fredag 30. september 2011

det finaste i dag

Gode minner frå gårsdagens kyllingsuppe hjå Sigrid og Elias. Haust. Melissa Horn på øyret og ein kopp ingefærte i handa i stearinlysskin. Å endeleg lære seg å bruke begge auga til å studere celler i mikroskopet. Helg. Människohamn på t-banen og i senga og pensum får vike for spenninga. Ny PC bestilt. Eit klårt mål om igjen å vere smidig. Støle musklar. Ørten strikkeoppskrifter og garn som ventar på å bli noko.

Å vite at eg om akkurat ei veke kan ligge inntil den beste personen eg veit, og vere lukkeleg.

tirsdag 27. september 2011

dei beste funna

Marianne og eg brukte søndagen på loppemarknad slik eg alltid tenker at eg skal men aldri gjer likevel. Først testa vi Majorstuen der Marianne forelska seg i alt som hadde kattar, medan eg berre kjøpte ei finfin bok av Clive Cussler og nesten ei motorsykkeljakke.

Men så vart det på tide å gå vidare til Lysejordet og der snubla eg allerførst over ei sykkelveske og ein finfin koffert som er perfekt til kjærastebesøk og åleineturar til vakre storbyar.
Innan vi kunne reise heimatt hadde eg fylt nyekofferten med flotte julegåver til mamma og eit par andre, og plutseleg snubla eg over det beste på heile søndagen!

Heilt sidan Marte skreiv dette og eg fann denne har eg hatt kjempelyst på dei to fine bøkene med ballettdansar på ryggen og sekstitalskvinner på innsida. Og no står dei her. Dei er på plass!

lørdag 24. september 2011

galaxy-strømpe

Det er enkeltpenkelt å lage ein strømpe som beskyttar pcen, tableten, mobilen eller kvasomhelst (nesten) mot riper. Eg ville få det gjort så kjapt som mogleg, og viss du òg vil det kan du gjere sånn her:  

Start med å finne eit garn du likar og passeleg tjukke pinnar. Kva som er passeleg kjem heilt an på kor tett, stramt og tjukt du vil ha det, men eg valde Triplex-garn frå Sandnes (det lagar dei diverre ikkje lenger, men det er ganske sånn standard ullgarn som ein gjerne kan strikke sokkar og gensarar av) og pinnestorleik 4. Det gjekk med om lag eitt nyste, så restegarn er igrunn supert om du vil ha litt striper og sånt.
Legg opp så mange masker at det akkurat passar til breidda på det du skal strikke til. Eg ville helst ha strømpa litt trong, og då vart det 37 masker. Det er lurt å starte og avslutte med nokre cm vrangbord for at ting ikkje skal rulle seg i opningane når du er ferdig.

Så er det berre å strikke i veg fram og tilbake til du har fått ei lang remse som er omlag dobbelt så lang som det du vil beskytte, pluss kanskje fem cm ekstra for at ting ikkje skal skli ut utan vidare. Remsa krøllar seg gjerne i sidene viss du strikkar glattstrikk, og då blir det sånn her:

Ein sånn rull er kjip å jobbe med, og då er trikset å bruke eit dampstrykejarn på låg varme. Eller, som eg valde, å feste arbeidet flatt med mange knappenåler og dekkje det med eit fuktig klede.

torsdag 22. september 2011

strikkeri strikkera

Startskotet for min personlege strikkesesong gjekk endeleg i dag! Først på lista står ei mappe til den nye skatten min (Galaxyen, altså). Eit enkelt og kjapt prosjekt som ikkje krever allverda når det kjem til tankeverksemd. 

Målet for i år er å kjøpe minst mogleg garn, og heller nytte det eg allereie har. Galaxyen skal bli kledd i Triplex frå syttitalet.
Dette garnet har ei litt spesiell tvinning som eg likar godt. Synd eg berre har tre ufullstendige nøster... 

No må eg av garde for å rekke ein kveld på hesteklinikken. Spent som ei fjør på kva som ventar der! 

onsdag 21. september 2011

on the road again

På veg tilbake til Oslo med splitter flunkande ny Galaxy Tab i fanget. Eit haustkledd Strynefjell fyk forbi og det er så nydeleg at ein kan tole å bli litt bilsjuk fordi ein gløymer å følgje med på vegen. 

