onsdag 2. mars 2011

onsdag

Finevêret som besøkte oss tidlegare i dag har visst teke kvelden. No høljar det ned, og eg håpar regnet vaskar vekk resten av isen i gatene her. Og så er det jo ganske koseleg å høyre det tromme på taket når ein skal sove om kvelden. 


Då sola framleis varma litt rakk eg å sykle ei lita runde med den gamle bysykkelen til mamma. Den er blå med bagasjebrett og korg på styret (anskaffa etter at biletet vart teke), og gav meg verdas beste vårkjensle då eg sat og fikla for å få sykkelpumpa til å fungere. Viss det er opplett i morgon skal eg sykle til jobb slik at eg kan sykle heim i solskin!

Elles i dag har eg vore på skatteleiting i garasjen og på loftet. Eg blir aldri lei av å rote rundt i dei gamle sakene våre, og til sommaren skal eg sortere alt og kanskje lage loppemarknad. I dag var eg på jakt etter nokre spesielle greier som eg hugsar frå gamlehuset vårt. Sjølvsagt fann eg ikkje akkurat dei tinga, men eit par kjolar, nokre tekanner og eit par søte vasar fekk bli med inn til meg. Bilete får de seinare når alt har fått ein grundig vask. 

No skal det etast gulrøter og paprika med røme.


Nam!

2 kommentarer:

  1. Å, jaja, vi får se om jeg liker Salt da :-) Jeg er jo "mindfuck-fan" så det holder, og de må jo imponere meg litt.

    Loppemarked er kos! Ogsåå.. Paprika og gulrot med rømme? Har jeg aldri tenkt på før, hehe.

    SvarSlett
  2. Tusen tack för dina fina ord hos mig. De värmde i den svåra stunden! och jag hoppas som du, att regnet sköljer bort all snö snart. Kram

    SvarSlett

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.