lørdag 31. desember 2011

året 2011 - eit gjensyn


Med Mattias på ryggen ramla eg bokstavleg tala inn i den nye Januarmånaden. Ein månad som skulle vise seg å trekkje meg fleire mil tilbake frå den psykiske tryggleiken som endeleg var opparbeidd. Mellom jobbane på fabrikken og SFO var verda mykje angst og redsle.

Det einaste lyspunktet eg hugsar er ein bergenstur saman med Thomas og Sigvar. Alt var usikkert, og i Februar hadde vi alle eit stort sjokk i vente. Den 11.02.2011 mista vi ein fantastisk gledesspreiar då Øystein valde å ta sitt eige liv.

Det var ei grusomt tung tid, men samstundes fekk eg oppleve eit fantastisk samhald og nestekjærleik så sterk at det er vanskeleg å fatte. Nokre gonger kan det verste i verda få fram det beste i oss. 

Noko snudde i meg då. Eg bestemte meg (rett nok ikkje for første gong) for å nyte den tida eg har. Den nye bloggen vart oppretta 19. Februar, og dei første innlegga osar av positivitet. Thomas og eg var ei hemmeleg greie, og korte stunder i lykkerus kunne halde meg gåande i dagevis. 
Med Mars kom våren. Sigvar og eg planta jordbær og paprika og kepalauk. Dei vakraste kvalpane vart fødde på Taklo, men enno skulle det gå ei stund før eg fekk ta del i gleda der. Eg lengta etter å reise langt av garde. 
Til slutt hadde eg fått nok, og drog først til Oslo der Mattias, Sigrid og Elias venta. Min første loppemarknadsdag var eit faktum, men ikkje nokon suksess. 
Før eg visste ordet av det sat eg i ein park i Paris. April kom seglande med nydeleg vêr og ei kjensle av sjølvstende. Åleine, i Paris!
Heime i Noreg gjekk tida med til fisketurar og kvalpekjærleik. Innan månaden var omme hadde fleire dagar vore varme nok til at soling på terrassen var ein passande aktivitet.
Dessutan må vi ikkje gløyme lamma. Vi må for all del ikkje gløyme dei!
Den første dagen i Mai var eg jordmor for første gong. 
Syster Oda konfirmerte seg.
Og etter kvart var ikkje Thomas og eg så hemmelege lenger. Då han drog på segltur kunne eg sakne han utan å vere utrygg. Vi fekk dessutan Balder. Nydelege Balder. 
I Juni vart verda erobra. Først Bergen og London,
og deretter København. Lillesand, Oslo og Kreta. 


Resten av året kjem i neste innlegg! 





torsdag 22. desember 2011

juletresanking og den siste innspurten

Årets juletre vart sanka i bekmørk skog og knedjup snø. Torjus fekk felle sitt aller første, og drog det sjølv heile vegen ned att. Thomas og eg har bestemt oss for å ikkje ha eige tre nede hjå oss, men eg håpar og trur at vi klarer å lage den rette stemninga likevel.

No er kampen om kontroll i gang. Lister må skrivast for å få oversikt over kva som må gjerast, kjøpast, lagast og betalast. Diverre er den viktigaste lista umogleg å lage - nemleg den som viser kva som er gløymt.

Det blir nok jul i år òg!

mandag 19. desember 2011

industrilampen



Eg kunne ha betalt 1.400,- norske for ein slik på epla, eller 2.800,- danske her, eller kanskje 2.800,- i svenske kroner. 

Men nei, så mykje pengar klarer eg nok ikkje å bruke på noko eg garantert kjem til å bytte ut  om ikkje så veldig mange år. Trur eg, då. Industrilampa er nok ein trend, og den dukka opp for ganske lenge sidan, så eg blir i alle fall ikkje sjokka om eg skulle finne på å gå lei.

Men om eg no skulle ende opp med å like denne i mange år framover skal eg jo ikkje klage på at den var gratis. Eller vent no litt. Eg klagar jo ikkje uansett!

fredag 16. desember 2011

sekstande desember

"Let me be empty and weightless,
and maybe I'll find some peace tonight"
- Sarah McLachlan

femtande desember

"And it's hard to dance with a devil on your back,
so shake him off."
- Florence + the Machine

torsdag 15. desember 2011

onsdag 14. desember 2011

julebaksten

Det eine brettet med sjakkruter, - hjarter og -sirklar vart ekstra godt steikt, men smaken er god likevel!

