søndag 31. juli 2011

berre kos

Ein roleg sundag nytast på terrassen i ny bikini (som berre kosta 60 kr!) ilag med herleg svigerfamilie. Bursdagsbarnet Marita diskar opp med heimelaga pizza og eg ønskar at eg kunne sleppt å flytte så langt vekk.

I det minste har eg fått avtaler om visning, og ting verkar lovande. Så absolutt!

oppskrift på sommarglede

1. Start med ei stykk farmorskål med rosemotiv eller anna fint på.
2. Ta med ein stykk bestekompis opp i skogen.
3. Plukk massevis av blåbær og plasser i farmorskåla.
4. Ta deg ein tur langs skogsvegen, og plukk alt du kjem over. Spesielt villbringebær og markjordbær. OBS! Husk å sjå deg for, brennesle på nakne leggar er ikkje kjekt!
5. Nyt synet, og gjer akkurat kva du vil med bæra.

Sidan Thomas er og har vore på utdrikningslag i heile dag valde eg å plassere mine i frysen (spreidd utover så dei ikkje frys saman til ein kompakt klump). Der kan dei liggje, og så kan eg til dømes lage supersmoothie til frukost i morgon, og noko skal sparast til ein fantastisk blåbærpai. 

Tenk at vi berre kan gå utfor døra og finne så fantastisk gode ting og fine opplevingar, heilt gratis.

lørdag 30. juli 2011

det som er nytt

Djupaste medkjensle med dei som har mista nære og kjære i samband med tragedien 22.juli.
(lisapinup.wordpress.com)

I veka som har gått har eg endeleg vore frisk att. Frisk nok til å jobbe, til å ete, til å dusje og å vaske opp og støvsuge. Eg har vore i stand til å gjere heilt daglegdagse ting heile denne veka, og det har vore fantastisk deilig. 

Dessutan har eg
vore på blåbærtur med Mattias,
kosa masse med Balder og Thomas,
plukka markblomar (og blitt plukka markblomar til). Det er så innmari fint, det, for det er umogleg å lage ein stygg bukett. Dessutan dukkar det stadig opp markjordbær her og der som ein kan ete innimellom. Så kan ein finne fram ein koseleg farmorvase som er akkurat passe stor, og då blir det beste sommarpynten ein kan ha. 

Men det som er aller størst og heilt plunkande flunkande nytt akkurat no er at eg har kome inn på veterinærstudiet i Oslo! I nesten seks år framover skal eg ta ei utdanning som eg trur og håpar at eg kjem til å trivast godt med. 

Det gjer direkte vondt å tenke på at eg no skal flytte vekk frå Thomas og Balder og Sandra og dei andre som eg er glad i her heime, men ein må jo berre satse litt av og til!