søndag 31. juli 2011

oppskrift på sommarglede

1. Start med ei stykk farmorskål med rosemotiv eller anna fint på.
2. Ta med ein stykk bestekompis opp i skogen.
3. Plukk massevis av blåbær og plasser i farmorskåla.
4. Ta deg ein tur langs skogsvegen, og plukk alt du kjem over. Spesielt villbringebær og markjordbær. OBS! Husk å sjå deg for, brennesle på nakne leggar er ikkje kjekt!
5. Nyt synet, og gjer akkurat kva du vil med bæra.

Sidan Thomas er og har vore på utdrikningslag i heile dag valde eg å plassere mine i frysen (spreidd utover så dei ikkje frys saman til ein kompakt klump). Der kan dei liggje, og så kan eg til dømes lage supersmoothie til frukost i morgon, og noko skal sparast til ein fantastisk blåbærpai. 

Tenk at vi berre kan gå utfor døra og finne så fantastisk gode ting og fine opplevingar, heilt gratis.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.