Overraskingsbesøket gav meg fire heile herlege dagar heime. I løpet av åleineheimetimane på Lid fekk Balder lære å gje labb, noko han etterkvart ville vise fram med stor iver. Alt for ein liten bit tørka oksekjøt! 

No må eg kapitulere. Altfor kvalm for skjermtrykking.

oioioi!


lørdag 17. september 2011

eg blir glad inni meg

Sånn var PC-skjermen min då eg kom tilbake til Oslo på torsdag. Det er ikkje slik den skal vere, så no må eg berre krysse fingrane for at innmaten er i orden slik at eg får redda det eg manglar backup på. Det var nesten så eg byrja å grine framfor Silje sine foreldre (for dei er på besøk hjå oss i Oslo no) då eg oppdaga det. Stakkars laptopen.

Første eksamen er overstått og bestått (med glans, vil eg påstå) og det er deilig. Null stress denne helga!

I gårkveld nytta eg sjansen til å sitje på med Per Inge heimover. Tenk så fint å snike seg inn til ein sliten og trøytt kjærast som trur han må tilbringe natta åleine. <3

onsdag 14. september 2011

tysdagsmys

Thomas og eg har ete seig ostepop og sett Kongen av Bastøy. Vel verd å sjå, om du ikkje har gjort det allereie. Eg kjem sterkare tilbake seinare i veka, no er det kjærast- og eksamenstid.

mandag 12. september 2011

heime best


Etter pattedyrdisseksjonen i dag dreg eg jammenmeg heim. Igjen. Jess!

Det blir mykje eksamensoppgåveskriving og kosing og truleg litt dykking. Vi får sjå kor det går.

Pappa har teke biletet.


torsdag 8. september 2011

naudhjelp

Etter at eg i gårkveld nok ein gong opplevde å befinne meg langt heimanfrå; utan å ha med meg p-pillene, og berre såvidt rakk å hente ut nye på apoteket i dag tidleg, har eg no gått drastisk til verks. Heretter skal eg alltid ha med meg ein naudrasjon kvar eg enn går!

I mitt tilfelle er det ikkje nok å ha eit brett i lommeboka; har eg gløymt p-piller på tur er sjansen stor for at heller ikkje lommeboka er med. Jakker bytast på fleire gonger i veka, og det same gjeld vesker. Difor har eg no teke eit brett og klipt det opp i fleire delar. Ein til lommeboka, ein til pennalhuset, og to to til kvar av dei små boksane på biletet.

For at emballasjen ikkje skal bli øydelagt når pillene skal vere med over alt, fann eg nemleg ut at det var lurt å putte dei i små krukker. Det er heilt vanlege krukker frå eit sett med reiseemballasje (kan altså kjøpast dei fleste stader der kosmetikk selgast).

Dermed var naudskrina mine skapt. Ilag med p-pillene fekk eg plass til ein Paracet/Ibux, eit hårstrikk og ein plaster-strip til småkutt. Dette er jo berre tilfeldige ting eg hadde liggjande, og som eg tenkjer kan vere greitt å ha tilgjengeleg. Desse er jo så små at eg ikkje merkar at dei er med i sekken!

Eg veit det ikkje er berre eg som kan vere gløymsk, så kanskje er det nokon av dykk som kan ha behov for noko slikt?

I så fall har eg fleire tips til innhaldet:
- ein stump tanntråd
- eit par Frisk-pastillar
- ein øyredobb-bakdel (eller to)
- ei lita neglefil (klipp bitar av ei eingongs-fil)
- alkohol-klut til handdesinfeksjon
- ei fliseklemme eller to
- sikkerheitsnål
Ingen har vel bruk for eller plass til alt, så vel det du sjølv tenkjer du vil ha mest nytte av (eg skulle gitt mykje for ei sikkerheitsnål då eg skulle fram på scena og BH-stroppen min svikta!).
Legg gjerne att ein kommentar med fleire tips, eller fortel kva du ville hatt med deg!

onsdag 7. september 2011

nyvunnen balanse

Det er blitt kveld i Oslo. Sjølv om sola framleis gjer sitt beste for å skine gjennom eit tjukt og grått skylag, så er det faktisk leggetid for vesle Elias. Sigrid byssar og lullar for å få veslemann til å sove medan eg sit i stova og nyt fascinasjonen over at det er både sol og torevêr på same tid. Og regn, då. 

