torsdag 30. juni 2011

pjuskelusk og vintagekjole frå london

I morgon går turen vidare til Kreta, og enn så lenge har eg besøkt herlege Sigrid og Elias i Oslo. I dag tidleg drog dei ifrå meg (buhu) og eg nyt fineOslo frå stova.

Gud, som ein kan vere einsam iblant. Heldigvis blir det desto betre å få treffe att Thomas og Sandra i morgon tidleg, så eg berre gler meg likevel!

No skal de versågod kose dykk med den nye, fine kjolen min.
Overdose, eg veit. 

Men hallo. Eg er i alle fall litt betatt!

søndag 26. juni 2011

feriemodus

Eg må berre ha fullstendig ferie. London var fantastisk, København er herleg, og i kveld reiser eg vidare til Lillesand. Det er mykje som skjer og mykje som treng merksemda mi mykje meir enn bloggen, så de må berre tole fråveret mitt ei lita stund. Eg kjem tilbake, eg lovar!

søndag 19. juni 2011

sundag.

Korleis er det meininga at ein skal klare å vere inne og pakke (eller blogge, for den del), når verda har så mykje kjekt å by på utandørs?

Helga har vore fylt med turar på Lidasætra, hundeleiking og ein noko ufrivilleg roadtrip til Svelgen. I går kveld sto vi i to timar og sette agn på line, før vi sette garn og liner i kveldssola. 

Og eg berre seier det: det finst ingen verdas ting som er som å stå opp grytidleg og leggje ut på ein spegelblank fjord med gode vener. Å drage garnet medan sola står opp og gradvis varmar meir og meir til ein må ta av regnjakka og deretter strikkagenseren. Alle følgjer spent med på kva som nærmar seg nede i vatnet og ein bannar i kor når fisken slit seg eller jublar når ei stor og flott kveite veltar over ripa. 
Vi fekk torsk, lyr, sei, kveite, massevis av sjøstjerner, flyndre, krabbe, knurr og dessutan ei skate (det har eg aldri fått før), men ho var lita og fekk sleppe utatt. 

Sjølv om vi var utpå enda tidlegare enn vi hadde planlagt, så enda eg med å kome heim så seint at eg hadde knapt førti minutt på meg til å gjere meg klar for Annika sin barnedåp. Eg stressa rundt på leit etter undertøy, bunadskjorte som aldri dukka opp, kjole, hårfønar sko og alt anna som ein eigentleg burde ha klart dagen før. Men eg rakk det, og fekk æra av å vere ein slags fotograf for dåpsfølgjet. Så nydeleg!

No skal det setjast garn på nytt før resten av dagen blir kos og glede for Thomas er 31 år i dag. 

Gratulerer med dagen, Thomas!<3

fredag 17. juni 2011

ein sommargul draum

Det er torsdag, ganske nøyaktig eitt døgn inn i mitt tjueandre år (altså i går). Eg er trøytt og gåen etter ein arbeidsdag med altfor mykje stress og slit, men likevel lukkeleg over den fine bursdagsfeiringa dagen før og eit strålande sommarvêr. 

Når eg nærmar meg inngangsdøra heime ser eg at noko stikk opp av postkassa. Ein pakke i gråpapir,  så stor at eg må bruke begge hender for å få lirka den ut av Tommy og Tigern-postkassa vår. På pakken står det namnet mitt (noko som forsåvidt garantert har samanheng med bursdagen dagen før), og i hovudet går eg raskt gjennom aktuelle avsendarar. 

På veg opp trappa innser eg at alle dei vanlege presangane allereie er mottekne. Ei vurdering av handskrifta på utsida førte heller ingen stad, så gråpapiret må bøte med livet. Innanfor kjem ein nydeleg innpakka presang til syne.
No er eg ganske sikker på at det må vere frå ei venninne. Men så snur eg kortet. 
Og eg tenkjer kva i alle...?

Med skjelvande hender forsvinn resten av papiret og åh herregud, Willy, du er pokkermeg sprø! Du kan ikkje ha.. jau, nei, hallo! 

