tirsdag 27. mars 2012

skulekvardag

Livet går vidare etter endå ein eksamen. Nemnde eg forresten at eg sto på den eg hadde i Februar? Det gjorde eg, i alle fall, sjølv om det ikkje akkurat var med god margin. Denne gongen (som var sist fredag) gjekk det litt betre. Kryssar fingrane for at magekjensla mi er til å stole på!

No er vi i gang med anatomi og fysiologi. Det er to enormt store fagområde, og det er sinnsjukt mykje å hugse på. Ein kan kvelast av mindre... 
Denne veka handlar det om rørsleapparatet og nervesystemet. Var det nokon som sa "mjuk start"? Her driv vi for all del ikkje med slikt! Det går med ørten tusen kroner i lærebøker, flashcards og anna skuleutstyr, i tillegg til ein og annan rygg som ikkje lenger taklar å bere rundt på eit tonn kvar dag. 

Rørslesystemet er førebels det mest interessante, for der handlar det om ting som vi kan sjå og forstå mekanismane bak (i alle fall viss vi kuttar litt i nokre kroppsdelar). Knoklar, musklar, sener og ligament har nokonlunde logiske namn, og det er lett å bruke sin eigen kropp som referanse. 

Nervesystemet, not so much. Eg klarer i alle fall ikkje å sjå på det som heilt enkelt og greitt at stimuli skal forårsake eit aksjonspotensiale som deretter skal utløyse ein respons. Det er så jækla smått, og samtidig så stort og viktig. 

Ikkje minst hadde det vore innmari greitt om dyra berre kunne vore litt likare kvarandre. Det er faktisk nok anatomiske og fysiologiske finurligheiter å bryne seg på i éin art, om vi ikkje skal vere nøydde til å lære variasjonane mellom ulike artar i tillegg. 

Jaja, eg får då utvikla *kremt* kunstnarferdigheitene mine!
Eg er eigentleg ganske nøgd. Øvst til venstre har vi skulderbladet (scapula), sett frå utsida (lateralt) og frå innsida (medialt). Nede til venstre har eg teikna overarmsknokkelen (humerus) bakanfrå (caudalt) og framanfrå (cranialt). På høgre arket ser vi lårbeinet (femur) cranialt, caudalt og lateralt på rekka oppe, og nede er eg godt i gang med dei to beina i leggen (tibia og fibula) lateralt, cranialt og caudalt. (Dette er forresten frå ein hund.)

Verri intressting, går eg ut ifrå. Ja, no veit de i alle fall sånn omtrent kva eg har å stri med. Håpar alle har ein strålande vår!

tirsdag 20. mars 2012

60 spørsmål

Lista fann eg hjå Linnéa, som fann den først hjå Mariell.


1. kor gamal er du om fem år?
Tjueseks og eit halvt. 
2. kven var du minst to timar rundt i dag?
Thomas og Sigvar. Vi måla fjøs og gjekk på mørkeloftet (PS: eg fann kjole)
3. kor lang er du?
160 cm.
4. kva var den forrige filmen du såg?
Den siste heile filmen var Cowboys & Aliens. Etterpå såg eg slutten av Atonement. Den var mykje finare, men tel jo ikkje sidan eg berre såg slutten. 

5. kven ringte du sist?
Thomas. Han måtte sjekke om PC-kabelen min låg att på Øvrelid. Det gjorde den. Flaks at eg hadde ein ekstra her. 
6. kven ringte deg sist?
Thomas. 
7. kva stod på den forrige sms’en du fekk?
"Velkommen:) eg e heime! Mads og e her."
8. føretrekk du å ringa eller senda sms?
Sende sms. Veldig.
9. er dine foreldre gifte eller skilte?
Dei er gifte med kvarandre på tjuefjerde året.
10. når såg du mamman din sist?
Eg fekk ein klem i dag.
11. kva farge har du på augene?
You decide.
12. når våkna du i dag?
Litt klokka seks, litt i åttetida og skikkeleg litt før ti.
13. kva er din favorittjulesang?
Eg veit ikkje. Eg driv stort sett ikkje med favorittar. Eit par songar likar eg litt ekstra, men då er det berre fordi eg synest at eg klarer å synge dei fint. 
14. kva er din favorittplass?
Oi. Rødehavet (under overflata), kva fjøs som helst (så lenge dyra har det fint der) og hytta om sommaren. Og hundre plassar til. 
Åh, herregud, eg gløymde nesten Otterdal! Berre sjå:

