tirsdag 31. mai 2011

itsy bitsy teenie weenie

Med ein flunkande ny og fin prikkebikini kan ein jo ikkje anna enn å ta ein tur ut på terrassen i eit solglimt.
Knallraud leppestift og opprulla hår gir meg ein slags lett pin up-feeling og eg likar det!
Bikinien er frå Cubus og leppestiften heiter Summer Red frå IsaDora. 

No kan sommaren kome! (Sjølv om det å kjøpe seg bikini må vere den beste måten å forsikre seg om at det kjem til å regne i minst ei veke framover. Litt som å planlegge grilling.)

Og jada, eg veit at eg ikkje er perfekt, men eg har det kjekt med slike små "sessions", så du får no berre synast det du vil. 


mandag 30. mai 2011

sologregn

Ei einsleg fliseklemme får plass i hår som framleis er fuktig etter morgondusj.
Om fem minutt skal eg vere på jobb og eg håpar eg får vere ute i dei første klåre solstrålane på mange dagar. Hjartestøvlane får uansett bli med til vassing i vått gras, så kan allslags vêr berre kome.

Mitt kjære syskenbarn Iris har forresten skrive eit nydeleg innlegg om bloggen min i dag! Velkomen hit til dei av dykk som kom inn hit derifrå, og ta gjerne ein tur innom hennar blogg dykk som ikkje har sett den før<3 

lørdag 28. mai 2011

koselaurdag

Alle kreative laurdagsplanar er sette på vent til fordel for overraskingsmiddag frå Thomas. Eg veit ikkje om eg skal ta det som eit bra eller dårleg teikn at eg ikkje får komme inn på kjøkenet i det heile, men eg er i alle fall ganske sikker på at både kjøtdeig og pizzabotn er blant ingrediensane (då kan det vel ikkje bli så gale, eller?). 

Eg tenkte å gjere "barndomsglimt" til ei fast fredagsgreie (hahaha, eg trudde det var fredag i dag), men sidan eg ikkje har vore heimom i dag (og i går var ein annan dag enn fredag i mitt hovud) får de eit ganske nytt bilete denne fredagen. Det er vel frå niande klasse om eg ikkje hugsar feil. Eg var med på ei oppsetjing av musikalen Hair, og når eg no tenkjer tilbake på det angrar eg på at eg ikkje våga å prøve meg som songar. I staden var eg dansar, men det var jo fantastisk kjekt det òg!
No skulle eg sjølvsagt ønske at eg torde meir før. Å synge er noko av det kjekkaste eg veit, men med angst som følgjesven er det ikkje lett å prøve seg framfor eit publikum. 

Så det vil eg seie til alle dykk: våg å prøve! Våg å vise deg fram, og gjer det du har lyst til. Om du ikkje når langt så har du i alle fall gjort eit forsøk. 

PS: Middagen var pizza med lauk, chilikjøtdeig, skinke, ananas, mais, paprika og *trommevirvel* sursøt saus! Nydeleg godt!

fredag 27. mai 2011

fredagsbestyr

Tusen, tusen takk for dei fine kommentarane i dag og i går! <3

For ein gongs skuld passa eg på å sove ut skikkeleg i dag tidleg. Ikkje før halv elleve drog eg meg ut av senga og køyrde heim. Til vanleg pleier eg å føle at heile dagen forsvinn når eg står opp så seint, men i dag var overskotet på plass og ting gjekk unna i ein fei. 

Eg har
- demontert og vaska to eigentleg-kasserte kjøkenstolar
- måla ferdig første strøk på oldefarstolane mine
- spraymåla litt diverse
- pussa fire par sko
- laga salat til minst to personar (kvifor går det ikkje an å lage ein enkel porsjon?)
- sett ein crappy film

Og gått tur med Balder. Finingen. 
No skal eg kose meg glugg i hel med lakrisogkanel-te, Game of Thrones og ein herleg ein. 

torsdag 26. mai 2011

slike dagar

Der ein tek på seg kjole og marineblå strømpebukse og den finaste jakka, men så er det ingenting som stemmer likevel fordi alt på innsida er snudd heilt oppned og bakfram og utinn.

Når til og med dei beste skoa ser ut som klovnesko er det heilt klart på tide å ta kvelden og håpe at ein vaknar som ein vakrare, snillare, meir sjølvsikker versjon av seg sjølv. I wish.


onsdag 25. mai 2011

vesle postkasse på veggen der

Takk for hentelappen i dag!

På postkontoret fann eg ein fin liten pakke frå Luscious Leather NYC, som eg fann på Etsy. 
Mitt eige, fine, handlaga dagboketui i ekte skinn!
Med ei lita helsing på gul lapp og den fantastiske lukta som berre nytt skinn luktar. Og blanke linjer som skal fyllast med tanketøv og skribleri skriblera. 

