lørdag 12. mai 2012

treigt

Eg er heilt ufatteleg lite kreativ for tida. Det går for det meste i pensumteikningane, som eg sjølv likar ganske godt, men som ikkje eigentleg er så mykje å vise fram. Og så er det den fanakofta som Siggen skal få, då. FY, så lei eg er av den! Unnskuld, Siggen, men den er forferdeleg.
Dette er starten, for nøyaktig to månader sidan. 
Og dette er i dag:
Det går altså så treigt! Litt fordi det er tynt garn og tynne pinnar (og mange masker), men mest fordi eg er så lite motivert. Eg såg så inderleg fram til å byrje på mønsteret oppe, og dit kom eg i forgårs. Gleda vart likevel kortvarig, for på grunn av ein teit tellefeil og klønete fingrar vart eg tvungen til å rekke opp att heile seks runder. Vips, så var all den nyvunne motivasjonen forsvunnen som dugg for sola. No er dette blitt eit må-tvinge-meg-sjølv-til-å-bli-ferdig-før-eg-startar-på-noko-anna-prosjekt. 



torsdag 10. mai 2012

ein liten ven i skogen

I dag møtte eg min første hoggorm (Vipera berus).
Det er ikkje verre enn at eg kan innrømme at eg kvapp ein smule då denne karen (frøkna?) plutseleg låg samankveila ved sidan av eit tre eg skulle felle. Heldigvis er ormar ganske sløve på overskya vårdagar, og sniglar er mykje meir skremmande, så eg fekk tid til å fomle fram telefonkameraet før den vesle kameraten forsvann inn i hola si. 

Etter at alle gjerder var reparerte og uhorveleg mange tre var felte, var vi klare til å ta imot årets sommargjestar. Minst 10 sauer og 20  lam skal få beite på bøane her på Lid, og det blir første gong på fleire år at det går dyr her. Åh, det er så herleg å sjå dei små lamma sprette av garde på sine korte bein! 

mandag 7. mai 2012

hjartesokkar til ein konfirmant

I går var det Tora sin tur til å stå framfor presten. 
I tillegg til den vanlege pengesummen, fekk ho kvite ullsokkar med hjarte på. 
Resten av livet går sin ujamne gang.