Supersøt karamellboks med pusekattar på. Passar perfekt til å ha teposar i, eller søte konfektbitar eller kanskje til og med ekte, heimelaga fløytekaramellar?
fredag 11. mars 2011
torsdag 10. mars 2011
utfordringar
Klede
Eg skal, så langt det er mogleg, unngå å kjøpe nye klede i 2011. Secondhand er lov, men i all hovudsak skal eg fokusere på å bruke det eg allereie har, redesigne det som ikkje passar, reparere det som er øydelagt og sy eller strikke sjølv. Strømpebukser, sokkar/strømper, undertøy og badekle er friteke frå regelen, men noko fråtsing blir det likevel ikkje på dette området heller.
Mat
Kvar veke er det lov med maks eitt måltid som blir "laga" ved å tøme varmt vatn på. Rett i Koppen, nudlar og denslags altså. Minst ein smoothie i veka skal også ned i magen.
Meg
Eg skal gjere ting eg likar og ting eg er flink til, og dessutan øve meg på ting eg ikkje er så flink til men som likevel gjer meg glad.
himmelblått
Kvite blondar og lyseblå chiffon. Perfekt for ein nattkjole.
Det var no eg skulle ha hatt ein vinterhage, så kunne eg sitje der i ein blomstrete lenestol med boka mi og ein kopp te, og sjå snøen utanfor men samtidig vere god og varm og få nytta alt sollyset.
Kjolen har eg funne på mørkeloftet.
onsdag 9. mars 2011
tanketøv
I går kom den kjensla snikande igjen. Den som seier at eg ikkje er bra nok, ikkje original nok, ikkje snill nok, ikkje sosial nok, ikkje morsom nok, ikkje interessant nok og sikkert tusen andre ting. Kort sagt den kjensla som lagar ein tung klump i magen og halsen og får meg til å ikkje tore dei tinga eg eigentleg har bestemt meg for.
No er det om å gjere at den ikkje får ta overhand. Eg har vore så flink dei siste vekene, til å ha trua på meg sjølv og å gle meg til ting og å glede meg over kvardagen.
Så eg håpar at dette blir ein ny fridag, så eg får tid til å gjere bra ting. Som til dømes å plante jordbær i mamma sine gamle tekanner og lese Grand Manila og strikke raude sokkar. Og så skal eg gå og gje ein klem til han som låg der og smilte til meg i dag tidleg.
No er det om å gjere at den ikkje får ta overhand. Eg har vore så flink dei siste vekene, til å ha trua på meg sjølv og å gle meg til ting og å glede meg over kvardagen.
Så eg håpar at dette blir ein ny fridag, så eg får tid til å gjere bra ting. Som til dømes å plante jordbær i mamma sine gamle tekanner og lese Grand Manila og strikke raude sokkar. Og så skal eg gå og gje ein klem til han som låg der og smilte til meg i dag tidleg.
tirsdag 8. mars 2011
haustvår
Akkurat no er det nesten som haust. Det regnar og blæs og eg håpar eigentleg berre at det skal regne meir og blåse kraftigare slik at bølgjene kjem opp på vegen og legg ifrå seg tang og drivved og slike ting som luktar godt når ein går ut og ser på kor bra stormen var. Og noko av det beste med ein skikkeleg storm er når mamma og eg tek på regnkle og altfor store støvlar og går ut for å vasse på parkeringsplassen, og mamma synest eg går for langt ned mot vatnet sjølv om ho eigentleg har kjempelyst å gå så langt sjølv.
Så kan vi kome inn og vere så kalde og våte på kinna og nasa at det einaste som hjelper er å drikke te og strikke sokkar, og så gjer vi det òg. Etterpå er lufta så frisk og nydusja at det finst ikkje maken.
Utanom det så har eg bestilt meg eitt stykk hjartemagasin i dag, og det vil eg gjerne oppfordre alle som lengtar etter noko fint til å gjere. Mariell (altså ho som lagar bloggen eg linka til og magasinet) er nemlig heilt utruleg flink til å skrive og ta bilete som skaper ei sånn roleg og god stemning. Nesten så ein blir litt forelska sjølv om ein ikkje eigentleg er forelska i nokon.
Så kan vi kome inn og vere så kalde og våte på kinna og nasa at det einaste som hjelper er å drikke te og strikke sokkar, og så gjer vi det òg. Etterpå er lufta så frisk og nydusja at det finst ikkje maken.
