onsdag 31. august 2011

shoes create people - konkurranse


Eg deltek på Økonomisko sin konkurranse no, der ein kan vinne gåvekort på 5000,- .
Det kjem jo alltids godt med, så ta gjerne turen innom og legg att ei stemme! Kanskje vil du delta sjølv òg? 

Om du ikkje kjenner att skoa, så er det desse, frå UFF i april. <3

mandag 29. august 2011

heimehelg

Vel heime på Eid var første post på programmet sjølvsagt å helse på Thomas, som var på jobb. Og før eg visste ordet av det fekk eg sjølv besøk der!
 Far, mor og bror til Balder i eit forrykande tempo. Slikt blir ein utan tvil glad av!

Om kvelden kunne vi endeleg sove i same seng att og vere kjærastar slik som det er meininga at verda skal vere. Det er jo ikkje noko stas å bu langt vekke...

Så, medan Thomas var på jobb laurdag òg, drog eg ut på fjorden saman med Siggen, Kristian og  Torjus (veslebror min). Siggen og Kristian hadde sett garn, så det var berre draginga som sto att (den er definitivt det kjekkaste). Torjus var flittig som få. 
 
Mellom dei vanlege torskane, seiane og berggyltene dukka det opp litt av kvart. Først eit par krabber, og så ein kråkebolle,
eit lite sjøstjerneparty,
 
og så vart det brått tungt. Veldig tungt. Nokon som kjenner att ein slik?
Fornøgde køyrde vi inn til land for å ta hand om fangsten.
19 kg breiflabb var det! Rikeleg til søndagsmiddag for heile familien, og nydeleg godt. 
Til og med måkane fekk nyte godt av breiflabbmiddagen. Det sytte Thomas for. 



fredag 26. august 2011

hurra

Brått kom regnet. Dei siste tjue minutta før midnatt må drøyast så eg ikkje blir liggande vaken heile natta (det er rart med det, men det skjer alltid viss eg legg meg for tidleg), og då finst det berre ikkje betre lyd enn plaskande regn.

I går vart alle vi førsteårsstudentane (larvane) ved NVH kidnappa av sisteårsstudentane (kandidatane). Det var tid for eit særs tradisjonsrikt opplegg som involverte mange rare ting som eg eigentleg ikkje veit om eg har lov til å snakke om eingong. Nemleg larvelaget. Sjølv om eg (keisamt nok) ikkje tør å fortelje så mykje om det, kan eg vel nemne at det var både pinleg, slitsamt og veldig kjekt!

Heim frå sentrum fekk eg snakka lenge i telefonen med han som er der heime, og til slutt måtte vi berre sjekke om der var billege flybillettar tilgjengeleg. Og det var der, så eg får reise heim allereie i morgon! Åh hurra, eg gler meg sånn! 

Avsluttar fint med ein av dei søte små som vi traff på søndagsmarknaden på Blå. <3


tirsdag 23. august 2011

skog i byen

Tenk når Thomas kjem på besøk og vi berre kan gå eit par minutt utfor døra og finne dette. Grusvegar og snirklande stiar og ingen hus eller bilar å sjå. Då blir det nesten greitt å bu i by.

mandag 22. august 2011

reptilar i lange baner

For ein gongs skuld er kaffikoppen med som selskap på måndagskvelden. Det blei kanskje litt bakfram i dag, sidan eg heilt klart kunne hatt behov for litt koffein til å vekkje kroppen før skuletid (før eg kom meg heimafrå hadde eg allereie prøvd å forlate mobilen i kjøleskåpet og brødet i papirsøpla, og eg trur kanskje eg såg Linnea Myhre på trikken, utan å vere spesielt sikker på at det var ho. Når eg no er inne på det trur eg eg så Sondre Lerche her ein dag òg, men det er eg i alle fall ikkje sikker på), men i kveld kan eg vere oppe så lenge eg berre vil, for eg har fri i morgon!

I går var det søndagsmarknad på Blå. Sigrid, Elias og eg tok turen for å kike litt, og eg kom heim med eit par øyredobbar og litt inspirasjon som eg har gøymt i bakhovudet enn så lenge. 

