onsdag 25. mai 2011

vesle postkasse på veggen der

Takk for hentelappen i dag!

På postkontoret fann eg ein fin liten pakke frå Luscious Leather NYC, som eg fann på Etsy. 
Mitt eige, fine, handlaga dagboketui i ekte skinn!
Med ei lita helsing på gul lapp og den fantastiske lukta som berre nytt skinn luktar. Og blanke linjer som skal fyllast med tanketøv og skribleri skriblera. 

Då måtte eg late som sommaren var her og ta på meg sommarkjole sjølv om det eigentleg er kjempekaldt og vått ute. 
Og det bles oppunder kjolen så ein får gåsehud. 
Mercedes fekk også vere med, men ho ville inn att allereie før meg. 
Kjolen er i herleg silke-ullblanding og vart kjøpt i ei bod på Roskilde Festival i fjor sommar. 

Kva synest du?


3 kommentarer:

  1. Så kult! Skulle gjerne hatt en sånn sjøl. Men nå har jeg så mange spesielle og rare bøker at jeg tror jeg må fylle ut de først, hehe.

    SvarSlett
  2. Haha, det e sant!:p
    Og eg som sa at eg ikkje likte å bruke masse penga på sånne bøke. Dinna her vakje så billig at det gjorde nåke, for å sei det sånn!:p

    SvarSlett
  3. Jeg synes du er fantastisk, det synes jeg.

    SvarSlett

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.