torsdag 7. april 2011

det fine med å bu ved fjorden

Ein kan sjå solnedgangen lage gjenskin på vassoverflata kvar kveld (nesten). 

Ein kan bade heile året (viss ein toler litt kulde, rett nok).

Er det kaldt nok om vinteren kan ein gå på skøyter eller berre skli rundt.

Når hauststormane slår til kan ein gå ut på parkeringsplassen og vasse blant bilar og tang og drivved som fjorden tek med seg over rekkverket.

Ein kan fiske sin eigen middagsmat (eller berre sjøstjerner, som eg pleier å få, men dei må eg hive utatt).

Ein kan dykke på vrak eller plukke kamskjel eller fange steinbit, eller berre sjå på det som finst under overflata.

Ein kan stå på vannski og (prøve å) gjere triks på wakeboard.

Og på dagar som i dag kan ein gå ned på kaia før frukost og kjenne den magiske lukta av saltvatn og kjenne lette regndropar blande seg med sjøsprøyt frå bølgjene som slår mot land. Kva skal ein med kaffi, når ein har verdas beste oppkvikkar rett utanfor døra?

1 kommentar:

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.