Og så laga eg peparkakestabbur.
Delane vart steikt i går, så berre pynting og montering sto att i dag. Diverre vart eg lei av det allereie medan eg blanda melisglasuren. Og melisglasur var ikkje bra nok til liming...
Så då laga vi knekk og bygde stabbur i ein fei. Skeivt og fint. 
Bygget måtte sjølvsagt dokumenterast frå alle kantar. 
Men... eh?
Ja... 


trettande desember

"Bak skyene er himmelen alltid blå."

mandag 12. desember 2011

tolvte desember

"Not all who wander are lost."
- J. R. R. Tolkien

adventsgåve

Adventskalenderen her i huset er den same som eg serverer til dykk kvar dag: eit hjartebilete, og nokre fine ord. I tillegg tek eg føre meg kvar enkelt dato, ser tilbake i tid, og så får Thomas eit lite avsnitt med gode minner frå 2011. 

Eg skal ikkje nekte for at eg av og til blir litt misunneleg på dei venninnene mine som legg ut bilete av flotte pakkekalenderar som har kome i posten frå mødre eller bestemødre, eller kjærastepar som får vere ilag og opne pakke kvar sin dag. 

Men sjå her, då!

Plutseleg ein morgon var Thomas vekk, og på hovudputa hans låg det pakke til meg. Finfin mappe til Galaxyen min! Snill mann <3

søndag 11. desember 2011

årets til/frå-lappar

Eg har ikkje for vane å kjøpe klistrelappar med rare nissar eller yndige englar. Anten skriv eg rett på pakken, eller så lagar eg noko sjølv. Nokre år resulterer det i forseggjorte og tidkrevande, flotte kort, men denne gongen har eg gjort det enkelt:

1. Finn eit papir som har passande motiv. Det kan vere serviettar, utklipp frå blad eller bøker, eller restar av gåvepapir. Eg rulla med meg ein liten bit gåvepapir sist eg handla på Europris. Klipp ut motiva du vil bruke:
 2. No treng du ein bit papp. Det blir finast om den er einsfarga kvit på den eine sida, men min var gråbrun, og det vart fint det òg. Bruk ein limstift, og stryk motiva dine fint utover på pappen (ikkje på den fine sida):
3. Og så er det berre å klippe. Det er greitt å ha ei god saks, for hendene kjenner det godt...
4. Bruk holmaskin eller liknande og heng korta på passande presangar. 
Her i huset lagar vi ikkje firkanta pakkar dersom ting ikkje er firkanta av seg sjølv (litt av sjarmen!). Og så har eg brukt garn i staden for plastikkband. Man tager vad man haver. 

ellevte desember

"Life is the art of drawing without an eraser."
- John W. Gardner

uglesokkar

Mitt aller første bestillingsprosjekt!

Desse skal til Trondheim, og er strikka i ganske tynt strømpegarn. Mjukt og godt!
Oppskrifta måtte eg konstruere sjølv, ugla er brodert på, og den øvre kanten er hekla.

Eg håpar verkeleg at den nye eigaren blir fornøgd!

lørdag 10. desember 2011

førjulskveld

Heimen vår blir stadig meir julepynta. I dag var eg innom mamma og dei for å finne mi fine, lilla julekasse. Full av nissar og englar og raude dukar. Godteskåla er eit resultat av ein kjærast på sjølvstyr. Han plukka sjølvsagt aller mest av det han likar best, men heilt ærleg kjem eg vel ikkje til å svelte, eg heller.


tiande desember

"To know you have enough, is to be rich."
- Tao Te Ching

fredag 9. desember 2011

niande desember

"Ikke mål livet i hvor mange ganger du puster, 
men hvor mange ganger livet tar pusten fra deg."

torsdag 8. desember 2011

åttande desember

"Den som har begge bena plantet på bakken, står stille."
Det var vanskeleg å finne passande hjarte i dag. Thomas og eg har kosekveld med wok og julebrus, medan Sandra er på juleball. 

Og Balder, han stortrivst i snøen!

onsdag 7. desember 2011

sjuande desember

"Det er i motbakke det går oppover."
- Ole Edvard Antonsen
Thomas har laga vinterknask til småfuglane. Slett ikkje verst med to store kakeformer og to kokosnøttskal fulle av godsaker!