tirsdag 29. mars 2011

paris, her er eg

Det var kveld då eg gjekk av toget midt i Paris. Inne på metrostasjonen, langt under bakken kjende eg kor ufatteleg trøytt og utslitt eg var, og ikkje visste eg kva for ei linje eg måtte ta vidare. Eg forsøkte å lese meg fram til det ettersom telefonen min nekta å samarbeide, men etterkvart fekk eg berre meir og meir lyst til å legge meg på bakken og grine.

Til slutt gav eg opp heile metrogreia og fann heller vegen opp til overflata. Då var det eg visste at dette skulle gå bra. Over alt rundt meg var det vakre bygningar, blomstrande tre og herleg vårtemperatur.

Vel framme på hotellet fekk eg verdas minste hotellrom med gule,blomstrete veggar og sol-lampe i taket. Det gamaldagse vindauget opnast innover og krympar plassen litt ekstra. Men det er koseleg.

I dag har eg vandra rundt og funne Sacre Coeur, Moulin Rouge og ein nydeleg fin park. Eg blir snakka fransk til sjølv om eg har eit digert kamera rundt halsen, og for det meste skjønar eg eit ord eller to så eg kan nikke og smile og seie oui (eller si, som det glapp ut av meg eine gongen) og merci eller je n'sais pas.

Alle forslag om gjeremål blir teke imot med åpne armar! <3
Published with Blogger-droid v1.6.8

mandag 28. mars 2011

feber

Laurdag

Kafégåing (på T.) og bytrasking med Sigrid og vesle Elias.
Sjølvkomponert pizza som var klar til Earth Hour.
Kjøtdeig, lauk, hakka tomatar, basilikum, fersk sjampinjong, paprika, fersk tomat, salchicha picante, Jarlsberg, Norzola (blåmuggost) og chorizo.

Nytast på golvet i lys frå åtte stearinlys. Kinderegg og Walters mandler til dessert.
Eg møtte ein engel. Verdas tøffaste engel. Og vi hadde Earth Hour til klokka vart tre og nesten fire om natta. Eg lærte at det er 13 bitar i ein Smil-rull. Mattias lærte korleis aksjar fungerer. Det var mykje latter og generell lukke. 

Sundag

Loppemarknad på Hasle skole og kafé på Lille Tøyen. Elias hadde med seg Sigrid og morfar og var blid og snill sjølv med kløande gommar som held på å få tenner. 

Eg kjøpte eit stoffstykke for fem kroner og drakk to koppar kaffi. (Åneeei, det er i ferd med å bli godt!)

Eg fekk erfare at loppis i byen er ei treningssak, og at  mangel på spisse olbogar er eit alvorleg handicap omtrent. 
Eg var med heim på besøk og fekk spagettimiddag og massevis av babykos og krypejubel.

Måndagsmorgon

er førebels eit snev av reisefeber. Heldigvis er eg meir redd for å kome heim enn eg er for å reise vekk. Enn så lenge.

PS: Eg får ikkje redigert bilete no (jada, haha som om eg gjer det til vanleg), og dei neste dagane blir det sikkert ikkje mykje internett. Håpar du heng med vidare likevel. 

lørdag 26. mars 2011

kino

Etter skokjøpinga i går gjekk Sindre og eg på dagkino og såg the King's Speech. Skikkeleg, skikkeleg bra film, med Helena Bonham Carter som eg diggar.







Til vanleg er eg ikkje så glad i å gå på kino på dagtid, men i går var det ein perfekt aktivitet etter ei travel natt. Og med ein så fin film var det heller ikkje fare for å sovne.

oslomorgon

Eg vaknar på ein sovesofa i ei stove full av sollys. I dag kan eg slappe av og ta det med ro, men det kunne eg ikkje i går.

Det første eg gjorde etter ankomst Oslo i går (før klokka var blitt sju om morgonen) var å gløyme lommeboka mi på bussen. Det oppdaga eg akkurat idet bussen drog av garde til ein ukjend stad, så dei neste to timane vart eit surr av stress og dårleg  kundeservice hjå busselskapet.

Men eg fann lommeboka! Og innan det hadde eg gløymt bussklippekortet mitt og innsett at det er eit tilfeldig samantreff som er skuld i at eg faktisk har pass med meg.

Saman med Sindre åt eg kyllingsandwichfrukost på Egon med rosehip-hibiscus-te attåt, før vi gjekk ein tur på UFF. Der skulle eg sjå etter ein grei og fin tjukk genser sidan eg har gløymt den eg fann fram heime til å ha med meg.

I staden fann eg fine blåsko i storleik 2. Eg kjende meg nesten som Askepott då eg smetta dei på føtene, og hadde det ikkje vore for det alvorleg sure trynet til ekspeditøren, så hadde eg sikkert tatt meg ein dans der og då.
Dei fekk bli med heim for under hundrelappen.

