torsdag 24. februar 2011

kvardagssmil


Eg sit åleine heime i stova og nyt ein kopp te og den nyaste utgåva av Illustrert Vitenskap medan eg høyrer at vinden bles rundt hjørna her. Kroppen er sliten etter ein lang dag på jobb, men det skal eg ikkje klage på. Det siste eg fekk høyre før eg gjekk heim i dag var nemleg at eg er uunnverleg, og så fekk eg eit handtrykk og ein klem. Det er heilt sjukt kor fint det er å få vite at ein blir sett pris på! 

Sidan eg har fantastisk mykje pågangsmot i dag så skal eg prøve å få gjort så mykje som eg berre kan på oppussingsprosjektet mitt, slik at eg kanskje moglegvis kan ha overnattingsbesøk i natt. Det hadde vore heilt topp. 

Hugs på kor enkelt det er å gjere nokon sin dag betre (og kanskje til og med fantastisk). Vis at du er glad for at dei er der!

Har du sagt noko fint til nokon i det siste? Kva, og til kven? 

2 kommentarer:

  1. Eg seier aldri noko fint til nokon bortsett frå til barn, for dei er ikkje så kritiske som oss vaksne. Eg seier ikkje fine ting for å vere snill. Det må vere sant. Elles droppar eg det berre. Men eg seier fine ting til meg sjølv, f.eks. "Eg er glad" når eg kjenner at eg er glad. Eller eg kan seie "Takk for denne dagen!"
    Bum

    SvarSlett
  2. Det er synd at det skal vere så vanskeleg å gje nokon ein kompliment. Men ja, vaksne seier ofte berre "nei, herregud, det er eg då ikkje!" eller så snur dei seg vekk og ser ned og lét som dei ikkje høyrde noko.

    Og eg meinte absolutt ikkje at ein skal seie fine ting til andre berre for å seie noko fint. Berre at folk må bli flinkare til å seie det høgt når dei merkar at dei synest nokon er flinke. Då blir folk kanskje flinkare til å ta til seg dei fine tinga og.

    SvarSlett

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.