onsdag 30. november 2011

før det blir jul

Siste Oslo-økt før jul er i full gang. Julegåver tek form på t-banen og forelesning (det praktiske med å strikke!), og Ann Kristin har brukt meg som modell til brudeprosjekt. Spennande!
(ikkje frå shooten med AK, men same kjole)


No gjeld det å fylle dagane. Det skal nok gå.

fredag 25. november 2011

hårfornying

Frå dette:
Via dette:
Til dette:

Okeiokei, ikkje revolusjonerande, men eg føler meg i alle fall meir klar for fotoshoot på måndag!

torsdag 24. november 2011

tankedag

Sjølv om genetikkpensum lokkar med si venaste, vakraste røyst er ikkje Mendels lover i stand til å halde meg engasjert særleg lenge om gongen. Eg lurer på om eg berre skal hoppe litt lenger fram i boka for å finne stoff som er litt meir nytt og utfordrande, men erfaringsmessig veit eg at psyken helst ikkje vil samle seg om slikt no. 

Men eg prøver jo. Les side opp og side ned og granskar arv og overkryssing til auga går i kryss. Og når eg oppdagar at den førre sida gjekk bort til fordel for tankevandring og lengsle etter å bli glad att og føle seg nyttig, då legg eg boka til side ei lita stund. Trass i at eg frys fingrane av meg kryp eg fram frå pleddet og går, godt innpakka i Thomas si strikkajakke, ned til geita med brødskalkar og salat. Ho blir i alle fall glad for å sjå meg, og stavrar seg opp på leddgiktbeina sine. Eg klør henne mellom horna og passar på at ho ikkje gomlar i seg plastposen. Ho ensar nok ikkje at eg går att, for brødskivene på graset er mykje viktigare. Dessutan trur eg ho ser ganske dårleg. 

Spegelen på badet lyg ikkje om det slitne trynet mitt. Posar under augene, sa du? 
Når hovudet ikkje vil henge med får ein støtte seg på det materielle. Ein kopp peparmynte-te får varmen tilbake i skrotten og eg let att auga for at oppvasken ikkje er teken. Tviheld på avslappinga og les bloggar som får meg til å ønskje at nokon kunne teke fleire bilete av meg når eg er glad. Slik som eg helst vil vere. Eg skulle så gjerne hatt nokon som kunne fanga dei fine stundene og trykt dei i trynet på meg når eg er slik som no, for no har alt det fine gøymt seg så eg ikkje kan finne det oppe i hovudet mitt. Berre eg finn dei rette nervecellene og får dei til å prate med kvarandre, så kjem det fram att. Trur eg. Håpar eg. 

Heldigvis kjem arbeidskaren min inn til lunsj. Han et Weetos med mjølk medan eg maular ein neve og masar om næringsinnhaldet (som er skikkeleg ugunstig, altså). Sidan eg berre seier slikt på tull ser han på meg og smiler medan han puttar t-skjorta godt nedi stillongsen og reiser seg. Lunsjen er over, men eg får ein god klem, og han stryk med fingertuppane oppå høgtalaren på veg ut. Tørkar du ikkje støv, spør han. Eg må ærleg innrømme at det gjer eg faktisk ikkje.

onsdag 23. november 2011

når ting ikkje blir som ein tenkte

I tillegg til pensumlesing hadde eg som mål for restitusjonsperioden min å strikke mitt første par strømper på bestilling. Maria ønskte seg strømper og vottar med ugle på, så eg tok utfordringa. 

Eg har aldri før strikka noko som andre skal betale for, så det var eigentleg litt skummelt i seg sjølv. Dessutan måtte eg prøve meg litt fram med oppskrifta, og enda med å gjere dette heilt på min eigen måte. Første eksemplar vart ferdig den andre dagen eg var heime, og resultatet vart slett ikkje verst. Difor har eg rett og slett berre sett fram til å bli frisk nok til å strikke den andre. Som tenkt, så gjort: i går fullførte eg den òg, og planlegginga av broderi vart igongsett. 