No er det frukost med prim og heimelaga bringebærsyltety. Oslokos.

torsdag 24. mars 2011

i dag vil eg helst gifte meg


I staden driv eg med hardcore utsetjing av pakking. 

(PS: Eg veit ikkje kor biletet kjem frå. Veit du? Sei ifrå!)

freknefrøken

Nokre gonger kan ein kaste vekk heile dagen med å vere bekymra og nedfor og berre ha det generelt kjipt. Ein kan vere slitne og irritable og gjere verda vanskeleg både for seg sjølv og alle andre. 

Men så kan ein gå og ta solarium for å bli kvitt den kjipe vinterhuda og bli skikkeleg, skikkeleg avslappa. Og når ein kjem ut kan ein sjå seg i speilet og oppdage at ein har fått heilt lyse frekner nesten ut til øyrene, og synest at det er veldig fint. Etterpå kan ein kome heim til mamma som fargar hår og ikkje blir gretten uansett kor sur ein sjølv er. 


Så kan ein få kose med ein god ein og kjenne varmen til kvarandre under dyna, og etter det blir det meste bra sjølv om det eigentleg ikkje er så bra når alt kjem til alt. 



Håret er eg nøgd med, då! Men freknene ville ikkje takast bilete av. Lurer nesten på om dei berre stakk av. 

Eg merkar at eg er skikkeleg glad i å ha raudt hår. I alle fall for ei stund framover. <3
Når eg i tillegg har late det vekse til den lengda og fått den fasongen eg vil ha, så blir det heilt fantastisk!

Korleis er ditt draumehår?

tirsdag 22. mars 2011

sjå kva som skjer

Det skal bli fantastisk deilig å flytte inn på eit soverom, i staden for å bu i ei halvvegs oppussa stove/kjøken/gang der sagflis ligg over alt og straumen er skrudd av. Privatliv, her kjem eg!

Og no har det skjedd ting:
    
Etter fjerning av ei stygg, svart brystningslist og massevis av lyseblå barnetapet med pusekattar på, dukka denne freshe gulfargen opp. Mykje pussing, sparkling og vasking seinare har eg no grunna ferdig alle veggane så dei er kvite (heilt til venstre og heilt til høgre på bileta, og under her).



Både skåpdørene og golvet var svarte, men det blir det slutt på! Lyse veggar og eit herleg tjukt teppe skal ta over. 

Fornying i seg sjølv er jo kjempekjekt, men det er litt ekstra tilfredstillande å kunne tenkje på at eg har gjort alt sjølv (viss vi ser vekk ifrå tapetseringa, som eg ikkje trur eg skal prøve meg på). Trass i at alt kanskje ikkje vert hundre prosent perfekt, så er det i alle fall gjort av meg. 

mandag 21. mars 2011

kjolenatt

Kos til frukost og kos til kvelds, og kafebesøk, pussing, måling, strikking og trening innimellom. Finfint. 

Kjolen frå gårsdagens bilete er ein nattkjole som oldemor har hatt. Kjærleik.


søndag 20. mars 2011

motbakke

Seksten jordbærplantespirar står små og skjøre i mamma sine tekanner. Snart skal dei få stå i vindaugskarmen og vekse seg sterke med bær i fleng.

Dekka av eit gulskimrandre støvlag og med gule augerusk etter veggpussing har eg slått meg ned i sofaen. Ein herleg sjømatmiddag  ligg tungt i magen og skal straks få selskap av sjokoladepudding med vaniljesaus.

Eg er i motbakke, og det går oppover. Sakte og usikkert, steg for steg.

lørdag 19. mars 2011

tull

I dag har eg kjempeutfordra megaangst og vore ganske flink til det, sjølv om hjartet framleis kjennast ut som det er altfor høgt oppe. Ikkje kan eg liggje på magen heller, for då kjennest det ut som hjartet berre smeller rundt der inne og mosar alle tarmar og nyrer og det som er. Sinnsjuk kjensle. 

Dessutan har eg drukke så mykje som einogeinhalv kopp med svart kaffi. Likar det framleis ikkje. 

I staden for å legge meg ned og døy i dag tidleg (for på mange vis var det det eg hadde allermest lyst til, og samtidig ikkje heilt) drog eg på fisketur og fekk sjøstjerne i staden for fisk. Heldigvis gjorde ikkje det så veldig mykje, for fisk var det berre Kristin som fekk, og dei andre fekk ingenting. Sjøstjerne er i alle fall meir enn ingenting!


