fredag 29. juni 2012

sommarlov

Vi feira sankthans på Jønnhalt Gjesteseter, der oldemor Ingrid og oldefar Ragnar sine etterkomarar hadde treff for attande år på rad. Det var mange ungar, herleg mat og gullbryllaup for farmor og farfar.
Dei er framleis eit vakkert par! 

Så starta praksisen min i Åshamar samdrift.
Kyr har aldri vore heilt mi greie (dei er jo ganske store og skumle), og med unnatak av nokre drektigheitsundersøkingar og ei kalving har eg knapt vore i kufjøs i heile mitt liv. Men det går bra no, altså! Mjølkemaskina er grei å ha med å gjere når ein berre veit kva ein må gjere, så det går raskare unna for kvar dag. Snart må eg kunne klare meg åleine, og det er litt nervepirrande. 

Alt i alt er mjølkekyr veldig ålreite dyr.

Vi har hatt nydelege dagar denne veka. Små og store bidreg med hesjing og raking (og mykje bading!), og hundane er i farta frå morgon til kveld.

Eg elskar sommaren!

tirsdag 19. juni 2012

som i en dröm

God morgon, og takk for sist!

Den siste halvdelen av mai susa forbi. Vi var i Otterdal-konfirmasjon (og dermed også på Vestlandsrevyen, for dei som vil sjå) og på slektsstemne, så bunadane fekk køyrt seg grundig.
Bak står Arve (svigerfar) og Thomas. 
Framme: Vegar, Marita, Sissel (svigermor), meg og Sandra.
 Biletet er teke frå Sandra sin blogg. 

Etter det kom eksamensørska og tok meg, så for å få eit nokonlunde presist bilete av kva som hende etter det, må vi kike litt på instagram:
Aller først var Sigrid og eg på miniloppemarknad på Majorstuen. Der fann eg nesten ingenting, men Saga-fatet til venstre fekk bli med meg heim fordi eg vart litt betatt. Og tru det eller ei; då eg var på besøk hjå oldemor nokre dagar seinare, hadde ho to små Saga-fat ståande på nattbordet sitt. Og eg fekk dei! No har eg kanskje fått dilla på serien, men det går heilt fint. Thomas skjønar ikkje greia ...

  
  
Så var eg heime ganske lenge. Sommaren kom til bygda om lag samstundes som eg, og dagane vart brukte på terrassen med bøkene i fanget.

  
Herleg <3


Onsdag kveld tok eg nattbussen tilbake til Oslo. Siste leseinnspurt tok eg på golvet på Byporten, før turen gjekk til eksamenslokalet. Der brukte eg litt meir enn ein time før eg sa meg ferdig og drog heim. Same kveld feira vi sjølvsagt det første studieåret (og at vi berre har FEM att) med ein skikkeleg fest som eg ikkje var heilt med på. 
Kila, ein fin liten Papillon hjå stebroren til mamma. 

Eg passa på å reise av garde før nokon innsåg at eg hadde bursdag, og vakna heller hjå Sigrid dagen etter. 
 
Pannekaker og frukt på senga klokka seks om morgonen. Det er stas! Vi leverte Elias i barnehagen og gjorde nokre ærend før vi sette oss på Halvorsens Konditori med kaffi og kaker. Etterpå drog eg heim og la meg heilt enkelt til å sove. Då eg vakna hadde Silje sine forelde kjøpt roser og laga kjøtkakemiddag, med is og jordbær til dessert. Fantastisk herleg, får'n si. 

Mamma og pappa ville spandere frisørbesøk på meg, så på laurdag tok eg turen til Gevir og fekk ny, økologisk farge som luktar kinesisk urtete. Heilt sant! 

Og så var det tid for å vere nattevakt. Åtte timar i baren på skulen var kjekkare enn forventa, før vi tok farvel og eg reiste for å hente bil på Hamar. Det å reise frå aust til vest i Noreg er ofte som å ta ein tur gjennom fire årstider. Som regel får ein ei regnbyge eller to (eller ti), opptil fleire solgløtt, og oppe på fjellet ligg snøen til langt ut i juli. Då går det fint med dei mange einsame timane på vegen. 

Vel heime vart eg overraska av bursdagskake.
Sandra og Thomas har gjort ein kjempeinnsats for å lage favorittkaka mi! Thomas ville til og med slå til med Gelélok, noko han sjølv ikkje likar i det heile. Diverre stivnar jo ikkje gelé når det blir kombinert med kiwi, så eg fekk eit svare strev med å ikkje le altfor mykje av en gode kjærasten. 

Og i dag er det han sin tur å ha bursdag. 
GRATULERER MED DAGEN, KJÆRE THOMAS<3

Då er vi blitt 22 og 32, og sommaren ligg framfor oss. Snart startar gardspraksisen min, og livet smiler. 

Følg meg gjerne på Instagram. Der heiter eg dagdraum. 

Ha ein fin sommar!