Dei siste dagane har vore heilt latterleg dårlege. Det å reise tilbake hit utan å vite kortid eg får sjå han eg er glad i igjen fekk meg til å bli stressa, miste nattesøvnen og tenke massevis av tankar som ingen burde tenke i det heile. Betre vart det ikkje av at eg hadde ein gruppepresentasjon hengande over meg og sørga for angst-tull i tillegg. 

Men no er det overstått! Med ei bekymring mindre kjennest verda brått mykje finare. Til og med heimlengten verkar overkommeleg no som eg har eitt problem mindre. Enn så lenge...

Med min nyvunne fridom (angstmessig akkurat for augneblenken) tok eg turen til Sigrid etter skulen. Vi woka, poppa popcorn, drakk te og åt sjokolade, og hadde det kjempekoseleg trass i at vi begge eigentleg burde gjort meir fornuftige ting. Som til dømes oppgåveskriving. Ehem. 

Uansett, i morgon skal det dissekerast fugl på skulen. Tidlegare i veka vart det laks som sto på programmet, og eg må innrømme at det er ei kjærkomen avveksling frå tradisjonelle forelesningar, trass i at det inntil vidare er på eit svært grunnleggjande nivå. Det blir nok vanskelegare etter kvart, men hurra for praktiske oppgåver!

No skal eg krølle meg saman under dyna på sofaen hjå Sigrid, og gle meg til å bli vekka av ein nyvaken eittåring klokka seks i morgon tidleg. Ha ei fin natt!

mandag 5. september 2011

white wedding

På laurdag fekk Ingvil sin Kristian, og Kristian si Ingvil og dei kyssa på kyrkjetrappa og vi andre hadde kledd oss i finstasen. 
Med kort og gåver drog vi av garde til grendahuset på Lote. Av oss fekk dei kamerastativ og objektiv.

Bordet var dekka av brura sjølv, og eg er rett og slett berre kjempeimponert over kor flott det var!
Etter middagen, som var sosakjøt, med is og friske bær til dessert, var det tid for mimring på storskjerm og kaker og mykje anna godt. Thomas hadde brygga konnjøl for anledninga, og saman med andre gode greier og fine folk var det kjempegod stemning til langt på natt. Eg har aldri før sett åttiåringar som har halde ut så lenge på fest som det gamletanta gjorde no i helga. 
Til og med Thomas vart med ut på dansegolvet etter kvart som det vart seint. Riktignok berre på ei roleg ballade, men det klagar eg ikkje på.
Åh, eg hadde det så fantastisk fint! Slitne, lukkelege og ganske fulle vart vi henta av mamma, som køyrde oss heim seint på natt. Med god stemning i bilen òg.
Og så var dagen over. Tusen takk, Ingvil og Kristian, for at eg fekk vere med på dette. Ynskjer dykk mange lukkelege år framover! Kjærleik <3

fredag 2. september 2011

immatrikulert

I bunadar og penkjolar (eller dress då, på gutane) møtte 100 nye veterinærhøgskolestudentar opp i festsalen i går. Med klaverspel, taler og portrettavduking vart vi immatrikulerte på høgskolen slik tradisjonen har vore i mange, mange år. Det er jo litt fint med ein ordentleg seremoni som ei markering av starten på nesten seks års studie. 
Her er årets nye veterinærstudentar! Eg står heilt til høgre nest bakerst. (Foto: Aina Myklebust)
Rett etterpå drog eg av garde til Gardermoen. Der hadde eg noko sånt som tre-fire timar ventetid å slå ihel før flyet mitt var klart til avgang. Keisamt, men totally worth it. 

For då eg endeleg var heime fekk eg køyre motorsykkel! Eller sitje på då, men det er tøft det òg.
Sjekk den kule inngangsdøra, då! Nyfiksa, og eg elskar det.

Vi tok ein kjapp tur til Lote for å hjelpe til med bord og denslags til bryllaupet i morgon. Eg blei verkeleg kjempeimponert over borddekkinga som brura har fiksa sjølv. Gler meg! 

Så vrooma vi heimatt til Lid, og no skal eg i banken og fiksetrikse med pengane mine før eg dreg og førehandsstemmer. Ha ein fin fredag!