torsdag 10. mars 2011

utfordringar

Klede
Eg skal, så langt det er mogleg, unngå å kjøpe nye klede i 2011. Secondhand er lov, men i all hovudsak skal eg fokusere på å bruke det eg allereie har, redesigne det som ikkje passar, reparere det som er øydelagt og sy eller strikke sjølv. Strømpebukser, sokkar/strømper, undertøy og badekle er friteke frå regelen, men noko fråtsing blir det likevel ikkje på dette området heller. 

Mat 
Kvar veke er det lov med maks eitt måltid som blir "laga" ved å tøme varmt vatn på. Rett i Koppen, nudlar og denslags altså. Minst ein smoothie i veka skal også ned i magen. 

Meg
Eg skal gjere ting eg likar og ting eg er flink til, og dessutan øve meg på ting eg ikkje er så flink til men som likevel gjer meg glad. 

2 kommentarer:

  1. Dette var ei flott utfordring! Det klarar du nok. Men - har du lov til å kjøpe stoff til å sy eigne klede, eller kan du berre sy om frå gammalt?

    :)

    SvarSlett
  2. Har ein del stoff liggande frå før, så det kan hende det held. Elles kan det hende eg kjøper viss eg vil sy noko ekstra fint:)

    SvarSlett

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.