Då måtte eg late som sommaren var her og ta på meg sommarkjole sjølv om det eigentleg er kjempekaldt og vått ute. 
Og det bles oppunder kjolen så ein får gåsehud. 
Mercedes fekk også vere med, men ho ville inn att allereie før meg. 
Kjolen er i herleg silke-ullblanding og vart kjøpt i ei bod på Roskilde Festival i fjor sommar. 

Kva synest du?


tysdag

Gråvêr og regn passa perfekt til å kvitte seg med diverse oppussingsavfall og andre saker som ikkje er dugande lenger. Og frå avfallsplassen følgde ein kvit DBS Nostalgi meg heim saman med ein fin liten kjøkenstol. 

Etterpå fekk eg med meg Thomas og Sprocket på tur til Lidasætra, der verda var spennande for ein liten kvalp.
Som avslutning på kvelden var dei to første episodene av Game of Thrones perfekt og eg kan nesten ikkje vente med å sjå meir. 

I dag skal eg fullføre minst eitt syprosjekt og sikkert kose litt og vere glad. Eg vil i alle fall vere glad. 

mandag 23. mai 2011

sei hei til pondus

Pondus er 6 år og i nærleiken av 9 kg.
Til dagleg er han mykje ute, der han jaktar på fuglar og mus og rullar seg på fortauet. Når han er inne likar han best å ete og sove.
Han er også ein skikkeleg kosepus. Svært kontaktsøkande og sosial.
MEN, der er eit men. Og det er eit stort men!
Pondus er nemleg ganske farleg. Sjølv om han kjem til deg og vil ha kos, og han legg seg på fanget ditt for å kose, så kan han plutseleg, heilt utan forvarsel, hogge til. Det har fleire gonger vore nære på at vi har blitt sitjande med klør eller tenner i eit auge. Seinast i forgårs fekk mamma pierca augebrynet av ei av Pondus sine sylskarpe klør. Han legg ingenting imellom, og skiljer ikkje barn frå vaksne.

Difor lever han på lånt tid. Han er ei godpus, men med eit lynne som er så uforutsigbart kan vi ikkje ha han lenger. Utanfor huset vårt går det stadig folk forbi, og det er berre eit spørsmål om tid før han går til angrep på eit lite barn som trur at han berre vil kosast.

Han kunne sikkert fått det fint på ein aude gard med berre vaksne folk og mus, men det har vist seg å vere nærast umogleg å gje vekk ein slik pus, og då ser vi inga anna løysing enn avliving. Det er synd, men alt i alt er det nok det beste.

pas encore vu

Ein gong iblant kan eg vere i gong med å gjere noko, eller på veg til å gjere noko, og så går det plutseleg opp for meg at eg aldri har gjort akkurat den tingen før. At eg gjer akkurat dette for aller fyrste gong i heile det (nesten) 21 år lange livet mitt akkurat her og no. 

Som regel er den tanken flyktig. Litt som kjensla av déjà vu forsvinn tanken like brått som den kom, og så har eg gjerne gløymt heile situasjonen nokre minutt etterpå. 

Men i dag fekk eg fanga tanken og teke vare på den. Og så tenkte eg mykje på det heile dagen.

Aller først sto eg og grov potetåker. Ikkje det at det er noko spesielt spesielt med akkurat det, og veldig mange har vel vore med på å setje eller plukke poteter i ein eller annan skala ein eller annan gong, men medan eg sto der og grafsa i jorda gjekk det opp for meg at eg aldri før har vore med på å "starte" ein åker. Javisst, eg har rota litt i jorda og sett potetene og plukka dei seinare, men eg har aldri før forvandla ei attgrodd skråning eller mark til ein fin og flott potetåker. Stått der og jobba med trælete nevar og sol og regn om kvarandre i andletet, heilt til armane kjendest som slappe fiskebollar. Det gjekk opp for meg at det faktisk var ganske fint, når alt kom til alt. 

Seinare ville tilfeldigheitene ha det til at eg skulle grave ei grav. Før eg visste ordet av det var eg i full gong med å grave grava til ei søye som diverre ikkje fekk leve gjennom sommaren, og medan eg sleit meg nedover i fuktig og tung jord fann eg ut at eg aldri før har grave ei grav til noko større enn ein katt. Eg har ikkje eingong prøvd å grave eit hol som er stort nok til at noko større enn ein katt kan passe nedi. Og så sto eg der plutseleg i ei sjølvgrava grav, og det einaste som sto i hovudet på meg var det gamle ordtaket den som grev ei grav for andre, fell sjølv i den og eg håpte veldig på at det ikkje stemte. 