No vil eg ha bra dagar. BRA. Gje meg det, for pokker. 

fredag 18. mars 2011

perleherlig lyseblått


Denne blusen med lyseblå blomster og perleknappar dukka opp for ei stund sidan. Førebels veit eg ikkje kva eg skal gjere med den, for fasongen er kjemperar, og sjølv om den er merkt med str 40 så når den meg knapt til navlen. Likevel har den noko søtt ved seg som eg har lyst til å gjere det beste ut av. 

Ella har vore ute i solskinet på terrassen. Enn så lenge tør ho ikkje å gå ut på ordentleg, men vi får sjå korleis det går når sommaren nærmar seg.

pakkepakkepakkepakke

Tapeten og gardinstoffet er her!


Eg er kjempefornøgd hittil. Det ser kanskje litt mykje ut når det ligg ilag slik som her, men på rommet skal eg sjølvsagt porsjonere det ut litt så det ikkje blir så voldsomt. De får no sjå det når det er ferdig!

torsdag 17. mars 2011

avokadofrukost



  • To brødskiver, passeleg tjukke
  • To skinkeskiver (eg brukte kokt skinke, men spekeskinke er også ypperleg)
  • Salt og pepar etter ynskje


Nytast med valfri drikke (for min del vart det eplejuice i dag). 

Har du frukosttips? Den dårlege matlysta om morgonen må bekjempast med enkelt og godt magefyll!

onsdag 16. mars 2011

mary and max

Mary er 8 år og bur i Australia. Ho har ein hane, ein far, og ei mor som kjem med eigenkomponerte forklaringar på dei store spørsmåla i livet. Dei einaste venane hennar har ho laga sjølv, og ho ser på verda med undring. 



Ein dag finn ho ein telefonkatalog frå USA, og ho lurer på om verda der er den same som ho lever i. Ho vel ut eit tilfeldig namn, og sender brev til Max. 



Max er 44 år, men verda fortonar seg om lag like underleg og vanskeleg for han, som den gjer for vesle Mary. Brevet hennar får uante konsekvensar for dei begge, men for første gong opplever dei venskap - på godt og vondt.


Mary and Max er morosam på dei rette stadene og uendeleg trist. Det er som om Mary og Max kjem og dreg fram all einsemda og angsten som eg har gøymt inni meg så eg må snufse og gøyme meg litt bak teppet fordi det kjennest så sant. 

ting eg skal gjere før Paris

  • Farge håret (raudt igjen, sjølvsagt)
  • Lage ei lita liste over stader å besøke/ting å sjå
  • Reparere reiseveska
  • Tapetsere og måle soverommet
  • Kose litt med han eg likar best
  • Besøke Mattias i Oslo
  • Treffe Sigrid i Oslo
  • Konsentrere meg om å ha det bra
Eg skal til Paris snart. Det har eg allereie nevnt  eit par gonger, men eit par gonger er ingenting i forhold til kor mykje eg tenkjer på det. I dag kjennest det ubehageleg og eg gler meg ikkje eigentleg. Eg er redd for sakn og einsemd og kanskje å berre ikkje få til noko. Men det vekslar heile tida, og inst inne veit eg nok at det kjem til å bli bra berre eg vågar. 

Viss nokon har tips til punkt 2 på lista er det berre å komme med det! Eg har heller ikkje bestemt meg for hotell, så eg blir takknemleg for alle innspel når det gjeld soveplass. 

tirsdag 15. mars 2011

kvifor eg likar meg

Ei lita ego-liste må til på ein dag der verken kropp eller sinn vil samarbeide. Og det er jo bra å tenkje over kva ein har å setje pris på ein gong iblant. Det vil eg oppfordre alle til å gjere! I dag startar ei veke som eg er førebudd på å kjempe meg gjennom. Eg skal møte den med oppbretta ermar og knytte nevar. Viss angsten skal ta meg, så skal han få jobbe hardt for det. 

Eg skal snart reise til Paris heilt åleine, på eige initiativ, og utan å eigentleg vite kva eg skal der. Eg skal improvisere, og det er tøft.

Eg er flink til å vere impulsiv.

Eg har raudt hår for tida. Raudt hår gjer meg glad, og eg skal nok ha det slik ei stund til. 

Eg er ofte livande redd før eg skal gjere noko viktig, men trass i angstanfall og kvalme gjer eg alltid mitt beste. Og når eg gjer mitt beste pleier det å gå skikkeleg kjempebra (slik som på munnleg kjemieksamen i tredje klasse), eller det kunne i alle fall alltid gått hundre gongar verre viss eg ikkje hadde prøvd. 

Eg har ein kropp som fungerer heilt supert (med berre nokre få små unntak), og som ser innmari bra ut og er god å ta på. 

Eg behandlar pengane mine fornuftig, og blir ikkje opphengt i materielle ting på ein "må ha"-måte.

