mandag 2. mai 2011

jordmor sol

I går kveld fekk eg vere med på lambinga hjå Sigvar og dei. Tidlegare har eg berre fått helse på dei ferdig utkomne lamma, men i går var det fleire undervegs då eg kom på besøk. For det meste greier sauene seg fint på eiga hand, og vi treng berre å sjå til at lamma får puste, og at ikkje nokon sit fast. Eg vart fascinert av denne tøffingen frå i forgårs:
Kvit, med svart andlete, føter, anklar og rumpe. Diverre meinte visst også mora at denne var tøffast, for den heilt vanleg kvite systera (til høgre her) ville ho ikkje ha. Åh, eg skulle gjerne hatt ein hage no så eg sjølv kunne teke til meg eit flaskelam. 

Litt utpå kvelden vart det tydeleg at noko ikkje var heilt som det skulle med den eine søya. Ho hadde hatt rier lenge utan å få ut noko anna enn vatn og blod. Dermed ...
... måtte eg hjelpe til. Stikke handa inn og kjenne etter om alt var som det skulle.
Det var ganske mykje lettare sagt enn gjort, ettersom eg ikkje heilt visste korleis innsida av ein sau skal kjennast ut. Dessutan er det ganske trongt inne i ein kropp som er full av andre kroppar (eh). 

Men så fekk eg tak i eit bakbein. Det er meininga at hovudet til lammet skal kome først, så når lamma ligg feil veg er det ikkje alltid lett for søya å få ut noko som helst. Men alt går betre med litt hjelp.
Eitt bakbein og ein halv kropp er ute, og då går resten som ein leik.
Slim og griseri må fjernast frå ansiktet.
Og med vesle Sol (for det vart namnet!) ute av vegen tok det ikkje lange stunda før ho fekk selskap av ein bror og ei syster. 
Og gjett om eg var nøgd! 

I mine auge er lambinga i seg sjølv ein fantastisk prosess, der det nye livet kjem til om våren, og eg er utruleg glad for at eg fekk hjelpe til på verkeleg nært hald. Det er spesielt!

Kva er di beste våroppleving?

2 kommentarer:

  1. Å sjå noko komme til liv er utruleg fasinerandes! For eit par år fekk eine hunden vår kvalpa og eg såg på heile fødslen og det var veldig spennandes og kjekt! :)

    SvarSlett
  2. oooj kan tänka mig att det är väldigt speciellt!

    SvarSlett

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.