Det kan ha vore unnataket som bekrefta regelen, men akkurat i dag var det i alle fall berre sauen som havna i grava eg grov. Og godt var det, for for min del sto det meir graving på programmet. For aller første gong har eg dyrka jordbærplantar heilt frå dei var frø, og i dag fekk dei flytte frå gamle tekanner til gamle ammunisjonskasser. Eg håparhåparhåpar at dei likar seg der og veks seg store og fine, for eg har aldri gjort dette før og anar eigentleg ikkje korleis.

Alt det nye som eg har gjort for aller fyrste gong har i dag handla om jord. Og graving. Og eg kan ikkje la vere å tenkje på om kvar dag er like ny som denne. Fins det eigentleg dagar der eg ikkje gjer noko som helst for fyrste gong i livet? Uansett kor smått det er, eller kor ubetydeleg det kjennest, så kan det kanskje vere noko å hugse på. At livet går framover, og at vi gjer nye ting sjølv om vi ikkje lenger er to år og lærer å bruke potte. Eg skal prøve å hugse dette meir framover og til og med fokusere på å gjere heilt nye småting og storting. Det som kan vere heilt daglegdags for andre kan jo vere flunkande nytt for deg og meg, og det synest eg at vi kan glede oss over. 

For det er jo fint, er det ikkje?

lørdag 21. mai 2011

blomedelfin

Vakna til ein MMS på puta. 
Lindesnes fyr med blå himmel og solskin, teke frå ein katamaran på veg frå Stavanger til Bergen. To dagar langs fantastisk norskekyst. Med trommande regn på takvindauget bak den blomstra rullegardina var det ingen stad eg heller ville vere, enn på den katamaranen. 

I staden sto eg opp til vestlandsregn og gråvêr.
Siggen og eg lét oss ikkje hindre, og køyrde gjennom vårt eige vestlandslandskap med øspøsregn og korte solgløtt her og der. Vi køyrde langt om lenge og lenger enn langt, til vi kom til Berleporten.
På den andre sida av tunnelen venta ei søt lita hytte på oss, med risgrynsgraut og tvillingar som teikna havfruer og manetar og sjøstjerner og krabber. Eg teikna ein blomedelfin som fekk vere med i havlandskapet og vi leika i fjæra og fann drivved til framtidig snikkararbeid. 
(Tiril, 6 år)
(Lodin, 6 år og Sol Andrea, 21 år)

No er det snart leggetid. Eg er heime, har sett Harry Potter and the Deathly Hallows ilag med Yvonne og skal berre sy litt før eg inntek senga og saknar litt. Eg får tenke på det som eit godt sakn, og det har i alle fall aldri før vore eit så trygt sakn som det er no. 

fredag 20. mai 2011

glimt frå barndomen - 1

Då eg var lita reiste vi ofte til Grimstad om sommaren. På campingferie. Vi drog alltid til den same campingplassen der dei hadde to sandstrender og tre leikeplassar og utlånssyklar som ein kunne bruke viss ein hadde vaksne med seg. Dessutan hadde den eit eige rom i garderoben der det sto ein liten do, slik som dei har hjå helsesyster. Den var akkurat passeleg stor til meg, og eg var kry som få over at eg fekk gå på den åleine.
(Steffen, Kristian og meg atmed (oppå) mamma og pappa sine vener)
Vi brukte å reise saman med eit venepar av mamma og pappa, som hadde ungar om lag på vår alder. På den måten hadde vi alltid nokon å leike med dagen lang, men som den eldste av ungane meinte eg at eg måtte få lov til å finne meg andre vener òg.

Ei av campingvenninnene mine heitte Camilla. Ho var eitt år yngre enn meg og var på campingplassen i Grimstad minst like ofte som eg var. I ettertid har eg tenkt på henne fleire gonger, men utan etternamn eller andre opplysningar er ikkje håpet så stort. De kan jo seie ifrå om de kjenner henne att. Eg trur ho kom frå ein stad i nærleiken av Grimstad, og skal altså vere fødd i 1991. Og campingplassen heitte Marivold.
(Camilla i midten, syster hennar til venstre og meg til høgre)

No lengtar eg for alvor etter skikkeleg sommar!

torsdag 19. mai 2011

fiks meg.

For meg er det ei frykteleg stor utfordring å vere sjuk fysisk. Det å vere rastlaus og på same tid altfor slapp til å gjere noko, får meg på kort tid til å bli psykisk dårleg. Eg veit ikkje om eg føler at eg går glipp av ting (det skjer jo ærleg talt ikkje spesielt mykje her), men på null komma niks går eg over til å vere eit kjenslelada vrak som ikkje toler å vere åleine og ikkje toler å vere saman med folk.

I dag har eg difor gjort mitt beste for å unngå å tenkje for mykje. Eg har starta på eit nytt prosjekt, denne gongen eit som er litt utradisjonelt og som eg er svært spent på. Trur det kjem til å bli ein konkurranse av det etter kvart!