Alt vel så langt, tenkte eg. Sidan mamma kom på besøk ein tur med sine nesten-Maria-like leggar fekk ho prøve dei på. Det var då vi såg det: eg har strikka altfor slakt på nr 2! Eller altfor stramt på den første, det går litt for det same. 

Nybegynnarfeil, eg veit det. 

Uansett skal eg prøve å redde stumpane i kveld. Dampe litt, strekke litt, sjå kva som skjer. Og blir det ikke bra, så maler vi det en gang til. Eller strikkar, blir det jo. Ikkje verd å misse motet for. 

Eg har kanskje kræsja litt dei siste dagane. Nedfor og fæl. Det går over.

mandag 21. november 2011

i vigør

I mitt sjølvlaga polkadottskjelpaddeforkle frå sjette klasse har eg ete havregraut til frukost og vaska opp ein heil haug. Som biletet viser er eg altså ganske oppegåande, om enn litt slapp og rar. Og så er eg faktisk litt stolt av forkleet mitt, som har følgd meg gjennom julebakst og heimkunnskapstimar i ti år allereie.

No som energien er på veg tilbake får eg stadig nye idear og innfall om ting eg vil gjere og lage. Bøker som skal lesast, ting som skal strikkast, oppgåver som må gjerast, husarbeid, trening, you name it. Eg er nøydd til å halde tilbake litt så eg ikkje går på ein smell. Og i mellomtida er listemanien min beste ven, som bidreg til ordning och reda i tankekaoset. Ingenting skal gløymast!

lørdag 19. november 2011

post-op, dag 5-9

På eitt eller anna tidspunkt natt til tysdag gjekk piffen ut av meg. Hadde det vore opp til meg kunne jo til dømes dag 4 ha vore på toppen av smertegrafen. Eg kunne ha sagt at "okei, no har eg fått smake på det fæle med dette enkle, vesle inngrepet, det var til pass for meg," og så kunne eg gjort det slik at alt vart betre frå den dagen.

Men det var ikkje eg som bestemte, det trur eg vi kan seie utan å risikere å bli straffa for falsk forklaring. Alt vart nemleg berre verre. Eg fekk vondare, det er jo greitt nok. Brusetablettane vart gøymde i ei skuff og får nok ikkje sjå dagens lys att med det første. Grøss.

Tanken om at eg ikkje kom til å bli så frykteleg kvalm viss eg berre kutta ut brusetablettane kunne berre ikkje vore mindre riktig. Som eit resultat av at eg heile tida anten var kvalm av tablettar eller hadde store smerter i hals-/øyreregionen  fekk eg ikkje i meg næring i det heile. Alt som gjekk ned, kom opp att.

Etter litt prøving og feiling på eiga hand for å unngå kvalmen (eg følte at Voltaren fungerte best mot smertene, og Thomas og svigermor meinte det var det som gjorde meg kvalm) blei det til at eg tok ein tur på legevakta torsdag ettermiddag. Då hadde eg ikkje vore ute av huset/sofaen på fleire dagar, og sidan Sandra fylte 15 år (Hurra!!)med tilhøyrande familieselskap, ville eg så veldig gjerne vere i form til å delta i alle fall ei lita stund.

Dermed fekk eg endå meir morfinpreparat å bryne meg på, og det var med friskt mot eg kraup under dyna den kvelden. Diverre viste det seg endå ein gong at eg ikkje hadde noko å gle meg til, og det var først fredag kveld vi fann ei løysing som har vist seg å fungere; bilsjuketablettar!

Eg veit ikkje om det faktisk er dei som gjer livet lettare no, men i dag har eg i alle fall ikkje vore kvalm! Det er heller inga tvil om at smertene utan smertestillande er meir levelege, så eg har endeleg kome i gang med strikkinga, vi har hatt besøk, og eg har fått ned heile to skiver av deilig, nybaka brød frå svigermor sitt kjøken!

I survived.

tirsdag 15. november 2011

post-op, dag 4

Denne morgonen viser seg å bli starten på det helvetet eg har førebudd meg på. Smertene er igrunn ikkje det aller verste, men heilt frå eg veltar ut av senga er eg svimmel, kvalm, slapp og skjelven. Eg må spy, men får det ikkje til. Eg vil sove, men blir kvalm så snart eg legg meg flatt. Eg vil ete, men må gi tapt etter ei lita skei avocado med eple. 

