

sprudlekjærleik

Denne helga har vore heilt fantastisk bra. Men kan ei helg eigentleg bli noko anna enn det, når fredag morgon startar med ein nyklipt goding som kjem traskande under gatelyktene? Inn til varmen under dyna, og resten av dagen var bytrasking og Egon-middag og masse, masse kos.

Boblevin og massasje for ømme musklar.
Og så såg vi Water to Elephants, som er filmatiseringa av denne, som eg las for ei stund sidan. Og den var fin sjølv om eg ikkje likar Robert Pattinson. Det beste var sjølvsagt elefanten, men det kom ikkje som noko sjokk.

Laurdag fekk vi sove heilt til vi vakna og vasse til butikken før frukost. Thomas fekk bestemme menyen heilt på eiga hand, men middagen skulle vere mitt prosjekt. Det var fint å somle vekk ein heil dag med TV-seriar og spasertur med frosne tær, og wok med perfekt steikt kylling i. Eg kan å steike kylling, det skal eg ha!

Etter kvart var det blitt søndag. Thomas hadde leika synsk og teke med seg badeshorts på eige initiativ, så vi drog og bada ilag med Sigrid og Elias. Vips, så fekk Thomas seg ein ny kompis! Det er ei fryd å sjå korleis han trivst med dei små <3

Etterpå drog vi på asiatisk restaurant og Sherlock Holmes på kino med ein kilo smågodt. Thomas trudde han skulle heim same kveld, men før han visste ordet av det hadde eg lurt han til å bli her ei natt til. Fy, som eg saknar han no som han er vekk.

tirsdag 17. januar 2012

eitt blikk tilbake, og så framover

Heime på Eid i jula hadde eg ein gyllen sjanse til å koble skikkeleg av før eksamensinnspurten som eg no er på veg inn i. Då eg endeleg var frisk etter den sjukaste hausten nokon gong fekk vi tid til å spele brettspel, ete julemat, lage peparkakestabbur og gå på aketur.

Det var så mykje fint, og sjølv om romjulsorkanen laga mykje styr og øydela mykje, så elskar eg faktisk at naturen viser seg fram. På godt og vondt.
Som dei fleste veit er det stille både før og etter stormen, og med oppdrettslaks på ville vegar var det på tide å setje ut garnet og håpe på storfangst. Nokre var heldigare enn andre, men vi fekk i alle fall nok til fleire gode middagar.

Fjorden var klårare enn eg nokon gong før har sett, og det er jo ikkje tvil om at slik sikt lokkar! Thomas og eg samla saman det vi greidde av dykkarutstyr. Diverre gjekk det ikkje heilt etter planen, så etter ein kort (og forfriskande) dupp i vinterkaldt vatn måtte vi avbryte før vi eigentleg fekk byrja.

Det er likevel aldri så fælt at det ikkje er godt for noko:
Nyanskaffa (men ikkje ny, vel å merke) skalldrakt og BCD. Brillene er berre til pynt. (Eg veit eg er hot, forresten.)

Så var eg tilbake i skulekvardagen i Oslo, med alt det inneber. Stress, dårleg søvn, mykje pensum å nå gjennom, og ekstreme mengder sakn. Thomas sender meg smakebitar frå livet heime med jamne mellomrom, og det er godt og vondt på same tid. Amaryllisen vår blomstrar, i det minste.
Kvifor den er så skeiv anar eg ikkje. Eg forsøkte å guide den undervegs, men måtte gje tapt då Thomas knakk stilken fordi det gjekk så sakte (han skulle jo berre hjelpe den litt). Derav brunteipen og boka (han måtte jo reparere).

Så, det var mi vesle oppdatering for denne gong. Det blir nok lite frå meg framover mot 9. Februar, men eksamen har altså skulda. Lev vel så lenge!

torsdag 12. januar 2012

oslofint

Innimellom pensum og pensum er himmelen blå. Sola snik seg inn i stova og lokkar ut i klår vinterluft. Kven kan vel lese når blendande strålar insisterar på at det er på tide å bevege seg?

