søndag 19. juni 2011

sundag.

Korleis er det meininga at ein skal klare å vere inne og pakke (eller blogge, for den del), når verda har så mykje kjekt å by på utandørs?

Helga har vore fylt med turar på Lidasætra, hundeleiking og ein noko ufrivilleg roadtrip til Svelgen. I går kveld sto vi i to timar og sette agn på line, før vi sette garn og liner i kveldssola. 

Og eg berre seier det: det finst ingen verdas ting som er som å stå opp grytidleg og leggje ut på ein spegelblank fjord med gode vener. Å drage garnet medan sola står opp og gradvis varmar meir og meir til ein må ta av regnjakka og deretter strikkagenseren. Alle følgjer spent med på kva som nærmar seg nede i vatnet og ein bannar i kor når fisken slit seg eller jublar når ei stor og flott kveite veltar over ripa. 
Vi fekk torsk, lyr, sei, kveite, massevis av sjøstjerner, flyndre, krabbe, knurr og dessutan ei skate (det har eg aldri fått før), men ho var lita og fekk sleppe utatt. 

Sjølv om vi var utpå enda tidlegare enn vi hadde planlagt, så enda eg med å kome heim så seint at eg hadde knapt førti minutt på meg til å gjere meg klar for Annika sin barnedåp. Eg stressa rundt på leit etter undertøy, bunadskjorte som aldri dukka opp, kjole, hårfønar sko og alt anna som ein eigentleg burde ha klart dagen før. Men eg rakk det, og fekk æra av å vere ein slags fotograf for dåpsfølgjet. Så nydeleg!

No skal det setjast garn på nytt før resten av dagen blir kos og glede for Thomas er 31 år i dag. 

Gratulerer med dagen, Thomas!<3

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.