fredag 8. april 2011

fredagsmorgon

Våren vil framleis ikkje vere venen min, så i dag vart eg vekt altfor tidleg til øspøsande regnvêr og eit gråkvitt lok over verda. Heldigvis fekk eg godkos før eg måtte ut og køyre, men kom likevel hutrande heim.

Frukosten vil ikkje ned, og arbeidslysta er ikkje akkurat vanskeleg å halde unna. Då er det fint å starte med te i kinakopp og Illustrert Vitenskap som nokon har gøymt unna til meg.
Og for dei som lurte på det: Ja, eg har eit kaffikompleks!

Eg synest det er irriterande at det å takke nei til ein kopp kaffi ofte blir oppfatta som uhøfleg, sjølv om ein ikkje krever/spør om å få noko anna. Og når ein ikkje blir teken for å vere frekk, så får ein i alle fall alltid høyre "Drikk du ikkje kaffi?!" som om det er ei slags synd. Eller dei seier noko som får det til å høyrest ut som eg er eit barn av di eg ikkje likar det. Så lenge eg ikkje blandar meg opp i kor mange koppar andre drikk per dag, så treng ikkje alle andre å bry seg med kor få koppar eg drikk.

Og grunnen til mitt (stort sett totale) kaffiavhold?
Eg synest ikkje at det smakar godt.
Eg klarer fint å få kroppen og sinnet til å vakne utan koffein.
Eg likar ikkje lukta.
Eg synest det gir dårleg ande.
Det misfargar tennene (og mine er rare nok frå før).
Det kostar mykje pengar å drive og kjøpe det på kafe osv, og då kan eg like gjerne kjøpe kakao eller anna godt, for eg har ikkje kaloriangst.

Nei, takke meg til fønikste (eller mint, sånn eigentleg. Men føniks er utanpå).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.