Og så! I dag hadde vi det første fornuftige fadderopplegget for i år, nemleg eit besøk på Oslo Reptilpark! Der fekk vi helse på slangar, øgler, edderkoppar, sniglar, froskar, kakerlakkar og diverse anna. Eg fekk halde ein kornsnok og ei øgle som eg ikkje fekk med meg namnet på (eg var mest oppteken av å studere den piggete huda og den lange halen). Bevis:
Hurra, ein ser nesten litt meir enn halen til øgla! Thomas meiner reptilparkfyren bak meg er han sjølv anno 2002, men eg trur Thomas var meir pinglete på den tida enn han her var (nokre av øglene der var ganske heftige!). 

Og så budde han/ho her i reptilparken. Uuuh. No har eg drukke for mykje kaffi, ja...

søndag 21. august 2011

æsj

I går var det hyttetur og min tur til å vere med på fadderveketing. Det var eigentleg veldig kjekt, med artige oppgåver og god mat og folk å prate med, men sidan der var så få sengeplassar tok Eirik og eg turen nedatt litt utpå natta.

Og det kan eg visst vere veldig glad for at vi gjorde, for kroppen er definitivt ikkje nøgd med gårsdagens aktivitetar! I tillegg til eit par digre (men likevel temmeleg ubetydelege) insektstikk og diverse små blåkular, har eg nemleg kasta opp jamleg i heile dag. Så absolutt ikkje verd det!

Som om det ikkje var nok å vere heilt utslått av fyllesjuke, så vart eg nøydd til å takke nei til å fare på segltur saman med Silje og Mads, og eg bomma grovt då eg avtalte kinokveld med Sigrid i den tru at eg kom til å vere i fin form utpå kvelden. For ein skivebom av ein dag...

torsdag 18. august 2011

fine ting på ein torsdag

Å bli vekt av sola som skin gjennom gardina, og stå opp når kroppen er klar for det.

Ta ein herleg dusj og etterpå gå berrføtt med nyklipte tånegler.

Finne vitnemåla sine i postkassa og bli helst velkommen av ein fantastisk koseleg nabo i andre etasje som ler så hjarteleg at ein blir heilt glad på innsida av det.
Grine litt av heimlengsle når kjærasten sender markjordbærbilete frå morgonturen med verdas finaste Balder, og på same tid vere glad fordi ein ikkje er den einaste som er full av sakn.

Setje seg i sola på balkongen med ein kaffikopp og nyinnkjøpt pensumbok, for etterkvart å oppdage at det er på tide å hoppe i bikinien.
Å nyte seinsommarsola utan stress og mas. Ahh...

tirsdag 16. august 2011

skulestart

Etter svært lite søvn natt til måndag sto eg opp grytidleg og tok turen til sentrum saman med "m brella"-en min.
Sidan eg var tidleg ute gjekk eg heilt frå Jernbanetorget til veterinærhøgskulen. Så lenge eg gjekk, og av og til måtte sjekke kartet for å vere sikker på at eg ikkje hamna feil, følte eg at eg hadde kontroll på nervane. Men plutseleg var eg framme. Inne i gangen var det allereie kome litt folk, og eg følte meg som ein raring som ikkje turde å seie noko meir enn "hei", medan dei andre allereie sto og prata og vart kjende med kvarandre.

Etter å ha lest informasjonsarka vi fekk utdelt minst fjorten gongar var det plutseleg ei som introduserte seg for meg. Eg introduserte meg tilbake, men etterpå vart det berre enda litt kleinare, for då måtte eg plutseleg engasjere meg i deira samtale utan å ha noko å seie. Åhh, som eg verkeleg ikkje saknar den same perioden frå i fjor. Plutseleg blir eg ein måpete, dustete, asosial raring som ikkje klarer anna enn å smile bittelitt. 

Og så kjem massevis av trøytt info om mykje rart med kjempeengasjerte fadderar som prøvar å få ti flaue og sjenerte ferskingar (eller "larvar", som vi heiter på NVH) til å stille spørsmål og vere normale. Eg greier berre ikkje å vere normal, eg. Konstruerte situasjonar der det er forventa at ein skal vere kjempeinteressert i alt dei andre tenkjer og meiner og har gjort sidan dei var tre år gamle får det til å knyte seg i meg!