Enkel logikk tilseier at litt mat bør verke positivt inn på den generelle slappheita og kvalmen, og for å gjere eteprosjektet gjennomførbart greier eg til slutt å få ned brusetablettane mine oppløyst i cola. I ein times tid pendlar eg mellom badet og stova med jamne mellomrom, og tenkjer kvar gong at "no spyr eg". Men neida, ingenting skjer, og eg går laus på eit glas babymat. To-tre skeier, så seier kroppen stopp endå ein gong, og eg sovnar endeleg. 
Neste gong eg opnar augene er det alvor. Eg spyr i det einaste eg har tilgjengeleg; ein heilt gjennomsiktig matpakkepose. Skjebnen vil dessutan ha det til at Sandra skal kome heim akkurat på det tidspunktet, så medan eg halvvegs ligg, halvvegs sit i sofaen og har det heilt jævleg, blir det ho som må forsyne meg med tørkepapir. Unnskuld, Sandra. 

Heldigvis betyr den ubehagelege situasjonen at kroppen min kan godta litt næring. Eg får endeleg til å ete resten av babymaten, og kviknar til ganske greitt etter dette. Eit par timar om kvelden er alt eg får ut av dagen, men håpet er dermed tent om at alt blir betre i morgon. Yeah, right...

mandag 14. november 2011

post-op, dag 3

Dagen startar hakket verre enn dagen før, men eg føler framleis at situasjonen er heilt ok, og både eting og strikking går greitt unna. 

Vi tek det for det meste roleg. Sandra lagar farsdagsbrownies og svigermor diskar opp med ostekake før Thomas, Torjus og eg reiser på besøk til syskenborn og onkel og tante i Otredalen. 

Det er på veg heim eg oppdagar kva som ventar. Eit par timar på overtid etter førre dose smertestillande har eg kjensla av at nokon stikk strikkepinnar inn gjennom trommehinnene mine og rotar rundt i bihulene og svelget. I skrivande stund (altså måndag ettermiddag) har eg fått erfare at dag 4 skal bli omtrent slik, jamt over. 

Nokon spør om ein får annleis stemme når ein har teke mandlane. Eg trur ikkje det vil vere merkbart etterkvart, men til no har eg gått frå hås til "potet i halsen", og eg gler meg inderleg til den er vekk!

No er eg tom for krefter. Må berre beklage den elendige kvaliteten i dag. Eg vil bli ferdig med dette!

søndag 13. november 2011

post-op, dag 2

I halv titida vaknar eg ordentleg, etter å ha slumra i eit par timar. Kan konstatere at det blir sideleie ei stund framover, for i ryggleie er det umogleg å puste uanstrengt.

Smertestatus om morgonen er ikkje altfor ille, men så snart eg nippar til den biffige biffgryta frå Sigrid-goodiebagen skjønar eg at livet ikkje er så enkelt likevel. Pinex er min ven.

Vel vitande om at det garantert kjem verre dagar, tenker eg at det er lurt å bruke brusetablettar medan eg enno kan klare det. Blandast ut i vatn, løyser seg opp i eit hav av bobler, luktar MEDISIN lang veg. Ikkje overraskande er smaken tilsvarande. Eg føler meg sjukare og sjukare der eg sit og skal tvinge i meg eit glas MEDISIN gjennom den stakkars halsen min.

Skåp og skuffer blir tråla etter noko som kan døyve smaken. Eg endar med å tilsetje ein slump doven cola i det framleis halvfulle glaset. Sandra står opp og lét seg underhalde av mi stakkarslege framtoning. Eit kvarter seinare har eg endeleg fått i meg alt, og biffgryta står for tur. Denne gongen går det greitt. Eg får i meg eitt måltid, berekna på halvtåringar...

