mandag 23. mai 2011

sei hei til pondus

Pondus er 6 år og i nærleiken av 9 kg.
Til dagleg er han mykje ute, der han jaktar på fuglar og mus og rullar seg på fortauet. Når han er inne likar han best å ete og sove.
Han er også ein skikkeleg kosepus. Svært kontaktsøkande og sosial.
MEN, der er eit men. Og det er eit stort men!
Pondus er nemleg ganske farleg. Sjølv om han kjem til deg og vil ha kos, og han legg seg på fanget ditt for å kose, så kan han plutseleg, heilt utan forvarsel, hogge til. Det har fleire gonger vore nære på at vi har blitt sitjande med klør eller tenner i eit auge. Seinast i forgårs fekk mamma pierca augebrynet av ei av Pondus sine sylskarpe klør. Han legg ingenting imellom, og skiljer ikkje barn frå vaksne.

Difor lever han på lånt tid. Han er ei godpus, men med eit lynne som er så uforutsigbart kan vi ikkje ha han lenger. Utanfor huset vårt går det stadig folk forbi, og det er berre eit spørsmål om tid før han går til angrep på eit lite barn som trur at han berre vil kosast.

Han kunne sikkert fått det fint på ein aude gard med berre vaksne folk og mus, men det har vist seg å vere nærast umogleg å gje vekk ein slik pus, og då ser vi inga anna løysing enn avliving. Det er synd, men alt i alt er det nok det beste.

4 kommentarer:

  1. Åh, så trist =/ Største og finaste katta jeg har sett <3

    SvarSlett
  2. Eg elska Pondus jo!

    SvarSlett
  3. Kanskje han har vondt ett sted? Sånn at om noen kommer borti det vonde så blir han sint å biter/slår. Håper alt ordner seg for "lille" Pondus. :)

    SvarSlett
  4. Anonym: Ja, vi har tenkt på det, men verken vi eller dyrlegen har greidd å finne noko feil, og dessutan kan han gjere sånn sjølv om vi eigentleg ikke tek på han i det heile (altså at han berre ligg og kosar).

    SvarSlett

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.