søndag 10. april 2011

femnullein

Levi's 501 som låg midt på golvet på min vesle loftstur i dag. Garantert ikkje tilfeldig, sidan dei sit som eit skot i vidda. Litt lange er dei, og knea er for langt nede for meg. Blir nok ein bra shorts, skal du sjå!

Føler meg ein smule ukomfortabel med åttitalsrumpe, men det er utruleg kva ein kan venje seg til, så det går vel. 

2 kommentarer:

  1. Eg for min del liker ikkje ... Kva skal eg kalle det då? Totusentalsrumpe? :p Men eg har ikkje behov for å vise verda kva truse eg har på meg heller, då. Og ulempa med lågt liv er at man viser halve rumpa når man bøyer seg ned, syns eg.

    Men bortsett frå det med knea syns eg det blir synd å lage ein shorts av dei, buksa er jo fin som bukse :)

    SvarSlett

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.