15. kva plass likar du minst?
Dei som fantasien min finn opp når eg har mareritt.
16. kvar trur du at du er om ti år?
Afrika hadde vore kult. Eit år som veterinær på eit anna kontinent. Kanskje med familie. Eg håpar på familie. 
17. kva skremte deg mest om natta som liten?
- Mareritt om kidnapparar som løfta jenter etter håret om kvelden og bandt dei fast bak låven bortanfor byggjefeltet, og skulle hive alle jentene i eit bur fullt av levande hummer neste morgon. Heldigvis hadde eg lommekniv i draumen, så eg skar laus alle jentene så dei kunne springe heim. Men då det berre var meg att, så var byggjefeltet vekk, og bortanfor låven var der berre ein ukjend by så eg aldri kunne kome heim att. 
- Ein dverg med spiss topplue som ikkje var dverg likevel, men kjempe. Og piggtrådgjerder.
- Å måtte stå opp for å tisse. Viss ein ikkje tissar før det har gått fem sekund, så kjem nemleg dodraugen. Men han likar ikkje å bli tissa på, så det går bra viss ein er kjapp.
- Revane som var under senga til mamma og pappa. Det gjaldt å ta skikkeleg sats, for viss ein hoppa langt ifrå senga, så kunne ein kome seg oppi utan at revane tok nakne barneføter. 
- Å liggje med ryggen ut mot rommet. Då ser ein ikkje kva som kjem. Same viss ein ligg på ryggen, for det som kjem kan kome opp gjennom madrassa òg. Ein må alltid ha ryggen mot veggen. 
18. kva fekk deg til å le hardt seinast?
Ein gong eg var på besøk hjå Sigrid og vi gløymte å leggje oss om kvelden. 
Det var òg ganske artig å få høyre at Balder hadde gått bananas i møkadungen medan eg ikkje var heime, og at svigermor måtte ta vaskejobben. Eg kom heim til ein hund med svak odør av gammal sauebæsj og -tiss. Sjarmerande!
19. kor stor er senga di?
Den i Oslo er 80 brei, men kan bli 160 viss ein dreg ut skuffa. Den som eg delar med Thomas når eg er heime er berre 120, men den er til gjengjeld kjempehøg. Og den som er verdas beste (som eg lagrar hjå mamma og dei) er 180. 
20. har du stasjonær eller bærbar datamaskin?
Eg har ein Asus-laptop med knust skjerm, ein Asus-laptop som er heilt fin, og ein Samsung Galaxy Tab.
21. søv du med eller utan klede?
Utan.
22. kor mange puter søv du med i senga?
Ei eller to. Før sov eg nesten sitjande. Då hadde eg to vanlege puter, ei Pocahontas-pute og ei som eg sjølv hadde måla ei sol på i barnehagen.
23. kor mange land har du budd i?
Eitt.
24. kvar har du budd?
Oslo, Nordfjordeid, Bergen, Trondheim, Nordfjoslo. 
25. likar du sko, sokkar eller berrføtt?
Berrføtt og ullsokkar. Sistnemnde kan gjerne vere grove og litt kløande.

26. er du sosial?
Mest nei, litt ja. 
27. kva er din favorittis?
Salt lakris (den som heiter Dream som vi har i Noreg). Og ulike friske sorbetar. 
28. kva er din favorittdessert?
Når eg er full er det visst Tiramisu. Elles veit eg ikkje. Eg et alt, nesten.
29. likar du kinamat?
Ja, men det kjem jo an på kven som lagar, som med omtrent alt anna. 
30. likar du kaffe?
Ja, eg må det. Viss ikkje seier Thomas at eg ikkje er vaksen. Men te er best. 
31. kva drikk du til frukost?
Oftast vatn og te. 
32. søv du på nokon spesiell måte?
Aktivt. 
33. kan du spela poker?
Teoretisk sett er svaret ja. Men eg har knapt prøvd. Dei få hendene eg har spelt har dessutan gjerne vore verd nokre titusen kroner, så eg sat mest og sa "æææææ!" (det var på internett, altså, så pokerfjes var ikkje påkrevd).
34. likar du å kosa?
Veldig. Men ikkje når som helst.
35. er du eit avhengighetsmenneske?
Nei.
36. kjenner du nokon med samme bursdag som deg?
Eg veit ei som bur i USA, og så hugsar eg at eg kjende ei som heitte Henriette då eg var lita. Eg var bombesikker på at vi hadde bursdag same dag, men mamma seier at det ikkje er sant. 
37. vil du ha born?
Heilt klart.
38. kan du nokon andre språk enn norsk?
Eg er ein ræsar på engelsk og svensk, dansk når eg har drukke litt. Tysk, nederlandsk, spansk, islandsk og fransk forstår eg ganske mykje av, men det å konstruere noko sjølv går ikkje så bra. Italiensk er òg på veg.
39. har du nokon gong vore i ein ambulanse?
Nei, berre nesten.
40. føretrekk du havet eller eit basseng?
Havet.
41. kva brukar du helst pengar på?
Reiser. 