Verdas finaste overraskingspresang må vere ein solgul blomekjole, sydd av flittige hender i vakre Bergen. 
Og det er just det eg har fått!
Ein nydeleg kjole med puffermar og blondekant.
Og den er så fin, så fin at eg ikkje kan tru det. Snille, snille Willy!

torsdag 16. juni 2011

selskapelegheiter

Etter ein særs kosete morgon måtte eg tilbringe heile arbeidsdagen med klump i magen. Eg turde ikkje å seie det til dykk i går, men faktisk så var eg kjemperedd for at ingen skulle dukke opp i bursdagen min. Ikkje hadde eg lagt opp til nokon skikkeleg fest slik alle andre på min alder helst gjer, og i tillegg inviterte eg heilt i siste liten, kanskje litt for at eg ikkje skulle få høge forventningar ellernoko.

Heime hadde Oda vore kjempesnill og baka bollar og mamma gjorde ein kjempeinnsats med kaker, rydding og vasking medan eg dusja og prøvde å ikkje ta så tungt på heile greia.

Og så viste det seg å bli den beste bursdagsfeiringa eg nokon gong har hatt! Berre gode vener og fin stemning heile kvelden før eg avslutta med ei koseleg bursdagspils på puben. Tusen, tusen takk til dei som var med på å gjere dagen spesiell for meg!<3


Ikkje nok med at dagen i går var heilt fantastisk; i dag venta ein pakke på meg i posten.
Sommargul blondeherleg. Meir i morgon!

onsdag 15. juni 2011

min dag i dag

21
Hurraaa

Ja, det er puppar på veggen bak meg. Thomasfarmor sitt veggteppe, faktisk. De kan få helse på ho ein dag seinare! No skal eg tilbringe dagen på jobb før det blir selskap i kveld.


tirsdag 14. juni 2011

kvadruppelbursdag

Når ein er mange i same familie som har bursdag omtrent på same tid er det ikkje så dumt å lage fellesfeiring. I går feira vi Thore (41), Nikolai (14), Severin (9) og Laurits (7) med kaker, focaccia, pastasalat og nydeleg viltgryte. 

Onkel Thore og tante Reidun bur på ein av dei vakraste stadene eg veit om. Ei knøtlita bygd med om lag fire hus, fem låvar og eit par stabbur rett ved Hornindalsvatnet. Der jobba eg om sommaren då eg var yngre og eg berre elskar å vere der.
Og så fekk eg til og med bursdagspresang sjølv. Men den tek vi heller i morgon <3





mandag 13. juni 2011

blue shoes - frå gammalt til nytt

Før
Etter

Ein gammal juleduk, nål, tråd, eit par spenner, litt garn og mykje tid var alt som skulle til for å gjere dei blasse, keisame sandalane til brukbare kvardagssko. Og så med kilehæl, som er så fantastisk in i sommar!

Med litt pynt kan dei dessutan bli ganske festfine. Tør eg foreslå ein blome?

Dei er litt store til meg, så viss nokon har lyst på: skrik ut!

lukkeplanar

Ferdigfiksa sko, sætratur med Balder, og - Ææææh - bestilt sydentur!

Dei neste vekene skal bli heilt fantastiske, heilt utan tvil, for dei skal sjå sånn omlag slik ut som det her:

Måndag  - Fri, kose, trene, fikse, rydde.

Tysdag 

Superduperdate med Sigrid og Elias<3


Onsdag
(bilete: Iris Taklo)
BURSDAGEN MIN 
Dagen då eg faktisk blir 21 år. Kaffi, kake, familie og gode vener er obligatorisk. Og jordbær. Fint <3

Sundag nittande - Dagen då Annika skal døypast, og eg reiser til Bergen.

Måndag tjuande - Superduperdate med Ida og kanskje eit par personar til og det blir dødsbra.

Tysdag tjueførste til fredag tjuefjerde
(bilete: hotelsyoumustsee.com)
LONDON
Vakre, vene Ingeborg og eg skal kose oss glugg ihel og ha det heilt nydeleg fint<3

Fredag tjuefjerde til laurdag tjuefemte og kanskje ein dag til - Diffuse planar med fine folk i herlege København. Fintdeiligherlegflott.

