mandag 28. februar 2011

pynt for meg og heimen

Heime att etter ei finfin helg! 
Sjølv om eg berre hadde to dagar på meg fekk eg tid til å besøke både Christian, Jan-Olav, Geir og Kristian. På laurdag åt eg muffins på kafé ilag med mi kjære Ingeborg, og vi tok ein tur rundtom i butikkane. 

Det blei øyredobbar som eg ikkje veit om eg kjem til å bruke, men som fascinerte meg.




Og så blei det serveringsbrett, serviettar og kjøkenhandkle med ugler på. Mykje fargar, for det er fint, og fint er bra. Bryllupsmagasinet fekk eg av pappa i dag på jobb, så det skal eg kose meg med å kike i sjølv om eg ikkje eigentleg treng det (for eg skal jo ikkje gifte meg på ei stund enno, reknar eg med). For det er jo fint å drøyme. 


Kva har du gjort i helga?

fredag 25. februar 2011

bergenstur


Eg trur nok definitivt at regnjakka mi skal få vere med meg til Bergen i dag, saman med ein god tjukkegenser og eit par nystrikka tjukkesokkar, og kanskje til og med eit par støvlar viss eg gidd. Og så kan eg gå rundt og vere tørr og varm medan eg gler meg til all snøen har regna vekk og våren tek over. 

I går var Thomas her og reiv vekk det gamle golvbelegget på kjøkenet mitt. Dermed er helgeprosjektet mitt eigentleg fullført, så det er ingen grunn til at eg skal sitje heime og kope når eg har fått sjansen til å vere med på tur. Og på vegen nedover skal eg kose meg med eit nytt broderiprosjekt (Viss eg ikkje sovnar, altså. Eg er drittrøytt.) som inntil vidare må vere hemmeleg. 

Men då var det berre ein time att til avreise. Best å pakke litt, og få i seg litt frukost (tranebæryoghurt med müsli. nam) slik at trøttetrynet vaknar. 

torsdag 24. februar 2011

kvardagssmil


Eg sit åleine heime i stova og nyt ein kopp te og den nyaste utgåva av Illustrert Vitenskap medan eg høyrer at vinden bles rundt hjørna her. Kroppen er sliten etter ein lang dag på jobb, men det skal eg ikkje klage på. Det siste eg fekk høyre før eg gjekk heim i dag var nemleg at eg er uunnverleg, og så fekk eg eit handtrykk og ein klem. Det er heilt sjukt kor fint det er å få vite at ein blir sett pris på! 

Sidan eg har fantastisk mykje pågangsmot i dag så skal eg prøve å få gjort så mykje som eg berre kan på oppussingsprosjektet mitt, slik at eg kanskje moglegvis kan ha overnattingsbesøk i natt. Det hadde vore heilt topp. 

Hugs på kor enkelt det er å gjere nokon sin dag betre (og kanskje til og med fantastisk). Vis at du er glad for at dei er der!

Har du sagt noko fint til nokon i det siste? Kva, og til kven? 

tirsdag 22. februar 2011

vinteridyll

Nokre gonger kan dagen starte med frustrasjon og tårer i augekroken. Men så snur det plutseleg, og ein får fri frå jobb og kan gjere akkurat det ein vil - då er Strandafjellet perfekt.
nydeleg vêr + fine vener + herleg føre = fantastisk vinterferiedag

Etterpå kan ein komme heim med slitne auge og ømme musklar, og ein kan ete tranebæryoghurt med müsli før dagen vert avslutta med syster si sjokoladekake og eit glas mjølk. 

mandag 21. februar 2011

fornying

Oppe på loftet mitt har eg eit ganske koseleg kjøken med lyseblå frontar og skråskåp frå slutten av sekstitalet. Diverre er ikkje opplegget der så veldig praktisk, og det er ganske trongt, så no er eg endeleg i gong med å rive veggar. Både kjøkenet og stova kjem til å bli mykje lysare og betre! Det skal bli så fint. 
Ella. 

søndag 20. februar 2011

tjukkesokk


Min aller første sjølvstrikka sokk! Blå med to brune striper, og veldig fin og varm. No må eg berre klare å strikke ein til som er heilt lik. 

sundagskjensle

Ein startar dagen med å sleppe sola inn gjennom persiennene. Kosar i solskinet og er varme under dyna. Ein rask farvelsuss i gangen før ein kjem ut og kan smile fordi isen på bilruta allereie er borte. Heime har pappa ordna ein matboks med rogn som ein kan skjere av og ha på brødskiva ilag med majones og agurkmix. Det er god frokost og ein kan avslutte med eit glas mjølk og kanskje fryse litt fordi det blir kaldt på innsida. 

Etterpå gler ein seg til våren kjem. Til blomstrande kirsebærtre og nyperoser. Gåsungane har ein allereie fått kjenne på, og dei er så mjuke at fingrane nesten ikkje kjenner at dei er borti. Om våren kan ein brette opp ermane og myse i solskinet, men inntil vidare får ein varme seg på ein kopp te og eit blått strikketøy.

lørdag 19. februar 2011

mammutbøker

Mammutsalet er jo i full gang i alle bokhandlane no, og sidan eg har tenkt litt ekstra på ei bestemt bok no i det siste, så måtte eg sjekke om Libris hadde eit eksemplar på lur til meg. (Det hadde dei ikkje, så du må vente til ein annan dag før eg seier kva for ei bok eg snakkar om.)

Heldigvis var der mykje anna som frista, og tre flunkande nye bøker fekk bli med meg heim:

Grand Manila og Grense Jakobselv av Kjartan Fløgstad. 
Eg hadde ikkje høyrt om dei før, men vart fanga av dei fine omslaga, og då eg såg at dei var skrivne på nynorsk var det heilt klart at eg måtte ha dei. 

Doktor Mengele - liv og forbrytelse av Anders Otte Stensager. 
Eg gler meg til å lese desse framover!

Har du tips til bøker ein bør lese? Kva er di favorittbok?
   

Ein ny start

No har eg bestemt meg. Ikkje for kva eg skal gjere til hausten, og ikkje eingong for kva eg skal finne på fram til sommaren. Eg har bestemt meg for at eg skal gjere livet mitt til ein bra stad å vere.