tirsdag 27. mars 2012

skulekvardag

Livet går vidare etter endå ein eksamen. Nemnde eg forresten at eg sto på den eg hadde i Februar? Det gjorde eg, i alle fall, sjølv om det ikkje akkurat var med god margin. Denne gongen (som var sist fredag) gjekk det litt betre. Kryssar fingrane for at magekjensla mi er til å stole på!

No er vi i gang med anatomi og fysiologi. Det er to enormt store fagområde, og det er sinnsjukt mykje å hugse på. Ein kan kvelast av mindre... 
Denne veka handlar det om rørsleapparatet og nervesystemet. Var det nokon som sa "mjuk start"? Her driv vi for all del ikkje med slikt! Det går med ørten tusen kroner i lærebøker, flashcards og anna skuleutstyr, i tillegg til ein og annan rygg som ikkje lenger taklar å bere rundt på eit tonn kvar dag. 

Rørslesystemet er førebels det mest interessante, for der handlar det om ting som vi kan sjå og forstå mekanismane bak (i alle fall viss vi kuttar litt i nokre kroppsdelar). Knoklar, musklar, sener og ligament har nokonlunde logiske namn, og det er lett å bruke sin eigen kropp som referanse. 

Nervesystemet, not so much. Eg klarer i alle fall ikkje å sjå på det som heilt enkelt og greitt at stimuli skal forårsake eit aksjonspotensiale som deretter skal utløyse ein respons. Det er så jækla smått, og samtidig så stort og viktig. 

Ikkje minst hadde det vore innmari greitt om dyra berre kunne vore litt likare kvarandre. Det er faktisk nok anatomiske og fysiologiske finurligheiter å bryne seg på i éin art, om vi ikkje skal vere nøydde til å lære variasjonane mellom ulike artar i tillegg. 

Jaja, eg får då utvikla *kremt* kunstnarferdigheitene mine!
Eg er eigentleg ganske nøgd. Øvst til venstre har vi skulderbladet (scapula), sett frå utsida (lateralt) og frå innsida (medialt). Nede til venstre har eg teikna overarmsknokkelen (humerus) bakanfrå (caudalt) og framanfrå (cranialt). På høgre arket ser vi lårbeinet (femur) cranialt, caudalt og lateralt på rekka oppe, og nede er eg godt i gang med dei to beina i leggen (tibia og fibula) lateralt, cranialt og caudalt. (Dette er forresten frå ein hund.)

Verri intressting, går eg ut ifrå. Ja, no veit de i alle fall sånn omtrent kva eg har å stri med. Håpar alle har ein strålande vår!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.