Laurdagtjuefemte sånn omtrent - Nokre dagar i nydelege Lillesand med Steven og Tracey og Emma og og og og. 

Fredag første
KRETA
Ei veke med sol, varme, strand, mat og deilig feriekjensle ilag med Thomas og Sandra. Eg har ikkje vore på sydenferie sidan 2008 og det kriblar herleg i magen ved tanken på å reise no i sommar. Elsk<3

Etterpå får vekene berre komme. Det blir jobb, festival, kjærleik, leilegheitsjakt, flytting, grugleding og gleding og gruing og masse fint veit eg. Sommar er best ingen protest.

lørdag 11. juni 2011

stol på meg

For ei stund sidan plukka eg med meg ein sånn heilt vanleg stålrøyrsstol frå fyllinga. Diverre såg trekket slik ut:
Difor fann eg fram eit greitt stoff eg hadde liggjande (det var riktignok ikkje heilt eigna til møbelstoff, men man tager vad haver) og trekte om. 

Sjølve setet var enkelt og greitt med stiftar på undersida. Til stolryggen brukte eg det gamle stoffet som mønster for det nye. Det var lettare sagt enn gjort, men med nok nåler gjekk det no på eit vis:
Rundt kantane er det smart å forsegle med sikksakksting eller liknande slik at ein ikkje risikerer rakning. 

Og her kom den kjipe delen. Som de kan sjå på biletet må holet vere ganske stort for at ryggplata skal gå inn i trekket, og heile det stykket måtte etterpå syast med skjulte sting. 
Arf, for eit ork. Ikkje å anbefale for dei som ikkje likar å sy for hand (eg likar det eigentleg veldig godt, men stoffet var lite eigna). Uansett vart det rimeleg bra. 
Og då stolen var ferdig montert rakk eg knapt å blunke før Max og Ella dukka opp for å inspisere.
Alt i alt eit kjekt og enkelt prosjekt!

fredag 10. juni 2011

glimt frå barndomen - 3

Sommaren 1995 fekk min kjære onkel Thore si Reidunn. Tante Reidunn sto vakker krunebrur og kyrkja var full av bunadkledde gjestar. Kristian-bror og eg, som på den tida var tre og fem år gamle, fekk vere stolt bruresvein og brurepike. 

Eg hugsar utruleg godt korleis det var å få ta på seg den nydelege mormorsydde brurepikekjolen medan mamma forklarte oss at det var viktig at vi sat fint i kyrkjetrappa under vigsla - det betydde nemleg ulukke dersom bruresveinane og -pikene såg på brureparet medan presten prata. Difor måtte vi sitje pent og pynteleg med ryggen mot alteret og ikkje prate eller tulle. 

I byrjinga av seremonien gjekk alt etter planen. Men så, til mi store forskrekking og gru, gadd ikkje Kristian å sitje fint meir. Han byrja først å makke seg nedover trappa medan eg gjorde mitt beste for å oversjå at han var så dårlig til å oppføre seg. Sjølv skulle eg jo klare å vere eit prakteksempel!

Det var jo berre eit spørsmål om tid før Kristian fann ut at han ville sjå kva som eigentleg føregjekk framme ved alteret. Eg prøva forgjeves å hinte til han om at han ikkje måtte snu seg, men ein treåring er ikkje lett å irettesetje utan å skape bråk, så eg måtte berre gje meg. Eg sat med klump i halsen, redd for at onkel Thore og tante Reidunn ikkje skulle få gifte seg likevel. Dumme, dumme bror min!