Utanom det så har eg bestilt meg eitt stykk hjartemagasin i dag, og det vil eg gjerne oppfordre alle som lengtar etter noko fint til å gjere. Mariell (altså ho som lagar bloggen eg linka til og magasinet) er nemlig heilt utruleg flink til å skrive og ta bilete som skaper ei sånn roleg og god stemning. Nesten så ein blir litt forelska sjølv om ein ikkje eigentleg er forelska i nokon.
mandag 7. mars 2011
kjolemagi nr 2
Sommarleg og behageleg.
Eg veit ikkje noko om denne utanom at det er ein kjøpekjole, og at det sikkert er mormor som har hatt den. Stoffet er dessutan 100% bomull, noko som er uvanleg for mørkeloftskjole å vere, og absolutt kjempepositivt. Og så har den lommer, hurra.
Mormor var innom her i dag med eit stoff som ho skal lage kjole til meg av, etter mønster frå gårsdagens. Den blir ein rosa draum med sebraar, gnuar, elefantar og akasietre.
I mellomtida skal eg nattkose i ei fin himmelseng heilt til vi kjem til ein ny dag.
PS: Max er blitt betre allereie, hurra.
slappemax
Ny dag, ny veke. Max, den Hellige Birmaen til mamma, har kasta opp ein del dei siste dagane, og i dag er han berre slapp og nektar å ete. Og sidan alt han har prøvd å ete dei siste dagane har kome oppatt og ingenting har kome ut i den andre enden, så har eg ordna veterinærtime til han seinare i dag.
Då får vi sjå om vi kanskje finn noko som sit fast i magen eller halsen hans, og forhåpentleg kan vi få han frisk i ein fei.
I mellomtida har eg nytta sjansen til å fortsetje tapetskrapinga på det som skal bli soverommet mitt. Det er støvete og travelt, og skrapelyden overdøyvar for det meste radioen, så eg blir raskt lei av å stå der. Jammen bra eg har hundre andre ting å styre med!
Støvet gjer òg at eg den siste veka har vore nøydd til å vaske håret kvar dag. Det er jo ikkje bra, så i dag har eg vore lur og pakka inn hovudet i eit skaut.
Fy søren kor smart eg kan vere når det trengs.
søndag 6. mars 2011
mormorkjole
Denne kjolen fann eg på loftet for nokre dagar sidan. Det er heilt garantert mormor som har sydd den, men etter storleiken å døme trur eg den må ha vore laga til ein av systrene hennar. Til meg er kjolen omtrent akkurat passeleg bortsett frå over puppane, men det skal eg klare å fikse.
Problemet er at eg ikkje heilt likar fargen og mønsteret. Eg ser ikkje for meg at eg kjem til å bruke den slik den er no, så derfor skal eg lage ein kopi i eit anna stoff som blir akkurat slik som eg vil.
Og då er spørsmålet: kva skal eg gjere med originalen? Eg kan anten farge den, eller gje den vekk/selge den.
Kva trur du?
tapet, takpapp, papir
Då er det bestemt. Denne tapeten skal få kome heim til meg og klistre seg til veggen på soverommet mitt. Lyst og fint og triveleg, og litt skummelt mykje rosa.
I gårkveld oppdaga vi sjølvsagt at senga mi er altfor stor for rommet, så eg blir nøydd til å endre planane mine på ein eller annan måte. Vi får det vel til.
I dag er det kosemorgon og jobbedag. Dessutan skal eg ha ein tur ut i solskinet.
lørdag 5. mars 2011
helg
å vere nydusja og gåen og ete familiepizza
å spele kjekke spel med gode vener og kaffi med Bailey's
å bli henta om natta og sovne i spoon medan eg kjenner pusten hans i nakken
å drøye morgonen lengst mogleg og stå opp til ei skei med lakris-is nam
å åpne bildøra så setet blir fullt av snø
å velje blomstertapet til soverommet og ikkje bry seg så mykje om prisen
å ta på seg mamma sin gamle tjukkegenser og bli servert smoothie av veslesyster
å gle seg til å sjå Black Swan på laurdagskvelden
å bli servert hjortebiff til middag
Abonner på:
Innlegg (Atom)