Vidare utover dagen går det i kveitebolle, ein halv avocado og eg er lei av saftis nesten før eg har smakt. Så altfor uendeleg søtt. Kveldens siste måltid består av meir babymat. Denne gongen avanserer eg til 12 månaders-glas, og sjølv om det tek meg ein time å få det ned, er det faktisk ganske godt.

lørdag 12. november 2011

operasjonen, dag 1

11.11.11

11:11
Set meg på t-banen til Majorstuen, der Sigrid kjem meg i møte. Ho kjøper seg solskinnsbolle og kaffi og får brownies på kjøpet. Magen min rumlar.

12:00
Møter opp på klinikken. Skriv under på at eg ikkje har ete eller drikke på fleire timar, at eg ikkje røyker, og at eg ikkje føler meg sjuk. Vidare får Sigrid vere med inn på førebuingsrommet og sjå at eg får veneflon i handa. Eg får smertestillande og narkosemiddel, og prøver å halde Sigrid oppdater på korleis det kjennest. Trur ikkje eg rekk å seie så mykje meir enn at det er som å blir skikkeleg tipsy på 15 sekund.

ca 12:45
Eg veit eigentleg ikkje klokkeslettet for dette, sjølv om eg trur eg spurte minst fem gonger kva klokka var. Helst vil eg berre sove vidare, for narkosesøvn er herleg. Til slutt må eg berre gi tapt, for hovudet snurrar og halsen er frykteleg vond. Eg seier ifrå, og sjukepleiar-Stine gir meg morfin. Det skal fungere raskt, men sjølv om eg er tolmodig skjer det liksom ikkje noko. Eg seier ifrå ein gong til, og får litt meir. Neida, framleis like ille. Stine kjem bort og dreg opp ermet mitt, der ho oppdagar blemmer i huda. Flott! Eg toler ikkje morfin...

Heldigvis har ho anna å by på, og etter ei stund blir smertene svake nok til at eg kan slappe av og setje meg opp litt. Eg spør etter Sigrid for ørtande gong, men ho er på tur rundt halve byen for å få tak i smertestillande til meg. Når ho dukkar opp har ho ikkje berre med eit fjell av stikkpiller og brusetabletter, men ein fantastisk goodie-bag:
ca 14:00
Vi forlet klinikken. Heilt i tråd med starten på narkoseopplevinga har eg no gått over til å kjenne meg ganske bakfull. Sigrid følgjer meg heile vegen til Oppsal, og eg gjer mitt beste for å ikkje spy. Det går berre nesten...

Silje møter meg på stasjonen og tek meg med heim. Formen er sånn passe skral, så eg legg meg i senga for å sove litt. Hadde håpa på  å klare å reise heim utpå kvelden, men håpet er i ferd med å svinne. Heldigvis er det dødsgodt å liggje og slappe av ei stund. 

16:30
Mamma ringjer for å høyre korleis det går. Utruleg nok kjenner eg meg utkvilt og stort sett superfrisk! Mamma foreslår at pappa kan hente meg på Kvam for å korte ned heimreisa mi. Sidan vi først er inne på sakenspør eg om det går eit passande tog. Heldigvis gjer det akkurat det, så eg plukkar saman goodiebagen min og blir følgd til Jernbanetorget av Silje, som tilfeldigvis skal på kino akkurat då. 

18:37
Eg angrar litt når det viser seg at toget er stappfullt. Kanskje ikkje så rart på ein tidleg fredagskveld, men eg finn ein golvplass og kjenner meg ok heilt til ei gammal dame blir bekymra fordi eg er så bleik. Det går bra, men ho synest ho må fortelje konduktøren og heile kupeen at eg ikkje er frisk. På Hamar får eg dobbeltsete og søv resten av turen. 

22.33
Ankomst Otta. Pappa står klar, men bilen har berre sommardekk og elgen står som slalomportar i vegbana. Eg ser fram til ein roleg og bedageleg tur, og får endeleg i meg ein heil saftis. 

02:10
Framme hjå kjærasten min! Han skulle overraskast, men hunden sladra på meg. Trur han vart glad likevel.

