I går sette vi (Thomas, Sigvar, Balder og eg) av garde på saue- og bærsanking. To av sauene vi har hatt på beite har greidd å få med seg lamma sine på ein skikkeleg fjelltur, så vi måtte opp i høgda for å sjå etter dei.
Det var ikkje eigentleg planlagd å plukke bær, men vi måtte sjølvsagt ta med oss det vi snubla over. Og det vart etter kvart mykje! Vi måtte diverre gje oss med plukkinga då sola gjekk ned, men sauene var ikkje å sjå.
Vel heime att rakk vi berre såvidt å ete eit stykke av den mislukka ostekaka eg laga på fredag, før Thomas fekk telefon om at nokon hadde fått besøk av ei søye med to lam. Siggen hadde varebilen sin her, så vi heiv oss rundt og fekk tømt lasterommet i full fart. Det var viktig å finne fram til sauene før det blei heilt mørkt.
Og jammen fann vi dei, på den andre sida av fjellet. Dei ville ikkje fangast, så då vi endeleg fekk dei på plass i bilen var det blitt sein kveld. Fantastisk dag!
I dag skal mamma vere med meg opp. Blåbær og multer veit vi at vi finn, men kanskje har vi hellet med oss når det gjeld dei tre siste sauene også.
tirsdag 14. august 2012
søndag 12. august 2012
vås
Når sant skal seiast har eg hatt ei elendig veke. Det skjer noko rart med meg kvar gong det nærmar seg avreise til Oslo, men denne gongen er det ekstra ille. Som om kvart minste snev av sjølvtillit har gøymt seg i hjørnet under sofaen der eg ikkje når fram. Og når eg ikkje har trua på meg sjølv og mine eigne evner, då blir eg fæl.
For det første klarer eg ikkje å bestemme meg for noko som helst. Skal eg ta eksamen i morgon, eller spare den til våren? Skal vi kjøpe vaskemaskin, eller vente til vi flyttar? Skal vi kjøpe ei skikkeleg til seks tusen, eller ei billig som vi må forvente å erstatte om få år? For det andre blir eg giddalaus. Eg har sett ein heil sesong av "How I Met Your Mother" og 32 episodar av "My name is Earl" i staden for å fylle dagane med ting eg likar, som bærplukking, fisketurar, bading og venskap. Det einaste eg kan skryte av er ein haug keisamt husarbeid og ein halvstrikka sokk. Og for det tredje blir eg nærtakande. Eg blir på eit vis botnlaust fornærma dersom Thomas ikkje ser (og roser meg for) at eg har støvsugd heile leilegheita og vaska klede og rydda på kjøkenet og skifta sengetøy.
Slik vil eg jo ikkje vere. Ingen vil vel vere ei sur gammal kjerring som berre ser det negative i kvar ein situasjon. Det veit eg, og dermed gjer "fælskapen" min meg endå meir nedtrykt. Då vil eg ikkje plage andre med mitt nærvær, mine plager eller sorger. Eg synest ikkje sjølv at eg har verdi nok til at nokon skal behøve å bry seg. Samtidig vil eg gjerne bli sett og spurt og invitert med på ting. Eg klarer berre ikkje å ta initiativ på eiga hand.
Heldigvis snur det alltid før eller seinare. Denne gongen trur eg det snudde i går.
Mormor, Kristian (bror), Thomas, Meg, mamma, Torjus (bror), pappa, Oda (syster), Steffen (bror), Magdalen (Steffen si utkåra).
søndag 5. august 2012
lørdag 28. juli 2012
something smells fishy
Heime etter dagens fisketur. I garnet fekk vi litt av kvart, men det var kjekkast å ta bilete av måkane. Og så har eg bada i fjorden for første gong i år!
No går turen til Skjåk. Snakkast!
mandag 23. juli 2012
fredag 29. juni 2012
sommarlov
Vi feira sankthans på Jønnhalt Gjesteseter, der oldemor Ingrid og oldefar Ragnar sine etterkomarar hadde treff for attande år på rad. Det var mange ungar, herleg mat og gullbryllaup for farmor og farfar.
Så starta praksisen min i Åshamar samdrift.
Alt i alt er mjølkekyr veldig ålreite dyr.
Vi har hatt nydelege dagar denne veka. Små og store bidreg med hesjing og raking (og mykje bading!), og hundane er i farta frå morgon til kveld.
Dei er framleis eit vakkert par!
Kyr har aldri vore heilt mi greie (dei er jo ganske store og skumle), og med unnatak av nokre drektigheitsundersøkingar og ei kalving har eg knapt vore i kufjøs i heile mitt liv. Men det går bra no, altså! Mjølkemaskina er grei å ha med å gjere når ein berre veit kva ein må gjere, så det går raskare unna for kvar dag. Snart må eg kunne klare meg åleine, og det er litt nervepirrande.
Alt i alt er mjølkekyr veldig ålreite dyr.
Vi har hatt nydelege dagar denne veka. Små og store bidreg med hesjing og raking (og mykje bading!), og hundane er i farta frå morgon til kveld.
Eg elskar sommaren!
tirsdag 19. juni 2012
som i en dröm
God morgon, og takk for sist!
Den siste halvdelen av mai susa forbi. Vi var i Otterdal-konfirmasjon (og dermed også på Vestlandsrevyen, for dei som vil sjå) og på slektsstemne, så bunadane fekk køyrt seg grundig.
Etter det kom eksamensørska og tok meg, så for å få eit nokonlunde presist bilete av kva som hende etter det, må vi kike litt på instagram:
Så var eg heime ganske lenge. Sommaren kom til bygda om lag samstundes som eg, og dagane vart brukte på terrassen med bøkene i fanget.