Eg likar eigentleg å bli kjend med folk, det er ikkje det. Eg vil berre at det skal skje i eit naturleg tempo, etter kvart som ein har fått orden på informasjonskaoset som regjerer i hovudet dei første dagane. Det evinnelege maset om at fadderordninga er den magiske porten til evig sosial suksess gjer meg nesten irritert, både på eigne og andre sine vegne. 

Eg er verken asosial, arrogant eller mindre intelligent. Eg synest berre ikkje at det er kjekt å bruke to veker på å bli blakk, sliten, røpe pinlege løyndomar og springe rundt i Oslo med munnbind til BH. Venskap blir det når eg er klar for det, og då blir det på ordentleg. Så kaotisk som eg har det på innsida akkurat no, må eg berre få lov til å vere tilbakehalden i nokre dagar.

Men gjett kva. Eg er veterinærstudent!

søndag 14. august 2011

sol i oslo

Fem bilete, eit par mailar og ei hyggjeleg telefonsamtale var alt eg hadde fått då eg takka ja til å flytte inn hjå Silje. Trass i alle åtvaringar fekk den kjekke stemma frå Sykkylven meg til å ta sjansen på ei usett leilegheit. Og det er eg glad for!

For det første er Silje her. Ho er snill og fornuftig og praten flyt lett over vafler og kaffi og smoothie, vegetarlasagne og raudvin, lapskaus og bykart. Vi har allereie rukke å treffe vener over ein halvliter og eg fekk pakke vekk Thomas-sakn for ei stund. Kan nesten ikkje forstå at eg har vore så heldig.

Dessutan er leilegheita nesten meir enn eg kunne drømt om, og i alle fall meir enn eg hadde våga å håpe på. Silje har innreia med diverse loppisfunn og arvegods og litt nytt, til ein miks som eg allereie er blitt glad i. Rommet mitt har ein fin skatt av eit nattbord ved sidan av syskrinet og no er skrapekartet på veggen. I stålampa heng tante-pippipar og kikar på postkort frå London og Paris. Det einaste som manglar er igrunn den godaste eg veit, men han er langt, langt vekke...



lørdag 13. august 2011

den siste dagen

Saman med Thomas, Sandra og Siggen tok eg med meg Balder og Tilt til hytta ved Movatnet. 
Vi grilla pølser, plukka bær og løyste kryssord, og etterpå bada både Balder, Tilt, Siggen og eg. Tilt symde faktisk for aller fyrste gong! Det var berre kjempefint alt saman. Ein herleg siste dag på Eid. 









Mange bilete, med to trøytte kvelpar til slutt. Fint.

Eg saknar så forferdeleg allereie...

tirsdag 9. august 2011

inn til service

Eg trur faktisk at det er ganske mange som leverer bilen på verkstad og er villige til å leggje ut tusenvis av kroner så snart den hostar litt, medan dei sjølve kan gå rundt med kroppslege plager i veker, månader og kanskje år før ein lege i det heile får kaste eit blikk på dei. For det er jo så dyrt å gå til legen...

Det er vel litt paradoksalt?

Eg skal ikkje påstå at eg er nokon mønsterpasient sjølv, men i dag (og i går) har eg i alle fall teke eit realt skippertak!

Første post var frisøren, som gav håret mitt éin farge i staden for fem centimeter ettervekst og resten utvaska.
Og så tok eg turen til både tannlegen og legen, og fekk vaksine til og med (hugs på at stivkrampevaksina du fekk på barneskulen må fornyast kvart tiande år!).

Etter klubbmiddag på Lid tok vi med oss den ømme vaksinearmen min heim til mamma ein tur, og ho vart kjempeglad for litt prating og kaffihygge.

Berre to dagar til eg dreg langt av garde.

mandag 8. august 2011

å føle seg fin

Fordi eg er lei av at ein blir framstilt som ein amøbe viss ein ikkje er så viktig på det med kvardagssminke. 

Sminkefri dag er stort sett kvar dag. Hestehalen held styr på ville hårlokkar, og det er stort sett greiast å gå i arbeidskle eller joggebukse sidan eg likevel alltid endar med å gå rundt i skogen eller leike med hunden, eller gjere anna fysisk arbeid der utsjånaden er heilt uvesentleg. 

