onsdag 3. august 2011

der store fjell står planta

Innflyginga til Sandane lufthavn må vere ei av dei vakraste i landet.
Gjennom lett skydekke får ein sjå majestetiske fjell, grøne fjordar, ein blå og mektig isbre og fossande elvar som slyngar seg gjennom dalar og utfor klipper. 
No er det vel heller sjeldan at vêret er så bra som i dag, men når det er det - då er det ei magisk utsikt som møter dei som tek turen til Nordfjord. 

Eg elskar dette landet. Kven bryr seg om litt sommarregn når ein kan nyte frisk luft og fantastiske fargar kva dag som helst?

PS: Bileta er tekne med mobilkamera, og difor ikkje av den beste kvaliteten. I røynda er synet så fantastisk at det nesten er verd å kjøpe ein flybillett berre for å få sjå dette!

1 kommentar:

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.