Og så
gjekk eg på besøk til eit sovande hovud. Heldigvis vakna det ganske raskt, og det blei kvalpekjærleik og barndomsminner på DVD.
Eg har
funne blomestoff frå IKEA på eit bortgøymd kott, og
forsøkt å roe kroppen med Pukka-te i kinakopp og varmeflaske i korsryggen.

Eg vil bli frisk!

tirsdag 17. mai 2011

arva kaoskontroll

For eit par-tre år sidan arva eg eit syskrin av morfar si gamle tante. Eg har lenge hatt ein visjon om å bruke det til noko, men då eg fekk det såg det slik ut:
Det var ganske slitt og slarkete, med mange småskader i lakken. Bortsett frå det var det heilt i orden, så då eg likevel skulle lakkere listene til rommet mitt, tok eg skrinet i same slengen. Eg demonterte, pussa med sandpapir og lakkerte med lakkbeis:
Monteringa då eg var ferdig vart sjølvsagt ikkje så enkel, sidan delane var blitt blanda saman. Men etter litt fram og tilbake gjekk det greitt, og skrinet ser no ut som dette:
For moro skuld (og for å sjå om eg fekk det til) gjorde eg ein liten vri:
Det nedste rommet kledde eg med eit bomullsstoff i burgunderfarga gingham-mønster, og dei to øvste fekk mønstra papp i botnen (på den sida som ikkje er opa er det ei grøn og fin blomeeng). Alt eg brukte var litt universallim og ein skarp skalpell. Fort gjort, veldig enkelt og ganske fint, synest eg. 

No har eg fylt skrinet med sneller, knappar, stiftar, stoffblomar, nåler, måleband, sakser og elles alt ein treng for å vere litt kreativ.
Så fantastisk enkelt, og samstundes utruleg nyttig! 

Tidlegare har eg hatt eit salig kaos av sytrådknutar og lause nåler der eg aldri har funne det eg treng når eg treng det. Heisann, kaoskontroll!

Kva synest du, og korleis er ditt system (viss du har eit)?

nasjonaldagen

Syttande mai er ikkje alltid tog og bunad og is og supermiddag. Min morgon har vore snufsande febervarm med trommande regn utanfor. Med eit nydeleg smilande andlet på naboputa vart dagen utsett så lengje som mogleg før eg sto opp og drog heim til rømegraut og familiesamver. Framleis med febersløve auge prøvar eg å samle krefter til å gå i tog seinare i dag.
Inntil vidare kosar eg meg med norsk nostalgikjærleik i form av Hurra for Andersens! som går på NRK1 akkurat no. Det er så fint å sjå alle dei velkjende norske skodespelarane frå nydeleg sekstital, og det finst vel knapt noko som er betre underhaldning for ein sjukling på syttande mai. 

mandag 16. mai 2011

ting eg ikkje forstår - 1

Som dei fleste veit er seinvinteren/våren tid for beskjering av både frukttre og andre tre og busker. Dette er jo mellom anna for at vekstane skal sleppe å bruke energi på lite fruktbare og sjuke greiner, og for at dei skal vekse i riktig retning.

For frukttrea er det kanskje ikkje utsjånaden som er det viktigaste, men utanfor huset der eg bur har kommuna planta ein del tre som skal fungere som pynt (eg går i alle fall ut ifrå det sidan dei ikkje er nyttige på andre måtar). 

Dei fleste ser om lag slik ut:
Dei er rette og fine med ei velforma krone, og no som vêret har mildna veks det grøne blad i massevis på dei. Det er liksom slik trea skal sjå ut, tenkjer eg. 

Men berre nokre meter unna, på det same området, står dette:
Og det einaste eg klarer å tenkje er "kva faen?"

søndag 15. mai 2011

hurra for Oda!

I dag har mi vakre, vene veslesyster vore konfirmant. Som alle andre konfirmasjonar (i alle fall dei eg har vore i) var også denne fylt med smil, slekt, mat og kaker. Eg var så heldig å få med meg to omgongar kake sidan fadderbarnet mitt óg vart konfirmert i dag (gratulerer, Selina!). Viktigheita ved å ha litt ekstra plass i beltet har aldri vore tydelegare!

For anledninga har eg vore til Ålesund og plukka opp Stockholmsbuarane Kristian og Maja.
Til og med svenske-Maja fekk på seg Nordfjordbunad og var nøgd med det. 
Litt leik høyrer med mellom middag og kaffi (Steffen-bror og søskenbarn Birk).
Og jammen var eg der óg.
Eg har ei heilt nydeleg syster!

Etter ein del nedetid hjå Blogspot håpar eg no at eg får alt tilbake til normalen. Eg har planlagt og byrja på ein del endringar her på bloggen, og eg trur det vil verte ei forbetring. Stay tuned!