 

fredag 11. november 2011

operasjon og strikkegåve

Dersom alt har gått etter planen, ligg eg i verdas herlegaste draumelause søvn når dette blir publisert. Eg må hugse å nyte den søvnen, for det som ventar meg i eit par veker framover blir nok heilt motsett. Heldigvis påstår dei eg kjenner som har vore gjennom dette før meg at det er verd smertene og ubehaget, så eg satsar på at eg òg taklar det greitt.

Thomas kunne ikkje kome hit og følgje meg til (eller helst frå) klinikken, men sidan eg er så heldig å ha ei fantastisk venninne her i Oslo, kjem Sigrid til å sitje ved senga når eg kjem til meg sjølv om ein times tid. Ho er snill, ho! Difor får ho presang
Ikkje eit kjempeimponerande ytre, kanskje. Heldigvis kan eg vise dykk innsida òg, når eg først er i gang (når dette blir publisert har jo Sigrid sett det sjølv!).
Sokkar til liten, sokkar til stor. Det er jo litt håplaust å skulle vente heilt til bestemorpresangen på julaftan dersom ein ikkje kan strikke sjølv, for då har vinteren vore i gang lenge allereie. Difor får Sigrid og Elias gode tjukkelester no. Håpar dei blir glade for det!

å skape ein heim

I det siste har det skjedd mykje på Lid. For det første har Sandra fått sitt eige rom nede i kjellarleilegheita der Thomas og eg held til om nettene, og for det andre har eg flytta skikkeleg inn. Eg har jo stort sett budd der ei lang stund, men no har eg kommodeskuffer til berre mine ting og vi har bestikk som er vårt

Eigentleg skulle eg ned att til Oslo tidleg denne veka, men plutseleg var flyet mitt innstilt, og eg fekk bli med tilbake frå Ørsta med kjøleskåp på tilhengaren og kribling i magen. Tysdag kom sofaen og den nye benkeplata til kjøkenet på plass, og endeleg kjennest leilegheita skikkeleg ut som ein heim der vi bur ilag alle tre. Litt av ungkarspreget er der enno, men det er med på å gje meg ei kjensle av at det er vårt. Ingen har blitt overkøyrde når avgjerdsler har blitt tekne, ingen kjenner seg utafor. 
Og så har vi jo fått ein million sitjeplassar! Dei gamle sofaane tok like stor plass, men hadde berre ein kapasitet på fem personar. 

Vi er ikkje ferdige enno, og eg gler meg som ein unge til å vise fram det endelege resultatet, men uansett synest eg det er viktig at de legg merke til dynamittkassa som vi har pledd i. Den er ein favoritt. 

No eg eg tilbake i Oslosenga mi. Silje og eg åt pasta til kvelds, og eg passa på å ete til eg nesten sprakk, for i morgon skal eg ta mandlane! Det inneber at kveldens nydelege Siljepasta mest truleg blir det siste skikkelege måltidet eg får ete på lenge. 

Eg gler meg, men ønsk meg gjerne lukke til (eller kirurgen, kanskje) likevel. Blir godt å få det unnagjort, men nokon dans på roser forventar eg ikkje

søndag 6. november 2011

korleis strikke hæl

Dei fleste som har strikka sokkar veit at det finst om lag ein million ulike måtar å strikke hælen på. Nokre er vidt forskjellige, medan andre berre har små variasjonar frå kvarandre. Svært mange har blitt lært opp av bestemødre eller oldemødre, og såleis går hælane i arv utan at dei nødvendigvis finst nedskrivne i oppskrifter. 

"Min" hæl har oldemor ført vidare til alle dei strikkande kvinnene på morssida mi. Eg har prøvd ein del andre variantar, men oldemor sin er til no den aller beste. Sidan nokon lurte på om eg kunne leggje ut oppskrift på den tok eg nokre bilete undervegs i det paret eg var i gong med. 

Eg tek utgangspunkt i at de kan bittelitt om strikking frå før, men viss de har spørsmål er det berre å fyre laus. Eit par av bileta vart litt uklare òg, men eg har prøvd å markere på dei så det blir forståeleg. 

