lørdag 30. april 2011

fisk

Dei to siste dagane har vore herleg sommarlege. I går hadde eg besøk av Sigrid, Elias, Yvonne og Carina, og vi kosa oss med kaffi på terrassen. Då dei var vekk hoppa eg rett i bikinien og blei der til sola gjekk ned. Tida går fort med ei god bok (for augneblenken Fakta om Finland av Erlend Loe). 
Dagens plan var eigentleg å måle litt, sy litt, og slappe av mykje. I staden vart eg med Sigvar ut på fjorden ein tur. Vi hadde fleire stopp med vafler, kvalpeleik, lambing, kaninungar og kaffi før vi i det heile kom i gang med å drage garn. Men då vi først var begynt gjekk det unna.
Ada på seks år meinte først at vi måtte kaste alt tilbake i fjorden, men då vi sa at vi skulle lage middag av fisken, ombestemte ho seg og syntest at ho heller skulle få henge dei på veggen heime. Det vart litt av ei utfordring å overtyde henne om at det beste var å kutte strupane med det same, så fiskane ikkje vart liggjande og gape etter vatn heile vegen heim.

Her fekk vi ein liten hai i garnet, og heldigvis var den heilt fin og kvikk og liten, så gleda var stor då ho fekk setje den fri sjølv (etter at vi hadde forklart kvifor vi ikkje ville ha fisk på veggen heime).
Det vart ein bra fangst til slutt, med sei, torsk og berggylte.
Då vi gjorde opp fisken i fjæra ville Ada og Era leike med restane. Dei fann småsild i magesekkane som dei mata krabbene med (katten fekk ikkje smake), og det vart eit heilt lastebillass med innvollar.
Veldig spennande og lærerikt for små jenter, og mykje god mat for heile gjengen.
God helg, alle saman!
(Og ja, eg trakka sjølvsagt i vatnet så eg blei gåande med ein våt sko i fleire timar. Kløna! No skal det fileterast til den store gullmedaljen.)

fredag 29. april 2011

fargeleik

Brunt, blått, grønt og "ein smule" raudt (som alltid).
Morgontrynet mitt var ikkje i humør til sterkt sollys, så paint fekk heller gjere jobben. 
Håpar alle har ein fin dag og kan kose seg i sola slik som eg gjer! 

torsdag 28. april 2011

röda clara, röda skor

I går kveld knytte eg på meg dei fine lilla joggeskoa mine (for første gong i år, trur eg faktisk) og jogga meg nokre km (om lag åtte) av garde langs fjorden. Lyset var fantastisk,sjølukta var forfriskande, og mine oklar, kne og leggar verkte som eit helvete. Då eg endeleg var framme fekk eg dusje og leggje meg og gle meg til den uunngåelege gongsperra som berre venta på å slå seg saman med betennelsessmertene.
Akkurat som eg tenkte har eg dermed brukt litt ekstra energi på å gå normalt i dag, og noko seier meg at eg bør prøve å unngå asfaltjogging for resten av livet. Vi får no sjå på det, ja...

Saman med Thomas og søte Sandra tok eg ein snartur til Ørsta i dag. Der var eg innom bruktbutikken (driven av Misjonssentralen) og fann meg ein Röda Clara boksopnar til nokre småslantar.
Det passa fint med mine raude nesten-converse som tilfeldigvis dukka opp om morgonen før vi drog.
Raudt er fint!

tirsdag 26. april 2011

fryd og gaman

Lambinga er i full gang og eg storkosar meg med hundeleik i sola. Det er slik det skal vere!

tatt av kvinnen

I går las eg Tatt av kvinnen av Erlend Loe. Bak eit litt keisamt og ordinært papiromslag har boka ein kjekk gulfarge, og på framsida er det trykt inn ei eggcelle og ei sædcelle. Det synest eg er fint på ein rar måte (men eg passa på å leggje boka med framsida ned på bordet her heime. Det er jo ikkje naudsynt å oppfordre til teite spørsmål). 

Boka er òg fin på ein rar måte, men eg vart litt forstyrra av at eg har sett filmen. Eg fekk jo ikkje fred til å lage mine eigne bilete av ting. Eg elskar måten Loe har framstilt livet på, korleis hovudpersonen plutseleg er ein heilt passiv del av eit forhold som han etter kvart oppdagar at det er vanskeleg å leve utan. Og når han endeleg har lært det, så får han ikkje gjere det likevel. Og eg kan ikkje fordra Marianne. Les sjølv, eller sjå filmen. Kanskje faktisk helst sjå filmen, for alt er med der òg. 

søndag 24. april 2011

morfar sin dag

Morfar er 68 år idag, hurra!
Vi feirar i Volda med skulebollar og sveler med heimelaga jordbærsylte.
Eg er sommarlett i stripete playsuit og lengtar tilbake til kosemorgon. Vi får håpe det blir fint i kveld.
Published with Blogger-droid v1.6.8

lørdag 23. april 2011

påskesommar

Det er nesten som om verda har hoppa over våren. Vi har gått rett frå regn og nattefrost til bikini på terrassen og  lyse kveldar.

I går var ein skikkeleg drittdag heilt fram til eg plutseleg fekk kvalpekjærleik.
 Seks nydelege, klønete, leikande og glade minigjetarar kan reparere kva det skal vere av dårleg humør.

Seinare fekk eg vere med på fisketur med gode vener og iskald øl. Langt utpå natta var vi tilbake på land og eg fekk dele dyne med ein bra ein og vakne til ein ny vårdag med bållukt i håret.

Så blei det nakne bein og påskeliljeknoppar
nyfødde krøllelam og kvalpekos
 
og grønnsakberg
på pappafiksa lammelår

God påske!

torsdag 21. april 2011

sukk

Noko som står høgt på ønskelista mi akkurat no er ei badedrakt.
Aller helst ei i femtitalsstil som let både puppar og hofter og midje vere der dei er.
Og fargen skal vere glad og frisk og herleg fin så eg får lyst til å berre gå i badedrakt heile sommaren lang.
Det hadde vore noko, det.

Alle bilete er henta frå myvintagevogue.
Og viss nokon veit kor eg kan få tak i noko slikt, så hadde eg blitt kjempeglad!

onsdag 20. april 2011

hyttetur

Saman med Kristen Per kava eg meg av garde i skiløypa i gårkveld.
Råten påskesnø og mangel på skismurning gjorde turen til ei særs bakglatt og strabasiøs oppleving, men etter store anstrengingar dukka det opp ei lita hytte bak ein knaus. Der inne sat Jan Håvar
 og Åge Kristian
og vips så var det pølse i peis og vin i munn, og alt var ganske greitt i grunn.
Med aukande promille vart kortspela vanskelege og samtalane morosamare.
Og eg var ikkje så veldig pen før eg gjekk og la meg og sov godt i hyttekøye.