onsdag 9. mars 2011

tanketøv

I går kom den kjensla snikande igjen. Den som seier at eg ikkje er bra nok, ikkje original nok, ikkje snill nok, ikkje sosial nok, ikkje morsom nok, ikkje interessant nok og sikkert tusen andre ting. Kort sagt den kjensla som lagar ein tung klump i magen og halsen og får meg til å ikkje tore dei tinga eg eigentleg har bestemt meg for.

No er det om å gjere at den ikkje får ta overhand. Eg har vore så flink dei siste vekene, til å ha trua på meg sjølv og å gle meg til ting og å glede meg over kvardagen.

Så eg håpar at dette blir ein ny fridag, så eg får tid til å gjere bra ting. Som til dømes å plante jordbær i mamma sine gamle tekanner og lese Grand Manila og strikke raude sokkar. Og så skal eg gå og gje ein klem til han som låg der og smilte til meg i dag tidleg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.