søndag 6. mars 2011

mormorkjole

Denne kjolen fann eg på loftet for nokre dagar sidan. Det er heilt garantert mormor som har sydd den, men etter storleiken å døme trur eg den må ha vore laga til ein av systrene hennar. Til meg er kjolen omtrent akkurat passeleg bortsett frå over puppane, men det skal eg klare å fikse. 


Problemet er at eg ikkje heilt likar fargen og mønsteret. Eg ser ikkje for meg at eg kjem til å bruke den slik den er no, så derfor skal eg lage ein kopi i eit anna stoff som blir akkurat slik som eg vil. 

Og då er spørsmålet: kva skal eg gjere med originalen? Eg kan anten farge den, eller gje den vekk/selge den. 

Kva trur du?



3 kommentarer:

  1. søt :-)
    et spørsmål.. har du silikon i puppene?

    SvarSlett
  2. Takk:)
    Hehe, artig at du spør, men nei, eg har nok ikkje det. Det er vel kanskje det siste eg treng...

    SvarSlett
  3. fint mønster! lykke til!

    SvarSlett

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.