Eg er kreativ, sjølv om alt ikkje alltid går etter planen.

Eg er ikkje kresen på mat.

Eg er glad i å lære nye ting, nesten uansett kva det handlar om.

Eg stiller opp for dei eg er glad i, så godt som eg berre kan.

No skal eg setje meg mål for dei næraste dagane, og kanskje ventar ein klem på meg seinare i kveld. Det er jo lov å håpe.





mandag 14. mars 2011

postkassesnacks

Uendeleg trøytt morgon etter ei kosete natt. Sjølv om eg har blitt flinkare til å liggje tett enn eg var før, så merkast det at eg ikkje søv like tungt. Med Radioresepsjonen på øyret kom eg meg på jobb, der dagens oppgåve var stryking/damping av dressjakker. 

Eg kunne aldri forestilt meg at det skulle vere så tungt. Damene som jobbar der fast gjer det med lett hand, og ser ikkje ut til å anstrenge seg det minste. Men eg, eg var gåen i armen etter berre eit par jakker. Dampjarnet er ganske tungt, og skal bevegast i store og små rørsler, og for venstrehendte meg hjelper det heller ikkje at alt utstyret er berekna for at ein skal bruke høgrehanda. Jaja, eg finn vel ein teknikk på det. 

Det var i alle fall fint å kome heim til ei postkasse fylt av dette:

Tre bøker av Erlend Loe som eg gler meg til å lese. Kjøpt brukt via finn.no, og heilt fine. 

Men no, før noko som helst anna, er det på tide å gå tilbake på jobb for å pådra meg senebetennelse eller noko anna vondt. Neida. Joda.

Have you ever been in love? Horrible, isn't it? It makes you so vulnerable. It opens your chest and it 
opens up your heart and it means that someone can get inside you and mess you up.
- Neil Gaiman


søndag 13. mars 2011

selskap

Familieselskap hjå onkel og tante er
hjartebrownies på fat og turkise veggar,
heimelaga bursdagsvimplar og blomsterduk,
italiensk gryte og luftig focaccia,
bilete av oldemor og oldefar på veggen i trappa,
eit svært nøgd fadderbarn på mammafang,

ein onkel som alltid går i shorts og høyrer på radio, stolar med fine setetrekk, blåbærkake med marengs, ungar som har putekrig, vakre lysbilete og ei tante som er så kreativ at eg blir heilt åååh.




sundagsbursdag

I dag går turen til Hornindal og fadderbarnbursdag i mormora si skjørtedrakt.

Ha ein fin dag, alle saman!

lørdag 12. mars 2011

jobbelaurdag

I dag var det berre ikkje nok med morgonkos. Ikkje eingong det å slumre alarmen fire gonger var nok til å gje meg laurdagsmotivasjon. Trøytt, svimmel og småkvalm klarte eg å kome meg heim, for deretter å vente i tre timar på å få gå på jobb. Det er keisamt å måtte vente for å gå på jobb når ein eigentleg berre har lyst til å kome i gang og bli ferdig med heile greia. 

Då containeren med dressar endeleg var komen heilt hit frå Kina, viste det seg at dressar, det var der. Mange dressar. Altfor mange dressar. Ikkje berre altfor mange på ein "eg vil ikkje vere på jobb heile laurdagen"-måte, men altfor mange på ein slik måte at alt saman må pressast på nytt før det kan sendast ut til kundane. Ekstraarbeid, med andre ord. Sukk.

Heldigvis er eg mindre svimmel og kvalm no. Sikkert fordi eg åt babymat i sta. 
bilete henta frå www.hverdagsmat.net

Kjempegodt! 

Resten av dagen skal det lakkast negler, etast mat, takast ansiktsmaske, lagast fadderbarnbursdagspresang og planleggast Paristur (meir om den seinare!).

Håpar alle saman har ei fin helg.

fredag 11. mars 2011

alt ein kan lære


Å dekkje bordet til kvardagsmiddag
Å ete spaghetti, som er ein "ny populær hverdagsrett i Norge"
Korleis ein skal setje seg pent (med grundige illustrasjonar også av korleis ein ikkje skal setje seg)
Kva for fargar ein kan velje på tilbehøyret ut frå hovudfargen i antrekket
Korleis dyr ikkje ser ut
Korleis ein ikkje skal sitje på toget
At ein ikkje må gå rundt utan klede på seg (og å halde seg for munnen når ein hostar)
Korleis ein skal te seg med alkohol innabords (og det er heilt greit å røykje i maten, må du vite)
Generelle køyrereglar for kor ein skal gå i forhold til kvarandre
Og så kan ein sjå korleis ein ferierar eller er på dansefest i fine kjolar


Alle bilete er henta frå "SKIKK OG BRUK" av Waldemar Brøgger, 1960