onsdag 29. februar 2012

superdag

Kosemorgon, jobb på klinikken, Annikaglede, pizza, fruktsalat og bestått eksamen!

Ti kg lettare. 

lørdag 25. februar 2012

laurdag

I mangel av betre alternativ var det denne løysinga for restegarnet:
Haugen minkar etterkvart som fleire heklelappar tek form:
Oisann, der kom det ein hund i vegen!
Der ja! Ingen veit kva dei skal bli til. 

Kroppen er sliten, og hovudet like så. 

torsdag 23. februar 2012

masekopp


Ein kan jo ikkje drive med skulearbeid når Balder skal bestemme.

fredag 17. februar 2012

stripestrømper

Stripete sokkar er eit glimrande restegarnprosjekt!
Ein får brukt opp absolutt alt, og resultatet kan bli både morosamt og fint.
Denne gongen vart eg kvitt raggegarn i både grått, blått og raudt. Eit svært godt tips er å dele garnrestane i to like delar før start, for då er ein nokonlunde garantert å få to like sokkar. Det gjorde ikkje eg denne gongen, så det er altså ein grunn til at berre den eine tåa er synleg her. Hihi. 

Stripene på hælen var ein liten test. Dødskeisamt å strikke, men effekten vart jo kul, og med dobbelt garn på innsida er slitestyrken ekstra god.

Jepp, det var dagens!

onsdag 15. februar 2012

alle hjerter gleder seg


Lakriste, chilitrøflar og ein fin liten slump med garn. Han er grei, han der karen min!

tirsdag 14. februar 2012

loftet

Eg har vore inne på det før, men nemner det ein gong til: Eg elskar mørkeloftet vårt! Der kan ein jakte på klede og stoffbitar og gamle bøker og gyngehestar, og nokre gonger slepp ein å jakte fordi ting dukkar opp heilt av seg sjølv. 

I går var det stoffjakt eg var på. Etter først å ha kræsja i eit fenalår som hang oppunder taket, var eg ganske nervøs og skvetten. Der er jo aldri lysare enn halvmørkt, så det er vanskeleg å vere heilt komfortabel der ein balanserar på halvferdig golv under låge takbjelkar. Nervøsiteten fekk straffe seg då eg grov nedover i ein haug.
 Æææ!


Etter at den verste hjartebanken var over vart fleire fine stoffbitar sleppte ned gjennom luka for vidare sortering. Og så dukka oldemor sin gamle strikkeperm opp (blant gamle barnebøker frå seint femtital).
 Koselege oppskrifter frå femti- og sekstitalet med vakre modellar og artige tekstar. 
Kos!

Valentinsdagen har susa forbi med forelesningsvideoar på TV-skjermen og strikketøy i fanget. Thomas er i Ålesund, men eg har høyrd rykter om at han kjem til å returnere med påfyll av garn til meg. 

Thomas, eg er glad i deg! <3

lørdag 11. februar 2012

gevinst

Då eg snubla over ein sokkekonkurranse inne på Trådsnella for eit par veker sidan, la eg like godt inn eit bilete av uglesokkane som eg strikka før jul.
Sidan ambisjonane om å vinne ikkje var spesielt store, har eg ikkje ofra konkurransen ein tanke etter det. 

Heilt til denne dukka opp i postkassa i går:
Pakke? Til meg?
Oi! Garnpakke frå Viking Garn, akkurat nok til eit par tova ulltøfler. Og endå ein gong ser det ut til at det er lettast å vinne når ein ikkje har tenkt så mykje på saken. Fantastisk stas at sokkane fall i smak hjå juryen!

Hurra!

fredag 10. februar 2012

eit liv etter eksamen

Av og til klaffar ting perfekt. Moteuka og eksamen same veka, til dømes. Ikkje det at Moteuka normalt sett har noko som helst å seie for meg, i og med at det er ei bransjegreie, men i år kunne eg altså treffe pappa i byen.

Som ei slags eksamensfeiring traff vi tidlegare og noverande kollegaer, og hadde ein strålande kveld med øl og vin og blåskjelmiddag og litt kaffi og Baileys til slutt. Det var heller ikkje verst å kunne stå opp til ferdigdekka hotellfrukostbuffé før torsdagen starta for alvor. Etter ein tur innom messa (altså Moteuka), der eg fekk sjå mykje av opplegget rundt butikkane sine innkjøp for komande sesongar, drog eg til Operahuset ilag med ein kollega frå fabrikken heime på Eid.

Det var utruleg spennande å få kike på kostymeproduksjonen og gangen frå idé til ferdig produkt. Sidan ulike framsyningar ofte blir sette opp mange gonger og på ulike stader, med nye songarar frå gong til gong, må kostyma kunne tilpassast deretter. I slik kostymeproduksjon er sjølvsagt materialbruken òg heilt annleis enn det eg er van med å sjå.

Og så fekk alle saman lære litt om korleis samarbeid mellom fabrikkane/produksjonane kan gjerast best mogleg. Eg elskar slike uventa små gleder i kvardagen!

onsdag 8. februar 2012

pust ut!

Med supersopp-sokkar og Flode-t-skjorte gjorde eg meg klar for eksamen i dag. Og så vart eg ferdig. Ferdig! Endeleg, endeleg, endeleg kan eg tenke på noko anna enn oksidativ fosforylering og embryoutvikling. I alle fall fram til eg får vite at det vart ein F. Neida, vi kan jo kanskje håpe at eg består, i det minste. 
Bileta vart absolutt ikkje tekne før eg drog heimanfrå, for då såg eg ikkje slik ut. Eg kan kunsten å grue seg. Veldig.

Fram til måndag skal alt vere kos. Sånn her:

- Gå tur med Snoopy (som forresten er blitt kjempeflink!)
- Rydde litt
- Ete restaurantmiddag ilag med verdas beste pappa (stakkaren vart oppringt klokka 4 i natt)
- Rydde litt til
- Reise HEIM
- Kose
- Stå på ski eller snowboard
- Kose
- Barnedåpkaffi (og -kaker)
- Kose


Og så er det på'an igjen. Men denne gongen skal eg ikkje vere sjuk så mykje, og eg skal halde meg à jour.
Det blir stadig lysare ute. Medisin for eit dystert sinn.