Start med å strikke skaftet så langt som du vil ha det. Til eit standard raggsokkepar plar eg å strikke vrangborda med 2 r, 2 vr. Masketalet varierer med storleiken, men på dei på bileta har eg brukt 36 (9 m på kvar pinne). Så kjem hælen:
Frå starten av runda str halve masketalet r (18 m på mine) over på éin p. Desse skal bli hælen. Str glattstr fram og tilbake på desse m 17 p (1 p mindre enn masketalet). Du skal havne på vranga, og på sidene der masker skal hentast opp seinare har du ei maske mindre på eine sida:
Påfølgjande p str halvparten av m (9 m) vr på vanleg måte. Bytt pinne slik at hælen blir delt på midten, og str 2 m vr forbi midten (i vanleg vaksenstorleik bør ein str 3 eller 4 m forbi). Vidare str 2 m vrangt saman, 1 vr. 
Snu arb til rettsida, løft over 1 m, str r til 2 m (igjen: 3 eller 4 m på større storleik) forbi midten, 2 vridd r saman, 1 r. *Snu arb, løft over 1 m, str vr til midten, deretter vr t.o.m. fellinga frå førre omg. 2 vr saman, 1 vr. Snu arb, løft over 1 m, str r til midten, deretter r t.o.m. fellinga frå førre omg. 2 vridd r saman, 1 r.*

Gjenta * til * fram til du ikkje har fleire m etter fellinga på begge sider. Då skal du befinne deg på rettsida, og med den lause pinnen plukkast opp 9 m (så mange som du hadde på kvar pinne ved starten av arb):
 Str r over dei nye m (=13 m på pinnen).
 Str vidare rundt på dei m som har fått kvile (=oversida av foten). Eg plar halde fram med 2 r, 2 vr, andre strikkar glattstrikk. Det gjer ein som ein vil med. På den andre sida av hælen plukkast opp 9 m til. og str r til ein kjem midt under hælen. På dei neste omg fellast 1m per omg (eller annakvar omg) på kvar av hælpinnane. Maskene fellast ved å str saman dei 2 m nærast oversida av foten. Når ein er nede i opphavleg masketal (36 m totalt på desse) sluttar ein med denne fellinga.

Så strikkar ein rundt og rundt til ein trur sokken blir passeleg, og så feller ein til tå og festar alle endar, og då får ein to slike:
Tadaa!

Håpar eg har fått med alt no. Dei rosa tala er spesifikke for akkurat det paret her, så dei må byttast ut med det du sjølv brukar. Manglar det noko, så sei ifrå! Eg kan prøve å få til betre bilete etterkvart òg.
  
PS: Dei første gongane er det gjerne litt kronglete, og det har lett for å bli litt hol pga lauststrikka masker og slikt. Då er det lov til å stramme litt her og spøte litt der samstundes med at ein festar endar, og så blir sokkane fullt brukande likevel. Lukke til!

lørdag 5. november 2011

femte november

I går gav eg visst bort resten av den oransje babyproduksjonen min til ei to månader gammal lita snelle før eg rakk å tenkje meg om. Dermed manglar eg bilete av dei mest forseggjorte strømpene eg nokon gong har strikka. Nedtur. 

Vel, dei siste dagane har gått med til time etter time med oppgåver om metabolisme og anna biokjemi. Det er, for å seie det rett ut, skittungt stoff, så for å unngå å gå på veggen passa eg på å nyte sommaren som plutseleg stakk innom på torsdag. Ein times tid i sola på terrassen gjer underverk, det er det inga tvil om!

Og så har eg jo strikka litt, då. Sidan nokon lurte på om eg kunne vise korleis eg strikkar hæl, har eg teke bilder til ein liten tutorial på akkurat det. Den kjem så snart som mogleg, kanskje allereie i kveld. 

Det var ei lita oppdatering frå denne kanten. Håpar at de har ei flott helg, alle saman!
Nabogeita Dalte. Alltid like fjong!

onsdag 2. november 2011

knallfarga babytøfler

I vår ein gong kjøpte Thomas diverse tilfeldige garnnøster på supersalg. Det er vel og bra det, altså, men kva skal ein eigentleg gjere med tre nøster KNALL oransje babygarn? 

