tirsdag 8. mars 2011

haustvår

Akkurat no er det nesten som haust. Det regnar og blæs og eg håpar eigentleg berre at det skal regne meir og blåse kraftigare slik at bølgjene kjem opp på vegen og legg ifrå seg tang og drivved og slike ting som luktar godt når ein går ut og ser på kor bra stormen var. Og noko av det beste med ein skikkeleg storm er når mamma og eg tek på regnkle og altfor store støvlar og går ut for å vasse på parkeringsplassen, og mamma synest eg går for langt ned mot vatnet sjølv om ho eigentleg har kjempelyst å gå så langt sjølv.

Så kan vi kome inn og vere så kalde og våte på kinna og nasa at det einaste som hjelper er å drikke te og strikke sokkar, og så gjer vi det òg. Etterpå er lufta så frisk og nydusja at det finst ikkje maken.

Utanom det så har eg bestilt meg eitt stykk hjartemagasin i dag, og det vil eg gjerne oppfordre alle som lengtar etter noko fint til å gjere. Mariell (altså ho som lagar bloggen eg linka til og magasinet) er nemlig heilt utruleg flink til å skrive og ta bilete som skaper ei sånn roleg og god stemning. Nesten så ein blir litt forelska sjølv om ein ikkje eigentleg er forelska i nokon.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.