søndag 11. desember 2011

årets til/frå-lappar

Eg har ikkje for vane å kjøpe klistrelappar med rare nissar eller yndige englar. Anten skriv eg rett på pakken, eller så lagar eg noko sjølv. Nokre år resulterer det i forseggjorte og tidkrevande, flotte kort, men denne gongen har eg gjort det enkelt:

1. Finn eit papir som har passande motiv. Det kan vere serviettar, utklipp frå blad eller bøker, eller restar av gåvepapir. Eg rulla med meg ein liten bit gåvepapir sist eg handla på Europris. Klipp ut motiva du vil bruke:
 2. No treng du ein bit papp. Det blir finast om den er einsfarga kvit på den eine sida, men min var gråbrun, og det vart fint det òg. Bruk ein limstift, og stryk motiva dine fint utover på pappen (ikkje på den fine sida):
3. Og så er det berre å klippe. Det er greitt å ha ei god saks, for hendene kjenner det godt...
4. Bruk holmaskin eller liknande og heng korta på passande presangar. 
Her i huset lagar vi ikkje firkanta pakkar dersom ting ikkje er firkanta av seg sjølv (litt av sjarmen!). Og så har eg brukt garn i staden for plastikkband. Man tager vad man haver. 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.