torsdag 30. august 2012

nytt og gammalt

Av og til skjer det plutseleg veldig mykje på éin gong. 
Etter at eg drog tilbake til Oslo og skulestart, sette Thomas i gong med renovering av badet. Veggar er rivne,  servantskåp bortevekk, vatn fråkopla, og den fantastiske nye vaskemaskina vår er for tida plassert i gangen. 
Dermed var eg så heldig å få kome heim til ei trong leilegheit full av støv og rot. Jammen er det godt at alt kjem til å bli betre når vi er ferdige!
Diverre må eg tole at badet blir sett på vent ei lita stund. Hytta som skal byggast på Sota Sæter, der det eigentleg har vore stillstand ganske lenge no, har nemlig brått gjort eit byks. I helga kom betongfundamentet på plass, så vi køyrer på med tømmer allereie i morgon. 
Vi stoppa på heimvegen (frå Oslo og IKEA-tur) for å leggje på presenningar.
Eit bittelite utval av tømmerstokkane som skal av garde.

Den nye hytta skal byggjast rundt eit gammalt laftehus som Thomas sin familie plukka ned for mange år sidan. Seks sterke karar jobba i fleire timar med å bære ut dei massive stokkane i går kveld, og enno ligg meir enn halvparten att inne på den gamle låven her oppe. Når alt saman endeleg er ute, må det kranast over på eigna transportmiddel for turen inn til hyttetomta. Det seier seg sjølv at vi treng både muskelkraft og hjernekapasitet for å få alt til å gå mest mogleg glatt, så eg er spend på korleis det går når vi kjem så langt som til laftinga. 

Det å bruke eit gammalt bygg som stamme byr på heilt andre utfordringar enn når ein skal byggje frå grunnen av. Thomas har teikna alle byggjeteikningane ut frå måla og bileta som vart tekne då tømmerhuset vart demontert for 20 år sidan, og dermed er vi avhengige av at opplysningane er rette. Dessutan er det ein enorm fordel at alle stokkar er nummererte! 

Akkurat som eg elskar gjenbruk og redesign av gamle klede og møblar, synest eg det er herlig fascinerande at ein kan gjere det same med hus. Tidlegare var det mykje vanlegare at bygningar fekk både ein og to nye heimar etter kvart som dei vart overflødige på ein stad, eller måtte vike for vegbyggjing. Robust, haldbart materiale som tømmer har potensiale til å vare i mange hundre år dersom det blir skjøtta på rett måte, så det er ein fin tradisjon å ta vare på. 

fredag 24. august 2012

helg

Så er eg heime att etter ein liten tur på loppemarknad. Nordberg kirke kickstarta sesongen (i alle fall min sesong) med ei møbelavdeling som var proppfull av herlige sekstitalsmøblar, reisekister og sminkebord. Berre synd at absolutt alt det herlige allereie hadde fått raude "solgt"-lappar då eg ankom ni minutt etter opning. Det var litt av ein nedtur!

Når det er sagt, såg det ut til at prisnivået stort sett var veldig greitt. Diverre var tekstilavdelinga og kjøkenkroken svært begrensa, og med om lag ein million folk som trengde seg fram blei det heile ganske klaustrofobisk.

Det tok meg mindre enn ein time å gå lei, og godt var det. Eg svinsa nemlig heimanfrå i skjørt, bluse og solskin, og hadde ikkje forestilt meg at det skulle skye over så raskt som det gjorde. Heldigvis rakk eg heim medan det framleis var opplett, for no både høljar og buldrar det så ein kan bli mørkeredd av mindre.

Det seier seg sjølv at det beste eg kan gjere no, eg å trekke ut støpsla og sjå eit par episoder av How I Met Your Mother. Og så kanskje lese litt om ernæring.

God helg!

mandag 20. august 2012

what to do when lonely

 Fiks noko som var øydelagt,

gjer noko finare enn det var,

og sjå mange episodar av ein fin serie. 

Sukk.

tirsdag 14. august 2012

det fantastiske lidafjellet

I går sette vi (Thomas, Sigvar, Balder og eg) av garde på saue- og bærsanking. To av sauene vi har hatt på beite har greidd å få med seg lamma sine på ein skikkeleg fjelltur, så vi måtte opp i høgda for å sjå etter dei.
Det var ikkje eigentleg planlagd å plukke bær, men vi måtte sjølvsagt ta med oss det vi snubla over. Og det vart etter kvart mykje! Vi måtte diverre gje oss med plukkinga då sola gjekk ned, men sauene var ikkje å sjå.
Vel heime att rakk vi berre såvidt å ete eit stykke av den mislukka ostekaka eg laga på fredag, før Thomas fekk telefon om at nokon hadde fått besøk av ei søye med to lam. Siggen hadde varebilen sin her, så vi heiv oss rundt og fekk tømt lasterommet i full fart. Det var viktig å finne fram til sauene før det blei heilt mørkt.

Og jammen fann vi dei, på den andre sida av fjellet. Dei ville ikkje fangast, så då vi endeleg fekk dei på plass i bilen var det blitt sein kveld. Fantastisk dag!

I dag skal mamma vere med meg opp. Blåbær og multer veit vi at vi finn, men kanskje har vi hellet med oss når det gjeld dei tre siste sauene også.

søndag 12. august 2012

vås

Når sant skal seiast har eg hatt ei elendig veke. Det skjer noko rart med meg kvar gong det nærmar seg avreise til Oslo, men denne gongen er det ekstra ille. Som om kvart minste snev av sjølvtillit har gøymt seg i hjørnet under sofaen der eg ikkje når fram. Og når eg ikkje har trua på meg sjølv og mine eigne evner, då blir eg fæl. 

For det første klarer eg ikkje å bestemme meg for noko som helst. Skal eg ta eksamen i morgon, eller spare den til våren? Skal vi kjøpe vaskemaskin, eller vente til vi flyttar? Skal vi kjøpe ei skikkeleg til seks tusen, eller ei billig som vi må forvente å erstatte om få år? For det andre blir eg giddalaus. Eg har sett ein heil sesong av "How I Met Your Mother" og 32 episodar av "My name is Earl" i staden for å fylle dagane med ting eg likar, som bærplukking, fisketurar, bading og venskap. Det einaste eg kan skryte av er ein haug keisamt husarbeid og ein halvstrikka sokk. Og for det tredje blir eg nærtakande. Eg blir på eit vis botnlaust fornærma dersom Thomas ikkje ser (og roser meg for) at eg har støvsugd heile leilegheita og vaska klede og rydda på kjøkenet og skifta sengetøy. 

Slik vil eg jo ikkje vere. Ingen vil vel vere ei sur gammal kjerring som berre ser det negative i kvar ein situasjon. Det veit eg, og dermed gjer "fælskapen" min meg endå meir nedtrykt. Då vil eg ikkje plage andre med mitt nærvær, mine plager eller sorger. Eg synest ikkje sjølv at eg har verdi nok til at nokon skal behøve å bry seg. Samtidig vil eg gjerne bli sett og spurt og invitert med på ting. Eg klarer berre ikkje å ta initiativ på eiga hand. 

Heldigvis snur det alltid før eller seinare. Denne gongen trur eg det snudde i går. 

Mormor, Kristian (bror), Thomas, Meg, mamma, Torjus (bror), pappa, Oda (syster), Steffen (bror), Magdalen (Steffen si utkåra).