mandag 31. oktober 2011

fiks: strømpestopping

Litt inspirert av Nøstebloggen sitt innlegg om ullvøl har eg dei siste dagane teke fatt på reparering av strikkaplagg. Sidan eg stoppa massevis av strømper i fjor har eg eigentleg ikkje så mange holete par att, men strømpestopping er veldig uproblematisk og greitt (fargen kan jo like gjerne kræsje fullstendig med strømpa og det kan likevel sjå artig ut, og dessutan skal dei for det meste nedi skoa). Etter litt prøving og forsking frå fjoråret synest eg dessutan at eg har ordna meg grei teknikk på sakene.

Som nokon av dykk kanskje veit frå før er det vanleg å "veve" att hol på til dømes strømper. Det blir ei tett og rimeleg slitesterk stopping som ofte forlengar strømpa si levetid med minst ein sesong (dette kjem sjølvsagt an på garntype og brukstype, men poenget er at dei varer mykje lenger med ein liten arbeidsinnsats). Då kan det sjå omlag slik ut:
Bakpå hælar slik som her blir det ofte ikkje noko hol med rette, fine kantar der det som er rundt holet er heilt fint. I staden får ein eit ganske stort område som er tynnslite og samantova etter å ha blitt gnidd mot hælkappene i skoa (skulle hatt før-bilete her!). Difor følgjer eg ikkje heilt same prosedyre som stoppeguiden på Nøstebloggen, og det ser kanskje litt meir rotete ut.

Eg let holet vere som det er,med tynnslitne masker på ganske store område (heile strømpehælen har forma seg godt etter foten min). Dersom der er nuppar får saksa ta dei, men alt som er strikka frå før får vere der. Så startar eg i ei side og følgjer strikkeretninga fram og tilbake, ei renning per strikkemaske. For kvar gong syr eg meg gjennom det tynnslitte til tråden blir forankra i "friskt" strikk. Slitinga er litt ujamn, og stoppinga blir dermed heller ikkje firkanta eller sirkulær, som de kan sjå.

Der det har vore skikkeleg hol vevar eg deretter på tvers av renningane, medan det i dei tynne områda ofte er nok at tråden er sydd inn berre den eine vegen. Når eg gjer det slik blir det ikkje store skilnader i tjuknad, og det gamle grå garnet er godt forankra innover i stoppinga. Dette raude garnet var ganske tjukt (kanskje tjukkare enn det grå har vore), men etter å ha blitt trakka på ei lita stund er det umogleg å merke, og stoppinga er tett og like fleksibel som resten av strømpa. Fargen kan ein sjølvsagt gjere lik eller ulik strømpa, men som sagt synest eg det er kjekt med litt farge, og det viktigaste er jo at det er eit garn som toler litt slitasje.

I morgon skal vi over på litt finare vøling, og noko som eg eigentleg var veldig spent på om eg kom til å få til. Stay tuned!

Forresten så ønskjer eg meg ein stoppesopp! Nokon?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.