mandag 9. mai 2011

ven

Eg skulle jo verkeleg ha teke bilete, men slik vart det berre ikkje. 
Etter at eg hadde brukt heile dagen på å vere slapp og lei meg og giddalaus og teit fekk eg besøk. Først kom Jan Håvar, som blei med på å ete taco med pappa og veslebror og meg og eit lite glas vin eller to eller tre. Så kom Sam André, som var kakemett og hadde med seg både Kristian og Ingvild som overrasking. Etter kvart dukka også Sigvar og Bård opp, og plutseleg hadde eg eit heilt lite selskap heime hos meg sjølv.

Vi tok plass på terrassen og eg pynta litt med markblomsterbukett som Sigvar hadde med og ei fin lykt som lyste opp når det mørkna. Sigvar meinte eg hadde truffe nåla i høystakken med konfirmantpresangen min, og sjølv om eg trur han kanskje sa det litt på tull, så vart eg glad for å høyre det (det var forresten eit album som eg hadde teikna ei søt teikning i og pynta bittelitt, og ein pakke med nydeleg Pukka-te). 

Og vinen gjekk ned på høgkant heilt til vi til og med gjekk ut. Eg pleier ikkje å gå ut særleg ofte, eller eigentleg nesten aldri. Men det vart kjekt og minte meg om sommaren 2009 som var fin. 

Det vart til at både Siggen, Sammen og Jan Håvar vart med heim på nattmat og nattdiskutering av ting som vi alle trudde vi hadde peiling på, og eg hugsar berre sånn passe at eg la meg til å sove. 

Frukosten inntok vi på terrassen og eg har tenkt mykje i dag, på kor glad eg er for at eg har vener som likar meg for den eg er og ikkje tenkjer så mykje på kva eg burde gjere annleis. 

Dagens planlagde fjelltur vart skrinlagd til fordel for sommaridyll på Taklo. Eg fekk vase rundt berrføtt i kjole utan å tenkje på kor skitten eg vart av å leike med små kvalpenøste. Vi mata flaskelam og gjekk på sommarfugljakt med insektbok i handa. Siggen fann ei død mus i oppvaskkummen sin (det har eg faktisk bilete av) så vi bestemte at det er på tide å få på plass ein ny gardskatt.

Resten av dagen blei lakrisis i sola før eg fekk vere litt med ein som kunne kose og vere god sjølv om eg var blitt trøytt og sur. 

Så no er det berre om å gjere å vere aktivisert. To dagar skal eg klare.

Korleis har dykkar helg vore?

4 kommentarer:

  1. Helga mi har vore sånn som helgene mine pleier å vere: rolege. Eg har vore ålene heile helga. Sidan varmen er komen, har eg vore ute på kveldstid. Site nede ved fjorden og lest. Rydda vekk rekved. Eg blir aldri ferdig med å rydde i fjæra. Og så har eg lagt meg rett ned i sanden, lukka augene og slappa av. ^^

    SvarSlett
  2. Såg i isbilreklama at der va komt lakrisis og eg tenkte "øøøh, spesielt".
    Men den e altså god?:p

    SvarSlett
  3. Hehe, no har ikkje eg smakt Isbilen sin då, men Dream-isen (altså sånn yoghurtis på boks frå matvarebutikkane) e faktisk heilt amazing!

    SvarSlett

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.