Mat må ein jo òg ha. I dag woka eg friske gulrøter, purre, paprika, vasskastanjar, lauk og brokkoli ilag med ein strimla kyllingfilet. Nam!
For dei som bur åleine og synest det er lite kjekt å kjøpe heile brokkolibuntar, lange purrelaukar og ein kg gulrøter fordi ein aldri rekk å ete det opp, så må eg tipse om at dette er supre grønsaker til frysing. Gulrøter og brokkoli må helst forvellast, men purre kan ein godt berre skjere i skiver og fryse rått. Nam!

Når ein sjølv er litt mørketidsfrustrert og fantasilaus er det dessutan godt å ha ein kjærast. Ein som tek det på alvor når eg har fått dilla på ingefærte. 
Pennar, reklamedrops og husnøklar er sjølvsagt berre ein bonus!

Så vert dagen avslutta med middag for fire og likør frå Senegal, og heilt til slutt ein liten prins.

mandag 9. januar 2012

spirallue - oppskrift

Som eit resultat av keisemd, litt garn til overs og eit ønske om ny lue, vart denne til. Det går raskt unna, og resultatet varmar godt i vinterkulda. Oppskrifta vart til undervegs. 
Storleikar: Éin storleik. Vil truleg passe til dei fleste vaksne. 
Garn: Eg har brukt Classic (100% ull, 50 g = ca 75 m, anbefalt pinne NO.: 6) frå Gjestal Spinneri i farge nr 833. Dette garnet er nok ikkje å få kjøpt lenger, men eit garn med like spesifikasjonar vil nok gå like bra. Forsøk til dømes Fritidsgarn frå SandnesGarn eller Artic frå Trysil Garn. Eg brukte om lag eitt og eit halvt nøste.
Pinnar: Liten rundpinne nr. 5,5.
Strikkefastleik: Om lag 14 m = 10 cm.

Lue
Legg opp 70 m. Str ca 4 cm vr.bord rundt med  1 vridd r, 1 vr. Str vidare 5 r, 5 vr medan det på første omg aukast 9 m jamt over (= 79 m). Hald fram med å strikke 5 r, 5 vr. Rette og vrange masker skal forskuvast eitt hakk for kvar omg. Når arb måler totalt 24 cm str neste omg slik: *2 r, 2 r saman, 1 r, 2 vr, 2 vr saman, 1 vr*. Gjenta * - * omg rundt (= 63 m). Str 1 omg med 4 r, 4 vr, deretter 2 og 2 m r saman (= 32 m). Klipp tråden, trekk den gjennom resten av m og stram til. Fest alle endar. 

Eg blir svært glad for tilbakemeldingar, og pass på å sende meg eit bilete dersom du testar oppskrifta! Lukke til!





tirsdag 3. januar 2012

den nye kjolen og meg

På julafta. 












































Denne blir eitt av mine neste prosjekt. Gled dykk!

(Foto: Oda Taklo)

mandag 2. januar 2012

resten av 2011

Den første dagen i Juli drog vi av garde til Kreta.
Ei veke i sol og varme skulle gjere godt for slitne kroppar, med nattbading og utflukter i gresk øynatur.
Så vart eg sjuk. Tre veker rett i dass. Den dagen eg vart fri var den same dagen som heile Noreg vart ramma av sjokk, vantru og smerte. 22. Juli kjem aldri til å bli gløymt. 

Bloggen vakna til liv att då August sto på trappene. Eg hadde takka ja til skuleplassen på veterinærhøgskulen, og magen kribla av både frykt og forventning ved tanken på nesten seks år langt vekke.  Dei siste vekene heime kom og gjekk i ei forrykande fart. 
Så flytta eg til Oslo og vart student att. Ein flittig sådan.
Sommaren nærma seg slutten. På den første heimturen fekk eg oppleve breiflabb.
September var motorsykkel og bryllaup og venninnegreier og strikking og loppis. Bra loppis.
Produksjonen tok seg opp utover i Oktober. Eg trur verda var ganske bra då, for meg.
Eg fekk byrje å jobbe som assistent på dyreklinikken på Eid. Stor stas, det skal vere visst!

I November kjøpte vi sofa og laga det fint. Eg tok mandlane den ellevte, og operasjonen vart starten på eit nytt sjukdomshelvete. To veker utan mat vart etterfølgd av magesår ei veke seinare. Adventstida var i full gong, og juleferien min vart ekstra lang. 
Eit stormfullt år fekk ei stormfull avslutning då orkanen Dagmar kom fykande første juledag. 

Godt nytt år!