søndag 3. april 2011

paris - dag to

Dagen starta med avocado og eit smørbrød som ikkje var godt (så då åt eg heller mørk appelsinsjokolade for det var mykje betre). Eg tok på marineblå strømpebukse og stripete kjole og brune sko og følte meg fin. Så gjekk eg ut og til Sacre Cœur ein gong til. Eg gjekk ein annan veg enn sist, og fann endå meir fint, slik som vaktfuglar ved porten til ein hage på omlag to kvadratmeter.
Då eg kom opp på høgda ein gong til vart eg møtt av tiggarjenter som lét som dei var døve og ville ha pengar til ein "organisasjon", og som tok tak i armen min då eg prøvde å gå vidare. Då var det like før eg kjefta skikkeleg, og eg vart gretten heilt til eg plutseleg var på stoffmarknad (Saint-Pierre).
Der var tyll og alle slags stoff i alle slags fargar, og eg ønskte meg masse pengar og bagasjeplass. Fine butikkar med alt ein kan tenkje seg til handarbeid. Eg kjøpte to fargerike stoffstykke med blomar på
og ei bok med steg for steg og masse tips på fransk
Ein butikk hadde dukker i halv storleik med alle slags kle på, frå brudekjolar 
og ballkjolar
til kvardagsantrekk.
Og alle slags stoff kunne ein finne der til ein rimeleg penge. Eg helsa litt på duene før eg gjekk vidare for å treffe Sonja og Henrik.
Dei budde langt nord i byen, og det tok meg nesten ein time å spasere dit, pluss at eg snudde kartet feil ei stund så eg plutseleg var ved Sacre Cœur endå ein gong. Då sukka eg tungt før eg gjekk ned att dei trehundre trappetrinna. Heldigvis hadde eg god tid, og eg sette meg i ein park og såg på menneska medan eg åt godteri.
Då Sonja og Henrik kom gjekk vi på brasserie og åt trerettars med salat, kylling og crème brûlée før vi tok metro til toget deira og dei forlet Frankrike. Eg gjekk opp på overflata og snubla inn på ein butikk med alt mogleg i. Sjølv om kofferten min var full kjøpte eg både ei uglesmekke
gåveposar i friske fargar
og nokre fine trefigurar.
Medan eg rota rundt for å finne vegen til ein metro som gjekk tilbake til hotellet mitt byrja det å regne. Eg var utan paraply men det var greit i byrjinga. Så blei det skikkeleg regn, og då eg omsider var framme ved Concorde såg eg slik ut
og verda var slik
Då var det fint å kome tilbake og ete kvelds på senga i berre trusa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

alt er mogleg. det umoglege tek berre litt lenger tid.