42. eig du dyre smykker?
Nei. Eg har berre ein gullring, og den er så smal at den nesten ikkje synast.
43. kva er ditt favorittprogram på tv?
For tida har Thomas og eg Drømmedesign surrande i bakgrunnen i mange timar kvar sundag. TV som eg ikkje ser på TVen er Weeds, Modern Family, The River, Dag, Alcatraz, Mad Men, Boardwalk Empire, Game of Thrones og How I Met Your Mother. Og så fekk eg dilla på Monk i forgårs. Pluss at eg elskar naturprogram.
44. kan du rulla med tunga?
Ja!
45. kven er den morsommaste personen du kjenner?
Mattias.
46. søv du med kosedyr?
Nei. Berre Thomas (he-he-he). Her i Oslo er senga uansett så smal at eg såvidt klarer å snu meg når eg er åleine. Eg måtte faktisk øve på det, for eg er van med å berre velte rundt. 
47. kva har du som ringelyd?
Standardlyden til Sony Ericsson.
48. har du klesplagg frå du var liten?
Ja. Nokre favorittar er Amerikakjolen som er bitteliten, og brudepikekjolen som mormor sydde då eg var fem. 

49. kva har du nærast deg no som er raudt?
Eit par ullsokkar og Postkasse³-tskjorta mi (Thomas si).
50. flørtar du mykje?
Ja, med Thomas. Og med kyrne som eg helst vil skal stå i ro.
51. kan du bytta olje på bilen?
Ja, eg har til og med gjort det for folk som har betalt for det, på ein ordentleg verkstad.
52. har du fått ei fartsbot nokon gong?
Nei, eg har berre fått bot for å stå i ro. 
53. kva var den forrige boka du leste?
Det kan ha vore "Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg". Kjempebra og norsk. Les den!
54. leser du avisa?
Eg les teikneseriane på Dagbladet si nettavis, og held meg helst til NRK si nettavis når eg treng noko med substans som er nokonlunde påliteleg. 
55. abonnerer du på noko magasin?
Nei, men familien min abonnerer på Illustrert Vitenskap, og svigermor på Hjemmet (eller var det Norsk Ukeblad?). Så dei får eg stort sett lest kvart nummer av, då.
56. dansar du i bilen?
Når det trengs.
57. kva for radiostasjon høyrte du på seinast?
P3. På radiodokumentaren om Ingeborg på Post 4.
58. kva var det siste du skreiv ned på eit papir?
Eg teikna på ein Post-It til Sigvar kor eg meinte at han burde plassere sofaen i stova si. Men helst ville eg at han skulle fikse seg ein annan sofa som kunne passa betre.
59. når var du i kyrkja sist?
I bryllupet til Kristian og Ingvil sist September.

60. er du lykkelig?
Av og til. 

søndag 18. mars 2012

same procedure

Tradisjonen tru er det aldri langt mellom dei tunge dagane. Dagar der det er eit ork å opne auga om morgonen, og det riv litt i hjarterota å sleppe han av garde på jobb. Ja, herregud. Ein skal då ikkje vere så avhengig av nokon, skal ein vel?

I morgon reiser eg tilbake til Oslo. Til ein ny eksamensinnspurt og friskt mot.

