lørdag 30. april 2011

fisk

Dei to siste dagane har vore herleg sommarlege. I går hadde eg besøk av Sigrid, Elias, Yvonne og Carina, og vi kosa oss med kaffi på terrassen. Då dei var vekk hoppa eg rett i bikinien og blei der til sola gjekk ned. Tida går fort med ei god bok (for augneblenken Fakta om Finland av Erlend Loe). 
Dagens plan var eigentleg å måle litt, sy litt, og slappe av mykje. I staden vart eg med Sigvar ut på fjorden ein tur. Vi hadde fleire stopp med vafler, kvalpeleik, lambing, kaninungar og kaffi før vi i det heile kom i gang med å drage garn. Men då vi først var begynt gjekk det unna.
Ada på seks år meinte først at vi måtte kaste alt tilbake i fjorden, men då vi sa at vi skulle lage middag av fisken, ombestemte ho seg og syntest at ho heller skulle få henge dei på veggen heime. Det vart litt av ei utfordring å overtyde henne om at det beste var å kutte strupane med det same, så fiskane ikkje vart liggjande og gape etter vatn heile vegen heim.

Her fekk vi ein liten hai i garnet, og heldigvis var den heilt fin og kvikk og liten, så gleda var stor då ho fekk setje den fri sjølv (etter at vi hadde forklart kvifor vi ikkje ville ha fisk på veggen heime).
Det vart ein bra fangst til slutt, med sei, torsk og berggylte.
Då vi gjorde opp fisken i fjæra ville Ada og Era leike med restane. Dei fann småsild i magesekkane som dei mata krabbene med (katten fekk ikkje smake), og det vart eit heilt lastebillass med innvollar.
Veldig spennande og lærerikt for små jenter, og mykje god mat for heile gjengen.
God helg, alle saman!
(Og ja, eg trakka sjølvsagt i vatnet så eg blei gåande med ein våt sko i fleire timar. Kløna! No skal det fileterast til den store gullmedaljen.)

2 kommentarer:

  1. Kjempe fine solbriller! Kor har du kjøpt dei?

    SvarSlett
  2. Hehe, takk! Eg kjøpte dei på Roskilde i fjor, trur dei kosta sånn omtrent 20 kr:p

    SvarSlett

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.