Tidenes kortaste arbeidsdag, etterfulgt av ein finfin spasertur i perfekt vårvêr. Sola skin, og samtidig blæs det så ein glepp inngangsdøra når ein åpnar den. Då er det fint å sitje inne og kjenne varmen i solstrimane frå vindauget medan ein høyrer vinden utanfor.
Karsen som eg planta i går har allereie begynt å spire, og det luktar heilt himmelsk! Eg gler meg til det blir ei grøn seng av karse oppi roseboksen min. Om ikkje så lenge skal eg plante paprika og markjordbær òg, i fine blomsterkrukker og kanskje nokre tekanner.
Men no er det på tide å måle soveromsveggar. Eg har ikkje bestemt meg for kva farge eg skal bruke enno, men lyst og fint skal det i alle fall bli.
Det er vår, folkens!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.