mandag 31. oktober 2011

fiks: strømpestopping

Litt inspirert av Nøstebloggen sitt innlegg om ullvøl har eg dei siste dagane teke fatt på reparering av strikkaplagg. Sidan eg stoppa massevis av strømper i fjor har eg eigentleg ikkje så mange holete par att, men strømpestopping er veldig uproblematisk og greitt (fargen kan jo like gjerne kræsje fullstendig med strømpa og det kan likevel sjå artig ut, og dessutan skal dei for det meste nedi skoa). Etter litt prøving og forsking frå fjoråret synest eg dessutan at eg har ordna meg grei teknikk på sakene.

Som nokon av dykk kanskje veit frå før er det vanleg å "veve" att hol på til dømes strømper. Det blir ei tett og rimeleg slitesterk stopping som ofte forlengar strømpa si levetid med minst ein sesong (dette kjem sjølvsagt an på garntype og brukstype, men poenget er at dei varer mykje lenger med ein liten arbeidsinnsats). Då kan det sjå omlag slik ut:
Bakpå hælar slik som her blir det ofte ikkje noko hol med rette, fine kantar der det som er rundt holet er heilt fint. I staden får ein eit ganske stort område som er tynnslite og samantova etter å ha blitt gnidd mot hælkappene i skoa (skulle hatt før-bilete her!). Difor følgjer eg ikkje heilt same prosedyre som stoppeguiden på Nøstebloggen, og det ser kanskje litt meir rotete ut.

Eg let holet vere som det er,med tynnslitne masker på ganske store område (heile strømpehælen har forma seg godt etter foten min). Dersom der er nuppar får saksa ta dei, men alt som er strikka frå før får vere der. Så startar eg i ei side og følgjer strikkeretninga fram og tilbake, ei renning per strikkemaske. For kvar gong syr eg meg gjennom det tynnslitte til tråden blir forankra i "friskt" strikk. Slitinga er litt ujamn, og stoppinga blir dermed heller ikkje firkanta eller sirkulær, som de kan sjå.

Der det har vore skikkeleg hol vevar eg deretter på tvers av renningane, medan det i dei tynne områda ofte er nok at tråden er sydd inn berre den eine vegen. Når eg gjer det slik blir det ikkje store skilnader i tjuknad, og det gamle grå garnet er godt forankra innover i stoppinga. Dette raude garnet var ganske tjukt (kanskje tjukkare enn det grå har vore), men etter å ha blitt trakka på ei lita stund er det umogleg å merke, og stoppinga er tett og like fleksibel som resten av strømpa. Fargen kan ein sjølvsagt gjere lik eller ulik strømpa, men som sagt synest eg det er kjekt med litt farge, og det viktigaste er jo at det er eit garn som toler litt slitasje.

I morgon skal vi over på litt finare vøling, og noko som eg eigentleg var veldig spent på om eg kom til å få til. Stay tuned!

Forresten så ønskjer eg meg ein stoppesopp! Nokon?

fredag 21. oktober 2011

smakebit

Meir i morgon.

dudliatten tei for sola og deg og meg

Det går betre no. Natt til i går fekk eg overnatte hjå Sigrid, som alltid er fantastisk. Og det å vakne til eit smilande Elias-fjes er heller ikkje ein dum ting! 

Sjølv om første forelesning vart ein kamp om å halde auga opne, klarte eg å vere kjempeeffektiv utover dagen. Dermed kunne eg i dag stå opp til synet av ferdigsorterte strikkepinnar i vindaugskarmen.
Som du kanskje kan sjå skin sola her. Det betyr at eg skal vandre til skulen med solbriller og mormorskjørt på.
Der skal nokon teste om eg har lært det eg skal dei siste vekene før eg dreg vidare på besøk til Ann-Kristin som skal sminke meg ein gong til.

Men aller først skal eg drikke ein kopp te og ringe kjærasten. <3

onsdag 19. oktober 2011

heilt feil

Eg er tung og trøytt av sakn allereie før flyet landar på Gardermoen. Tilbake til kvardagen som eigentleg er så fin, men som ikkje kan nytast fordi tanken på han der heime er altoppslukande. Ein tung hovudverk har okkupert skallen min og vil ikkje sleppe taket. Eg har altfor mange oppgåver å gjere, men berre det å handle mat krev krefter som eg ikkje har. Så merkeleg det er, at ein kan bli så grusomt sliten så raskt. At kroppen kan vere full av bekymring for noko som ikkje er gale. 

Dei som seier at dei kan hjelpe meg å takle stresset og angsten gav meg berre eit visittkort og sa eg skulle ringje viss eg har det vanskeleg. Eg har det jo vanskeleg. Kvifor skulle eg stå der med tårer i auga viss alt var tipp topp? Kvifor kunne eg ikkje få ein time neste veke, sidan det var fullt denne veka? I staden må eg samle mot til å gå dit (eller verre - ringe) endå ein gong utan å vite kva eg skal seie. Kven veit kor lang tid det vil ta? 

Eg er lei. Det kjem til å gå over, men i mellomtida må eg kaste vekk tid og krefter på å ikkje fungere. 