Eg høyrer om jenter som ikkje kan forlate huset utan at foundation, rouge, mascara, eyeliner og lipgloss er på plass, og Gud forby at eit augebrynshår skal liggje feil veg! Dagen startar med ein time på badet for at fasaden skal vere prikkfri, og før natta tek til må det heile vaskast vekk att. Skal ein ikkje kunne føle seg vel før ein har fiksa alt som kan tenkjast å ikkje sjå fantastisk ut (etter media sine definisjonar) frå naturen si side?

Det er ikkje det at eg ikkje ser poenget med sminke i det heile. Eg ser jo sjølv at eg kan framheve eller gøyme ulike trekk i andletet, på den måten ulike klesplagg kan gjere det same på kroppen. Men for meg er dette noko for spesielle høve. Når ein vil gjere noko ekstra, slik ein tek på seg bunaden på syttande mai og føler at det er skikkeleg bra og spesielt. Slik føler eg det når eg sminkar meg, og eg likar at det er på den måten. Eg føler at det er noko litt ekstra, og folk rundt meg legg merke til det (og tør å gje skryt) når eg for ein gongs skuld har sminka meg. Det trur eg ikkje ein opplever når ein aldri går ut av huset utan maska på. 

Eg går ut ifrå at det er mange som meiner at det er viktigare å bruke litt ekstra tid på badet slik at ein kan sjå FLOTT ut kvar einaste dag, enn det er å kunne imponere ved spesielle høve. Det kan eg forstå. 

Men eg synest eg er flott uansett, eg. Du må gjerne sjå på meg på ein vanleg måndag og tenkje at eg ser ustelt ut der eg vasar rundt på Mega i noko som minner om ei pysjbukse og med uregjerlege hårtjafsar viftande framfor augevippane som ikkje har sett mascarakosten på minst ein månad. Det er ikkje slikt som er viktig for meg. 

Det viktige for meg er å vere frisk. Frisk nok til å kunne stå opp kvar morgon. Å kunne jobbe, studere, vere sosial, leike med Balder, ete, kose og rett og slett gjere det eg kan og det som trengs for at omgjevnadene mine skal ha det bra. Dei som har opplevd periodar som manglar dette, veit at ein må setje pris på det ein har. 

Difor vel eg vekk sminketimen om morgonen. Sminketimen min får heller gå med til å sove litt ekstra, kose litt og ete ein roleg frukost. Det er det som får meg til å føle meg kvardagsfin. Allverdas augeskuggar kan ikkje erstatte morgonteen min. Så får eg berre sjå ut slik eg gjer. Eg er like rein, like smart og minst like oppvakt som du føler deg når du har brukt mykje av både tid og pengar på å lage deg til.


søndag 7. august 2011

fjellgeiter

Søndag, og min første tur til Lidavarden. Forbi sætra og langt, langt oppover. Der oppe ser ein både Eid og heile Haugen.
Medan Balder sov og slappa av kunne vi vaksne nyte skulebollar og friskt fjellvatn. Vi gjorde eit forsøk på å ta gruppebilete, men Balder meinte det var teit, og ville ikke sitje.
For å gjere det heile ekstra kult passa eg på å sjå ut som eg er midt i ein velt. Eh. Bra vi prøvde ein gong til, berre på lang avstand.
Balder søv visst gjerne sitjande òg, han!
På heimvegen inviterte mamma og pappa på heilsteikt lammelår, så vi plukka med oss litt molter og fekk mammajubel heime i stova.

Så køyrde pappa av garde til Oslo med det mest kompakte flyttelasset eg har hatt nokon gong og eg fekk litt flytteangst no plutseleg. 

fredag 5. august 2011

den siste veka heime

Overraskande nok gjekk det lett som ein plett å finne leilegheit i Oslo. Eg reiste ned tysdag med ei handfull visningar å gå på i løpet av veka, og allereie tysdag kveld hadde eg fått mitt første innflyttingstilbod. Det vart to tilbod til før eg bestemte meg for ei koseleg leilegheit på Oppsal som eg skal dele med ei kjekk jente. Dermed kunne eg ta turen heim allereie onsdag.
No har eg berre ei veke på meg. Éi veke. Sju dagar som skal nyttast på den aller beste måten saman med Thomas og Balder. Vi går turar på sætra, lagar god middag, ser fine (og eit par dårlege) filmar og sussar litt ekstra.