Her heime har eg gjort eit forsøk på å fokusere på det som er bra, og som gjer meg glad. Eg trur ikkje denne eksamenen blir min beste, men akkurat no har eg senka ambisjonane til eit nivå der eg ikkje øydelegg meg sjølv. Eg må få ha det bra sjølv om eg gjer mitt beste, og då kan eg ikkje alltid kreve å vere på toppen. Dermed er det om å gjere å kome seg ut litt. Vere i aktivitet, vere nyttig.


tirsdag 13. mars 2012

ti fine ting sidan sist

Ein
Balder har blitt eitt år! Og så Tilt, då. Dei feira med ein god dusj, leikeslosskamp og griseøyre.
 

 








To
Eg har starta på Fanakofte til Sigvar. Han ville ha lilla og kvitt. Bør bli bra!


Tre
Three mint frå Pukka. Vi har vore tome for mint-te altfor lenge, så endeleg. Nam.

Fire
Roser frå snille mamma. For høvet vakkert dandert i eit ølglas.
Fem
Den nye kontorkroken min! Praktisk, faktisk.
Seks
Svigermor sine handarbeidsblad frå åttitalet. Eg har fått skikkeleg, skikkeleg dilla, sjølv om det aller meste er kjempegrellt. 

Nei, no kjem eg ikkje på fleire fine ting. Det er visst feil dag for slikt. Bortsett frå Thomas, då. Thomas er kjempefin. 

fredag 9. mars 2012

bilderas frå lidasætra

Sist søndag var vi ein heil gjeng som gjekk tur opp til sætra. Fire foreldre, to tanter, to onklar, to søskenbarn, ein bror og to ivrige firbeinte tok beina fatt gjennom vårsnøen ilag med Thomas og meg. Sola kika på oss mellom skyene, og alt var berre stas.

Utsikt frå sætra. Nydeleg!


 Tilt!






Begge hundane ville gjerne ake ilag med Torjus. Det vart mykje latter og hopp og sprett. 

Der er jammen eg òg. Sigvar, Thomas med hundane, meg og pappa. 


Tenk at mor mi aldri har likt hundar noko særleg. Etter at vi fekk Balder har ho rett og slett blitt oppsøkande, og eg trur ho er glad i dei!

Eh, nam? Friskt vatn i elva kan visst ikkje måle seg med nygnaga skare.

lørdag 3. mars 2012

hekla ruter - oppskrift

Som eit alternativ til luftige bestemorsruter, har eg teke til på nokre litt tettare (og veldig fine, synest eg) lappar som etter kvart kan bli eit heilt teppe, eller kanskje noko heilt anna. Her kjem i alle fall ein lang og detaljert biletserie med oppskrifta, slik at alle som vil skal kunne få til å lage slike.

Det er berre brukt tre ulike masketypar (luftmasker, stavar og kjedemasker), så når ein kan dei, er trikset å snu på dei rette stadene.

Til dette prosjektet heklar eg først og fremst med nål nr 2,5 og garnrestar som er passe tjukke (t.d. Sisu og Silja). Med 12x12 stavgrupper blir lappane mine om lag 11x11 cm.

Spør gjerne om noko er uklart!

Here we go:




Før eller seinare kjem du halvvegs, og det er då det skal byrje å bli ei rute i staden for ein trekant.



Et voilà!



torsdag 1. mars 2012

å dusje utandørs

I eit anfall av mellombels galskap fekk eg for meg at det var ein god idé å gå langtur i dag. Balder var sjølvsagt kjempeivrig, noko som bidrog til å føre meg endå lenger ut i uføret. 

Eit par timar seinare hadde vatnet lurt seg ned i nakken, gjennom hua og inn i vottane, telefonen og til og med Gore Tex-skoa. Som to blaute kattar var Kim og eg tilskodarar til at Spot (Kim sin voffs) og Balder spant rundt i turbofart. Det som starta som kvite hundar vart på eit blunk forandra til to brungule gjørmebrytarar. 

Heimturen tok berre halve tida, og dusjen var ubeskriveleg herleg etterpå. For meg, i alle fall. Balder er absolutt ikkje like positivt innstilt, og spesielt ikkje når det tek ein halvtime å bli kvitt all sanden som har blitt med heim.

Då er det perfekt med ein kopp te, grisehale og Thomas sin bestefargenser. Grisehalen fekk Balder, altså.
No skal eg rydde huset til Thomas kjem heim frå jobb, og så skal eg lage hekleoppskrift på lappane frå tidlegare i veka. Gled dykk!