Til Harald

Som kontaktlærar for meg dei tre åra på vgs var du alltid flink til å lytte. Du forstod at mitt manglande engasjement ikkje skuldast manglande evner, og let meg ta ting i mitt eige tempo når det gjekk trått. Samstundes stilte du krav, og sytte for at eg hjelpte meg sjølv når det var naudsynt. 

Kvil i fred. 

tirsdag 18. oktober 2011

don't let the bed bugs bite

Gårsdagens innsats i Thomas si leilegheit gjorde det klart for første overnatting på nytt soverom. Vi har verken måla der eller rydda skikkeleg, men éin ting er sånn nokonlunde på stell. Nemleg den nye senga. Den latterleg høge senga. 
Eg må rett og slett klatre for å kome meg opp, men komforten er heilt upåklageleg. No er det om å gjere å rydde alle kleda våre fint ned i skuffene og få orden på resten.

Eg vil ikkje tilbake til Oslo.


søndag 16. oktober 2011

torsdag 13. oktober 2011

mitt vakre vestland

No veit eg det. Endeleg veit eg at eg vil bli veterinær. Og eg vil bu i bygd.
Sidan måndag har eg vore med som assistent på veterinærkontoret heime på Eid, og sjølv når eg står med halve armen inne i ei ku veit eg at eg har vald rett studie. Eg innsåg i går at eg kjem til å lukte fjøs til eg blir pensjonist. Minst!

Når ein køyrer rundt for å hjelpe koselege bønder med små og store problem er det heller ikkje å forakte at distriktert vårt er noko av det vakraste som finst. Mellom gardsbesøk kan ein lufte hundane i den vakre og ville Ervika på Stadlandet, og flaumande morgonsol i haustkledde dalar gir energipåfyll til den mest hardnakka sløving.

Her vil eg bu, leve og jobbe.

lørdag 8. oktober 2011

water to elephants

På veg til flyplassen i går kjøpte eg Vann til elefantene, sjølv om eg eigentleg ikkje hadde råd til å kjøpe nokonting i det heile. Det viste seg å vere eit godt val, for på Gardermoen hadde dei kansellert flyet mitt og plassert meg på eit anna som skulle ein annan stad.

Før eg visste ordet av det hadde vi vore i lufta ein time lenger enn vi eigentleg skulle, brukt tre forsøk på å lande i tett skydekke og kraftige regnbyger, eg var blitt bilsjuk av berg- og dalbaneflyginga, og alle dei trehundreogførtiåtte sidene i boka var ferdiglesne.

Trehundreogførtiåtte sider med trettitalssirkus i USA. Uromantisk og vidunderleg på same tid. Aldri har eg lengta så sterkt tilbake til kjensla av å stå i sirkusmanesjen med publikum på alle kantar og eit orkester bak ryggen. Nesten magisk.

Eg innser at eg er nøydd til å sjå filmatiseringa av boka sjølv om eg ikkje kan fordra Robert Pattinson og ikkje kan sjå for meg Reese Witherspoon som passande i rolla som Marlena. Men no må eg sjå filmen. Eg berre må.

Forresten så er eg heime på haustferie. Her skal eg vere i over ei veke og jobbe, sanke sauer, kose og ominnreie. Elskar det.

onsdag 5. oktober 2011

mariuslue med fargevri

No er det slutt på å fryse på øyra!
Oppskrifta fann eg i Allers nr 1/2011. 

(Eg veit ikkje heilt kor nøgd eg er med fargevalet, men det var absolutt ein god måte å bruke restegarn på.)

tirsdag 4. oktober 2011

uglevottar

Dårlege webkamerabilete av dei siste dagars frukter. 

Raude barnevottar med uglebroderi. Kos.
Oppskrifta er frå ein perm med strikkekurs frå 1980, og det spesielle her er at vottane ikkje er strikka på strømpepinnar, men i staden fram og tilbake, og til slutt sydd saman i sida. Det vart litt rart og mykje bra, men dei må nok prøvast på nokon før eg veit kva som treng forbetring. 

mandag 3. oktober 2011

avvend

Dei siste dagane har eg følt at eg ikkje lenger har vore avhengig av internett. Det kan ha noko å gjere med at alt vart mykje meir tungvint då eg brått ikkje lenger hadde eit fysisk tastatur å skrive på, men no som eg endeleg sit med den nye fine Asusen i fanget kjenner eg at eg berre har lyst til å strikke likevel. Eg vil lese ferdig den fjerde boka sidan førre søndag, få besøk av gode vener og besøke gode vener og gå på loppemarknad og trene.

Det einaste fine med internett akkurat no er at eg kan sjå akkurat så mange episoder som eg vil av Dag (2). I alle fall til det er tomt. Og det passar fint å gjere medan eg strikkar vottar. Så det skal eg gjere no. De får sjå dei etterpå!

Men åh, forresten så lengtar eg etter ein ny header. Sjølv om eg elskar at hausten er på plass vil eg ha det lysare her inne. Det får bli mi eiga vesle utfordring når eg får tid.