Sjølv synest eg fargen er ein smule kul, men til store plagg blir det altfor heftig. Strømper til vaksne er også meiningslaust sidan tynn merinoull ikkje toler spesielt mykje slitasje. Dermed er eg i gang med å strikke babysokkar, -vottar og -tøfler. Til no har eg strikka tre par, og berre såvidt begynt på nøste nr 2. 

Bilder av resten av produksjonen kjem etter kvart, men først ut er desse tøflene, som eg strikka etter gratisoppskrift frå Drops. 
Storleiken måtte eg velje litt på måfå sidan det var så lenge sidan sist eg møtte Annika, så det blir nok ikkje lenge ho får brukt dei. Ikkje er dei spesielt praktiske for ei som driv og lærer seg å sitje, heller. Så snart ho sparkar litt med hælane mot teppet dett tøflene av. Det kan jo vere greitt å vite når ein strikkar babytøfler. 

Men eg fekk jo prøve meg på å hekle ein liten blondekant, så eg er igrunn nøgd!

tirsdag 1. november 2011

fiks: fanagenser

Som eg  var inne på i går, har eg no prøvd meg på eit reparasjonsprosjekt som eg var veldig usikker på om eg kom til å få til på ein fin måte.

Det er jo ei kjend sak at skikkelege strikkeplagg kan halde ei halv evigheit dersom dei berre blir behandla riktig. Hard bruk er stort sett ikkje noko problem, og med den føresetnaden at ein vaskar kleda riktig og reparerer så snart det blir hol eller raknar, har ein plagg som kan arvast opptil fleire gonger.

Genseren vi skal sjå på i dag vart truleg strikka av mormor til onkelen min ein gong på sytti- eller tidleg åttital. Garnet er Triplex frå Sandnesgarn, og sjølv om genseren tydeleg har vore brukt ein del, er den ikkje spesielt slitt og blir framleis brukt til godgenser på fiske- og hytteturar. Eller, det vil seie, ikkje det siste året, då.

I fjor oppdaga eg nemleg nokre merkelege hol midt framme (eller bak, det går for det same her) på bolen, og la den til side så det ikkje skulle bli verre.
Eg anar ikkje korleis dette har blitt slik, men to stader ser det rett og slett ut som noko av garnet er blitt avklipte med saks, og dermed var fleire masker rakna.

Aller først festa eg kvar enkelt av endane slik at dei ikkje skulle gå på vift og øydeleggje endå meir (korte, korte endar festar ein ved å træ nåla inn i arbeidet før ein trær enden inn i nåla). I same slengen brukte eg ein maskehaldar til å halde på plass dei maskene som var lause utan at tråden var øydelagd.
Så kjem vi til den store utfordringa: å få dette til å bli pent!

Hadde det vore eit endå større hol hadde det nok gått greitt å strikke inn ein ny bit, men sidan eg ikkje hadde liggande eit nøste med identisk garn kom eg til at det var best å halde holet så lite som eg berre kunne. På den måten ville dei små fargeskilnadene bli minst mogleg framtredande. Eg trur òg at det var ein fordel at mesteparten av skaden var på det mørkeblå, sidan ein skal ha godt lys for å sjå detaljar der. 

Så starta eg på den nedre kanten av holet med det likaste garnet eg hadde liggjande (den kvite vart Mor Aase og den blå vart Artic). Eg sydde i strikkemønster, så etter kvart fekk eg laga masker der det mangla (OBS! Hugs å følgje mønsteret på plagget, eg heldt på å gløyme lusa). Til slutt kunne eg sy meg inn i dei fire intakte maskene frå det gamle garnet og finpusse litt slik at eg var sikker på at alt var fast og passeleg stramt. 

Sjølv om eg berre brukte nål til dette, trur eg at heklekrok òg kan vere ein nyttig reiskap. 

Og så: TADAA!
Eg skal for all del ikkje påstå at det er perfekt, men når ein ser på genseren som ein heilskap vil eg absolutt seie meg fornøgd med resultatet. 
Det beste er at eg synest det er litt kjekt, òg!

Genseren har livets rett endå ei stund, og det skulle berre mangle, med tanke på kor mange timar som går med til å strikke ein slik.