tirsdag 16. august 2011

skulestart

Etter svært lite søvn natt til måndag sto eg opp grytidleg og tok turen til sentrum saman med "m brella"-en min.
Sidan eg var tidleg ute gjekk eg heilt frå Jernbanetorget til veterinærhøgskulen. Så lenge eg gjekk, og av og til måtte sjekke kartet for å vere sikker på at eg ikkje hamna feil, følte eg at eg hadde kontroll på nervane. Men plutseleg var eg framme. Inne i gangen var det allereie kome litt folk, og eg følte meg som ein raring som ikkje turde å seie noko meir enn "hei", medan dei andre allereie sto og prata og vart kjende med kvarandre.

Etter å ha lest informasjonsarka vi fekk utdelt minst fjorten gongar var det plutseleg ei som introduserte seg for meg. Eg introduserte meg tilbake, men etterpå vart det berre enda litt kleinare, for då måtte eg plutseleg engasjere meg i deira samtale utan å ha noko å seie. Åhh, som eg verkeleg ikkje saknar den same perioden frå i fjor. Plutseleg blir eg ein måpete, dustete, asosial raring som ikkje klarer anna enn å smile bittelitt. 

Og så kjem massevis av trøytt info om mykje rart med kjempeengasjerte fadderar som prøvar å få ti flaue og sjenerte ferskingar (eller "larvar", som vi heiter på NVH) til å stille spørsmål og vere normale. Eg greier berre ikkje å vere normal, eg. Konstruerte situasjonar der det er forventa at ein skal vere kjempeinteressert i alt dei andre tenkjer og meiner og har gjort sidan dei var tre år gamle får det til å knyte seg i meg!

Eg likar eigentleg å bli kjend med folk, det er ikkje det. Eg vil berre at det skal skje i eit naturleg tempo, etter kvart som ein har fått orden på informasjonskaoset som regjerer i hovudet dei første dagane. Det evinnelege maset om at fadderordninga er den magiske porten til evig sosial suksess gjer meg nesten irritert, både på eigne og andre sine vegne. 

Eg er verken asosial, arrogant eller mindre intelligent. Eg synest berre ikkje at det er kjekt å bruke to veker på å bli blakk, sliten, røpe pinlege løyndomar og springe rundt i Oslo med munnbind til BH. Venskap blir det når eg er klar for det, og då blir det på ordentleg. Så kaotisk som eg har det på innsida akkurat no, må eg berre få lov til å vere tilbakehalden i nokre dagar.

Men gjett kva. Eg er veterinærstudent!

1 kommentar:

  1. Jeg er helt enig, har aldri klart å delta på det rotteracet.

    SvarSlett

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.