Den siste halvdelen av mai susa forbi. Vi var i Otterdal-konfirmasjon (og dermed også på Vestlandsrevyen, for dei som vil sjå) og på slektsstemne, så bunadane fekk køyrt seg grundig.
Bak står Arve (svigerfar) og Thomas.
Framme: Vegar, Marita, Sissel (svigermor), meg og Sandra.
Biletet er teke frå Sandra sin blogg.
Aller først var Sigrid og eg på miniloppemarknad på Majorstuen. Der fann eg nesten ingenting, men Saga-fatet til venstre fekk bli med meg heim fordi eg vart litt betatt. Og tru det eller ei; då eg var på besøk hjå oldemor nokre dagar seinare, hadde ho to små Saga-fat ståande på nattbordet sitt. Og eg fekk dei! No har eg kanskje fått dilla på serien, men det går heilt fint. Thomas skjønar ikkje greia ...



Herleg <3
Onsdag kveld tok eg nattbussen tilbake til Oslo. Siste leseinnspurt tok eg på golvet på Byporten, før turen gjekk til eksamenslokalet. Der brukte eg litt meir enn ein time før eg sa meg ferdig og drog heim. Same kveld feira vi sjølvsagt det første studieåret (og at vi berre har FEM att) med ein skikkeleg fest som eg ikkje var heilt med på.
Kila, ein fin liten Papillon hjå stebroren til mamma.
Eg passa på å reise av garde før nokon innsåg at eg hadde bursdag, og vakna heller hjå Sigrid dagen etter.

Pannekaker og frukt på senga klokka seks om morgonen. Det er stas! Vi leverte Elias i barnehagen og gjorde nokre ærend før vi sette oss på Halvorsens Konditori med kaffi og kaker. Etterpå drog eg heim og la meg heilt enkelt til å sove. Då eg vakna hadde Silje sine forelde kjøpt roser og laga kjøtkakemiddag, med is og jordbær til dessert. Fantastisk herleg, får'n si.
Mamma og pappa ville spandere frisørbesøk på meg, så på laurdag tok eg turen til Gevir og fekk ny, økologisk farge som luktar kinesisk urtete. Heilt sant!
Og så var det tid for å vere nattevakt. Åtte timar i baren på skulen var kjekkare enn forventa, før vi tok farvel og eg reiste for å hente bil på Hamar. Det å reise frå aust til vest i Noreg er ofte som å ta ein tur gjennom fire årstider. Som regel får ein ei regnbyge eller to (eller ti), opptil fleire solgløtt, og oppe på fjellet ligg snøen til langt ut i juli. Då går det fint med dei mange einsame timane på vegen.
Vel heime vart eg overraska av bursdagskake.
Sandra og Thomas har gjort ein kjempeinnsats for å lage favorittkaka mi! Thomas ville til og med slå til med Gelélok, noko han sjølv ikkje likar i det heile. Diverre stivnar jo ikkje gelé når det blir kombinert med kiwi, så eg fekk eit svare strev med å ikkje le altfor mykje av en gode kjærasten.
Og i dag er det han sin tur å ha bursdag.
GRATULERER MED DAGEN, KJÆRE THOMAS<3
Då er vi blitt 22 og 32, og sommaren ligg framfor oss. Snart startar gardspraksisen min, og livet smiler.
Følg meg gjerne på Instagram. Der heiter eg dagdraum.
Ha ein fin sommar!
Etiketter:
gamle ting,
innkjøp,
kvardagsglede,
livet,
selskap og fest
lørdag 12. mai 2012
treigt
Eg er heilt ufatteleg lite kreativ for tida. Det går for det meste i pensumteikningane, som eg sjølv likar ganske godt, men som ikkje eigentleg er så mykje å vise fram. Og så er det den fanakofta som Siggen skal få, då. FY, så lei eg er av den! Unnskuld, Siggen, men den er forferdeleg.
Dette er starten, for nøyaktig to månader sidan.
Og dette er i dag:
Det går altså så treigt! Litt fordi det er tynt garn og tynne pinnar (og mange masker), men mest fordi eg er så lite motivert. Eg såg så inderleg fram til å byrje på mønsteret oppe, og dit kom eg i forgårs. Gleda vart likevel kortvarig, for på grunn av ein teit tellefeil og klønete fingrar vart eg tvungen til å rekke opp att heile seks runder. Vips, så var all den nyvunne motivasjonen forsvunnen som dugg for sola. No er dette blitt eit må-tvinge-meg-sjølv-til-å-bli-ferdig-før-eg-startar-på-noko-anna-prosjekt.
torsdag 10. mai 2012
ein liten ven i skogen
I dag møtte eg min første hoggorm (Vipera berus).
Det er ikkje verre enn at eg kan innrømme at eg kvapp ein smule då denne karen (frøkna?) plutseleg låg samankveila ved sidan av eit tre eg skulle felle. Heldigvis er ormar ganske sløve på overskya vårdagar, og sniglar er mykje meir skremmande, så eg fekk tid til å fomle fram telefonkameraet før den vesle kameraten forsvann inn i hola si.
Etter at alle gjerder var reparerte og uhorveleg mange tre var felte, var vi klare til å ta imot årets sommargjestar. Minst 10 sauer og 20 lam skal få beite på bøane her på Lid, og det blir første gong på fleire år at det går dyr her. Åh, det er så herleg å sjå dei små lamma sprette av garde på sine korte bein!
Etiketter:
ekstase,
friluft,
kvardagsglede,
livet
mandag 7. mai 2012
hjartesokkar til ein konfirmant
I går var det Tora sin tur til å stå framfor presten.
I tillegg til den vanlege pengesummen, fekk ho kvite ullsokkar med hjarte på.
Resten av livet går sin ujamne gang.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
