Heldigvis vart dei jo sjølvsagt godt gifte og festen varte heile natta med markblomar og bål i fjæra. Magisk. 

torsdag 9. juni 2011

babe. heldiggrisen, veit du

Ei superheldig jente fekk i dag trille tur med verdas skjønnaste Annika. Heldigvis var det nettopp eg som var denne superheldige jenta, og medan Annika og eg trilla oss av garde forbi duggvåte blomar, feite meitemarkar og sjarmerande gamlehus, sat Annika-mammaen Toril heime og laga fine dåpsinvitasjonar. Annika sovna på ein blunk (sikkert for å sleppe å høyre på mi meiningslause nynning av songar som ikkje finst), så for Toril og meg vart det sladretid og sjokolade heilt til Annika skulle badast. Og heldige meg fekk ordne den biffen òg.

Dei siste to dagane har eg dessutan vore på jobb. Eg greidde å stresse meg sjølv opp ganske mykje i og med at eg skulle få heilt nye arbeidsoppgåver i går, men det gjekk lett som ein plett! Mykje takka vere dei flotte kollegaene som eg har på fabrikken. Godt humør, spøk og latter og rom for å spørje om ting gjer at det er lett å trivast. Det har eg ikkje opplevt alle andre stader, så sånn sett er eg jo heldig med det. 

Dessutan var sommarvêret innom på ein snarvisitt i går igjen. Vi sto lettkledde ute og stabla ved til klokka var nærare elleve, medan Balder var ein nydeleg propell som sprang opp og ned bakkane i det høge graset. 
Det kjekkaste han veit er å springe nedover så fort at han berre akkurat greier å stoppe utan å gå på trynet.

No som natta straks er her og ein herleg ein nettopp har servert meg ein kopp med rykande varm kakao kjenner eg at eg absolutt er heldig. Eg må berre bli flinkare til å hugse på det. 

tirsdag 7. juni 2011

meg. sol.

Sol, det er meg.
Om berre åtte dagar er eg 21 år. 

Eg bur
- heime på Nordfjordeid i Sogn og Fjordane, der eg voks opp
- ilag med familien min høgst midlertidig. Ein likar ikkje å flytte heim etter å ha budd vekke 
- i eit murhus utan hage og eg saknar hage. Masse. Helst skulle eg hatt gard
- i etasjen over oldemor, og rett over gata for mormor

Familien
- består kronologisk oppramsa av pappa, mamma, meg, Kristian Sivert, Steffen, Oda Elise Marie og Torjus 
- har fem kattar Mercedes, Pondus, Max, Ella og Melis Isabel
- er så norsk som ein får det den mest eksotiske i slekta er farmor, og ho er frå Møre 

Eg er
- veldig, veldig redd for sniglar og mugg
- veldig, veldig glad i ein som er ganske kjærasten min
- bifil
- deprimert nokre gonger men ikkje så ofte (konstant), grusomt og altoppslukande som før
- ganske lav men passeleg til å vere jente, omlag eitthundreogseksti cm
- sterkare enn eg ser ut til å vere
- kreativ men for dårleg til å ta vare på ideane mine
- frykteleg dårleg til å lage mat og til å ete
- glad i namnet mitt fordi det er fint


Eg har
- angst for å vere åleine, å gjere feil, å bli svikta, å svikte, å ikkje vere elska, å ikkje få elske
- lyst på ungar ein dag
- nettopp sett tre episodar av Weeds rett etter kvarandre little boxes on the hillside, little boxes all the same
- mange prosjekt på gong omeinannan
- vore turnar og akrobat på sirkus
- reist til Paris heilt åleine og det var skikkeleg stort for meg
- budd i både Bergen, Trondheim og Oslo, men ikkje lenge på kvar plass
- betre karakterar enn dei fleste trur eg fortener men dårlegare enn eg eigentleg er god for
- brekt nasa ein gong etter å ha svima av på kjøkengolvet i bakfylla
- stor kjærleik for gamle ting og vintage klede, sko, kjøkenutstyr og alt mogleg men eg likar ikkje historie
- minst sytti par sko




Sånn! Det var ei lita oppsummering av meg akkurat no, til glede eller frustrasjon for gamle og nye lesarar. Sidan eg sikkert har gløymt massevis vil eg dessutan oppfordre dykk til å stille spørsmål om kva som helst omtrent. For eg veit at de er der, faktisk <3